Hopp til innhold

Skipsreiar Herbjørn Hansson om Nordaustpassasjen: – Dette er heilt uaktuelt

– Den nordlege sjøruta gjennom Nordaustpassasjen er ikkje noko realistisk alternativ til Suezkanalen. Det seier toppsjefen i Nordic American Tankers, Herbjørn Hansson.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Då Suezkanalen var blokkert i ei heil veke i mars, var Russland raskt på banen og slo eit slag for den langt kortare sjøruta gjennom Arktis.

Russarane bruker store summar på å utvikle denne transportvegen til å bli attraktiv for internasjonal skipsfart. Mindre is i Arktis har gjort det enklare å ta seg fram her, og nye, kraftige isbrytarar er klare til innsats, for å sikre trygg transport.

I dag går mesteparten av godstransporten mellom Asia og Europa gjennom Suezkanalen. Men på strekninga mellom Yokohama og Rotterdam er det nær 15 dagar å spare dersom ein vel alternativet gjennom Nordaustpassasjen. Avstanden er ca. 40 % mindre.

Men samtidig som drivstoffutgiftene i utgangspunktet er lågare, må reiarlaga ta høgde for store ekstrautgifter i nord.

Isbryter i nord

Russiske isbrytarar er avgjerande for skipstrafikken gjennom Nordaustpassasjen.

Foto: Motion Array

– Politisk umogeleg

Søndag fortalde NRK Dagsrevyen at direktør Jan-Gunnar Winther i Senter for hav og Arktis meiner norske styresmakter må komme langt sterkare på banen i arbeidet med å utvikle den nordlege sjøruta.

Statssekretær Audun Halvorsen (H) i Utanriksdepartementet svarte at norske styresmakter er godt oppdaterte når det gjeld skipsfart i Arktis, og har tett kontakt med næringa. UD finansierer analysar av trafikkutviklinga i nord og vidareutviklar regelverket for skipsfart i norske farvatn, blant anna gjennom forslaget om tungoljeforbod for skipstrafikk rundt Svalbard. Men Halvorsen utelukka ikkje at det kan bli aktuelt med ei ekspertutgreiing, slik Winther tok til orde for.

AN0A8-aE5sI

Herbjørn Hansson har lita tru på skipstrafikk gjennom Nordaustpassasjen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Herbjørn Hansson er styreleiar og dagleg leiar i Nordic American Tankers (NAT), eitt av dei største tankreiarlaga i verda. Han seier følgjande om sjøruta nord for Sibir:

– Eg meiner det er politisk umogeleg å bruke denne ruta.

– Korfor det?

– Russland ser på Vesten som sin største fiende. Eg kan aldri tenkje meg at dei vil ha den største fienden sin rett utanfor kysten.

Hansson meiner det er svært store utfordringar med skipstrafikk her.

– Skulle vi sende skip gjennom desse farvatna, ville det krevje assistanse frå russiske isbrytarar. I ti dagar ville vi segle gjennom område som er utruleg langt unna næraste redningssentral – eit «ingenmannsland». Derfor er skipsfart her svært usikkert både når det gjeld helse, miljø og tryggleik, seier Hansson.

NAT har skip som går mellom vestkysten av USA og russiske Vladivostok. Men ikkje inn i Nordaustpassasjen. Hansson trekkjer også fram faren for skade på skipa, slitasje på maskineriet, og dermed høgare drivstofforbruk som negative faktorar.

M5lr8RSJocI

President Vladimir Putin under Arktisk forum i St. Petersburg i april 2019, der han la fram sin nye Arktis-plan.

Foto: Dmitri Lovetsky / AP

Vil firedoble skipstransporten

Russland har dei siste åra satsa stort på å byggje ut hamnene langs kysten av Sibir. Fleire nye atomdrivne isbrytarar er under bygging. Søk- og redningskapasiteten er betra. No skal det leggjast fiberkabel for å lette kommunikasjonen langs den barske kystlinja nord i Sibir.

For president Vladimir Putin er Arktis eit strategisk satsingsområde. Russland vil ha heilårstrafikk gjennom Nordaustpassasjen. I 2019 varsla Putin at Russland vil firedoble skipstransporten her.

Tidlegare i år opplyste det russiske energidepartementet at det blei frakta rundt 33 millionar tonn gods i Nordaustpassasjen i fjor. Det var rekord. Dei ventar å nå 80 millionar årleg innan 2024.

Anlegget for utvinning av flytande gass (LNG) på Jamalhalvøya i det nordlege Sibir vil føre til auka trafikk. Store mengder skal ut på verdsmarknaden frå dette anlegget i åra som kjem.

Internasjonalt blir sjøruta nord for Sibir omtalt som Den nordlege sjøruta (The Northern Sea Route), eller berre NSR.

I slutten av mars gjekk eit gigantisk konteinarskip på grunn og blokkerte all trafikk i Suezkanalen ei veke.

– Dette viser kor viktig det er å utvikle alternative skipsruter. Den nordlege sjøruta vil bli meir attraktiv både på kort og lang sikt, sa den russiske diplomaten Nikolaj Kortsjunov til Interfax.

En stor folkemengde hadde samlet seg for å se sjøsettingen av Ural i St. Petersburg lørdag.

Den russiske isbrytaren «Ural» er den største i verda, og skal kunne bane seg veg gjennom tre meter tjukk is. Båten blei sjøsett i St. Petersburg i 2019.

Foto: ANTON VAGANOV / Reuters

Tema i Arktisk råd

Korchunov leier Russland sitt arbeid i Arktisk råd, samarbeidsorganet mellom dei åtte arktiske statane. I slutten av mai tar Russland over formannskapet i Arktisk råd, for dei to neste åra.

Korchunov fortel at navigasjon i arktiske farvatn blir ei viktig sak for Russland i Arktisk råd.

«Dette vil hjelpe oss med å promotere og utvikle Den nordlege sjøruta», seier Korchunov til the Arctic.

Også Kina har vist stor interesse for den nordlege sjøruta. I januar 2018 presenterte styresmaktene ein ambisiøs plan for ein «polar silkeveg» («Polar Silk Road»). Målet er å utvikle skipsruter i Arktis i samarbeid med andre land.

Kina fekk observatørstatus i Arktisk råd i 2013, og har eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund på Svalbard.

tz3S1jw8PDA

Viseutanriksministeren i Kina, Kong Xuanyou la fram planane for Arktis under ein pressekonferanse i det statlege informasjonskontoret i Beijing.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

– Kan endre global skipsfart

I fjor var det uvanleg varmt i den nordlege delen av Sibir, og rekordlite sommaris i havområdet utanfor kysten. Oppvarminga i Arktis går dobbelt så raskt som i resten av verda.

Elizabeth Buchanan ved Deakin-universitetet meiner klimaendringane i Arktis, med eit stadig mindre isdekke, kan få store følgjer for skipstrafikken mellom Asia og Europa.

«Dette kan endre den globale skipsfarten og dermed også frakta av over 90 prosent av alle varer i verda», seier ho til CNN.

Men Rederiforbundet har lita tru på at transportruta nord for Sibir vil ta over som hovudtrase mellom aust og vest.

Harald Solberg

Harald Solberg, administrerande direktør i Rederiforbundet.

Foto: Kilian Munch / Kilian Munch

Rederiforbundet skeptisk

– Hendinga i Suez viser kor sårbar verdshandelen er for skipsulukker i ein avgjerande «flaskehals» for skipsfarten mellom Europa og Asia. Enkelte har tatt til ordet for at dette aktualiserer det kortare seglingsalternativet i nord. Etter vår vurdering er det liten grunn til å tru at Suez-hendinga vil føre til ein stor vekst i talet på skip som segler Nordaustpassasjen, seier administrerande direktør Harald Solberg.

Han meiner grunnstøytinga i Suezkanalen også illustrerer kor store bistandsressursar som er nødvendige for store skip.

– Denne type støtteressursar er ikkje tilgjengelege i Nordaustpassasjen. Det viser etter vår vurdering at nordlege sjørute pr. i dag ikkje er eigna for internasjonal kommersiell skipsfart i stort volum. Ei tilsvarande grunnstøyting i dei tronge passasjar i nord ville kunne fått svært omfattande konsekvensar, seier han.

Jan-Gunnar Winther

Jan-Gunnar Winther er direktør for Senter for hav og Arktis. Her på tokt i Polhavet i 2015, då han var direktør for Norsk Polarinstitutt.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Russisk prestisjeprosjekt

Etter mange år som direktør for Norsk Polarinstitutt har Jan-Gunnar Winther lang erfaring frå internasjonalt samarbeid i Arktis. No er han altså direktør i Senter for hav og Arktis.

Han meiner ei ekspertutgreiing er viktig uavhengig av trafikkutviklinga. Det er svært aktuelt å gjere dette no, fordi det er utviklingstrekk som peikar i retning av auka trafikk, ifølgje Winther.

– Russland byggjer opp i nord og den nordlege sjøruta er eit prestisjeprosjekt. Det er vanskeleg å sjå for seg at russarane ikkje ønskjer å utvikle sjøruta vidare. Behova i samband med aktiviteten på Jamal er ein stor nok drivar i seg sjølv, seier Winther.

– Utviklinga av eit samarbeid med asiatiske land i nord, og russarane si eiga oppbygging i Arktis, også militært, er med på å gjere det meir viktig for russarane å ha ein «operativ muskel» som den nordlege sjøruta, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger