Hopp til innhold

Russisk etterretning kopla til det mystiske Havanna-syndromet

Ei ny gransking koplar russisk etterretning til det såkalla Havanna-syndromet. Forsvaret-forskar meiner det er sannsynleg at Russland står bak.

Havanna-syndrom. USAs ambassade.

MYSTISKE PLAGER: Havanna-syndromet vart først rapport frå tilsette ved den amerikanske ambassaden i hovudstaden på Cuba, Havanna i 2016.

Foto: AP

Ein del av den russiske etterretningstenesta vert kopla til Havanna-syndromet, ifølge ei omfattande gransking frå 60 Minutes, Der Spiegel og The Insider.

Fenomenet som vert kalla Havanna-syndromet vart først rapport frå fleire tilsette ved den amerikanske ambassaden i hovudstaden på Cuba, Havanna i 2016.

Blant symptoma var hovudpine, migrene, svimmelheit og hukommelsestap. Enkelte fortalde at dei høyrte høge lydar og kjende trykk mot hjernen.

Amerikanske styresmakter stengte immigrasjonskontoret i Havanna i 2018, blant anna fordi dei frykta at Havanna-syndromet var eit resultat av eit elektronisk angrep, ifølge AFP.

– Havanna er første kjente tilfelle, men det er spekulert i om bruken starta før. I 2014 var det til dømes tilsvarande hendingar i Europa, seier Ina Holst-Pedersen Kvam, som er forskar ved Seksjon for sjømakt og leiarskap ved FHS/Sjøkrigsskolen.

– Dette er teknikkar som russisk etterretning har vore kjent for lenge, seier ho.

Ina Holst-Pedersen Kvam

Ina Holst-Pedersen Kvam er forskar ved Seksjon for sjømakt og leiarskap ved FHS/Sjøkrigsskolen.

Foto: Forsvarets høgskole

– Kjent for slike teknikkar

I den nye granskinga kjem det fram at syndromet kan koma frå såkalla energivåpen som medlemmar i den russiske etterretningstenesta GRU har.

60 Minutes, Der Spiegel og The Insider hevdar at medlemmar av eininga 29155 i GRU ber slike våpen.

Kvam reknar det som ikkje usannsynleg at det er Russland som står bak, anten direkte eller via proxy-grupper.

Denne spesifikke eininga er kjend for å ty til skarpare og meir valdelege metodar i fredstid enn GRU generelt. Operatørane har blitt stadig meir sentrale i Kreml sine destabiliseringsstrategiar internasjonalt. Teknikkar som dette ser ut til å ha eskalert dei siste åra, fortel forskaren.

Særleg kjent er bruken av bioteknologiske våpen. Liknande energivåpen som står bak Havanna-syndromet er også hyppig brukt i det russiske forsvaret elles, seier ho.

Forskaren fortel også at GRU er kjent for å ha medlemmar som har vore involverte i attentatet mot Sergej Skripal i 2018.

Den tidlegare russiske dobbeltagenten Skripal og dottera blei funne bevisstlause på ein benk i Salisbury i England.

Dei overlevde, men ei britisk kvinne som kom borti gifta, døydde.

Havanna-syndromet

Kva er Havanna-syndromet? Symptoma er mellom anna hovudpine, migrene, svimmelheit og hukommelsestap.

Foto: AP

– Skal skremme diplomatane

TV-programmet 60 Minutes på CBS har arbeidd med saka om Havanna-syndromet i fem år. Den pensjonerte offiseren Greg Edgreen var sjef for forsvarsdepartementets gransking av hendingane.

Til magasinet fortel han at han er sikker på at Russland sto bak angrepa, og at dei var ein del av ein verdsomspennande aksjon for å nøytralisere amerikanske tenestepersonar.

Også personar som har tenestegjort i land som til dømes Austerrike, har meldt om plager.

Ina Holst-Pedersen Kvam seier at målet med slike angrep utanfor ei aktiv stridssone er å paralysere statlege hovudfunksjonar.

– I dette tilfellet ved å destabilisere særleg den amerikanske utanrikstenesta.

– På individnivå er tanken at det skal skremme diplomatane frå å gjere jobben sin skikkeleg. Dei avskremmande rikverknadane er skreddarsydd for å slå demoraliserande sprekker langt utover organisasjonen. Det er ein kostnadseffektiv form for psykologisk krigføring som dessverre har stor effekt, fortel ho.

Talsmann Dmitrij Peskov på en pressekonferanse 16. september

Kreml-talsperson Dmitrij Peskov.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Kreml: – Havanna-syndromet har blitt overdrive

I mars i fjor, altså før resultatet av den nye granskinga, konkluderte amerikansk etterretning med at det ikkje er bevis for at ein utanlandsk fiende har våpen som forårsakar Havanna-syndromet.

Amerikanske styresmakter opna derfor immigrasjonskontoret i Havanna igjen.

Kreml-talsperson Dmitrij Peskov nektar også for at Russland har noko med Havanna-syndromet å gjere.

– Det såkalla Havanna-syndromet har blitt overdrive i pressa i mange år, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Han seier det ikkje finst noko bevis på at Russland står bak, og at media står bak det han meiner er grunnlause skuldingar.

SISTE NYTT

Siste nytt