Hopp til innhold

44 arresterte i aksjon mot Mafia Capitale

Det italienske spesialpolitiet mot organisert kriminalitet, Ros, arresterte i dag 44 personar for tilknyting til eit mafianettverk i hovudstaden Roma. Blant dei arresterte er ein regional leiar i Berlusconi-partiet Forza Italia.

Massimo Carminati blir ført bort av politiet.

Dette er mannen politiet meiner har vore leiaren for Mafia Capitale, Massimo Carminati. Han vart arrestert av spesialstyrken Ros i desember i fjor.

Foto: Ap

Mafianettverket i Roma, som blir kalla Mafia Capitale, vart avslørt i desember i fjor . Då vart leiaren, den einøygde eks-terroristen Massimo Carminati, og hans nære medarbeidar Salvatore Buzzi, arresterte saman med blant andre ein tidlegare borgarmeister i Roma.

Ros meiner at dei som vart arresterte i dag, høyrer til det landsomfattande nettverket til Carminati og Buzzi. Blant dei arresterte er Luca Gramazio, tidlegare leiar for Berlusconi-partiet Forza Italia si avdeling i regionen Lazio. Han er blant anna sikta for å ha vore bindeleddet mellom Mafia Capitale og korrupte politikarar og næringsdrivande.

– Falske tilbodsrundar

Salvatore Buzzi.

Politiet meiner at Salvatore Buzzi var nestleiaren i Mafia Capitale. Han vart også arrestert i desember i fjor.

Foto: - / Afp

Dei 44 som vart henta inn av spesialpolitiet i dag er sikta for økonomisk kriminalitet av ymse slag, som mutingar, rigging av falske offentlege tilbodsrundar, utsending av falske fakturaer, svindel og samarbeid med mafiaen.

Politiet meiner at Mafia Capitale har sikra seg kontrollen over blant anna selskapet som skal sørgje for bustader til flyktningar og asylsøkjarar i Roma, og så tappa selskapet for pengar. Ros meiner grupperinga også har hatt kontroll over søppelhandteringa i den italienske hovudstaden, samt selskapet som har ansvaret for vedlikehald av parkane i byen og bygging av sykkelvegar.

Spesialpolitiet meiner også at Mafia Capitale har hatt kontroll over viktige funksjonar i administrasjonen i regionen Lazio.

Arrestasjonane i dag vart gjorde fleire ulike stader i Italia, og fleire politikarar og offentlege tenestemenn i Roma og Lazio er blant dei som no er i spesialpolitiets varetekt.

Sjokk og sinne etter mafia-avsløringar

Prestisjetung æresmedalje til drapstrua journalist

Glad borgarmeister

Ignazio Marimo er borgarmeister i Roma.

Borgarmeisteren i Roma, Ignazio Marino, forsikrar om at ingen i hans administrasjon er blanda inn i Mafia Communale-skandalen.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Borgarmeisteren i Roma, Ignazio Marino, seier i ein kommentar at han er glad for at politiet har teke tak i saka. Han seier også at han støttar granskinga av tidlegare borgarmeistrar og deira administrasjonar, og at den noverande leiarskapen i Roma ikkje har noko med dette å gjere.

– Vi har endra heile systemet, seier Marino til det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Mannen politiet meiner er leiaren for Mafia Capitale, Massimo Carminati (57) har ein spesiell bakgrunn. Han har mange kallenamn, slik som «Kongen av Roma», og ha er kjend for ein ekstravagant livsstil med dyre klede, flotte bilar og ei verdfull kunstsamling.

Han var på 1979- og 1980-talet medlem av den revolusjonære høgreorienterte gruppa Nuclei Armati Rivoluzionari. Dei var blant anna blanda inn i bombeangrepet mot jernbanestasjonen i Bologna, der 85 menneske vart drepne.

– Var alltid klar

Ein av dei som vart dømde for ugjerninga, Valerio Fioravanti, seier om Carminati at han «alltid var klar til å bortføre nokon, å utføre mord, å delta i narkotikakriminalitet eller utpressing».

Fleire tidlegare kollegaer, som no har vorte informantar for politiet, har peika han ut som ansvarleg for fleire drap, men han har aldri blitt dømt for det.

SISTE NYTT

Siste nytt