NRK Meny
Normal

Romania: Raseriet veks mot regjeringa etter dødsbrannen

Over 25.000 marsjerte i Romania med krav om at regjeringa går av. Demonstrantane meiner korrupsjon utløyste nattklubbrannen som kosta 32 menneske livet.

ROMANIA-ACCIDENT-FIRE-PROTEST

Ungdommar tok til gata etter at det vart kjent at 32 personar no er omkomne i konsetbrannen i helga.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Romania Protest

Politi strøymer til for å beskytte statsministerkontoret.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

– Vi har mista brør og vener, berre fordi dei gjekk på ein konsert. Vi må stå samla og bli kvitt dei ansvarlege. Nok er nok, seier ein ung demonstrant til nyheitsbyrået Reuters.

Ei stor folkemengde samla seg i går kveld utanfor kontoret til statsminister Victor Ponta ved sigersplassen i Bucuresti.

– Skam deg! ropte folkemengda utanfor, før marsjen haldt fram gjennom hovudgata i sentrum.

Det kom til mindra samanstøyt med politiet.

25.000 marsjerte i den rumenske hovudstaden. Demonstrantane meiner korrupsjon la tilhøva til rette for at 32 personar omkom i ein brann på ein konsert.

Romania Nightclub Fire

Bilde frå gravferda til fembarnsmora Maria Ion. Den 38 år gamle enka arbeidde deltid som reinhaldar i konsertlokalet for å forsørge familien sin. Dei to døtrene i bildet bad fotografen fra Associated Press om å ta eit bilde for å ha eit minne.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Korrupsjonskultur får skulda for brannen

Korrupsjonskulturen til regjeringspartiet har blitt målet for mange ungdommar etter ein brann under ein rockekonsert.

Statsminister Ponta vart nyleg sikta for grov korrupsjon, og det er bebuda rettssak. Men han nektar å gå av.

ROMANIA-BLAST/ Telea and Pascu of the Romanian metal band 'Goodbye to Gravity' perform before a fire broke out inside a nightclub on Friday, in Bucharest

Brannen oppstod på fredag i eit stappfullt kjellarlokale. Heavy metal bandet Goodbye to Gravity haldt gratiskonsert for å promotere det nye albumet sitt. Gitaristen til venstre omkom i brannen.

Foto: STRINGER/ROMANIA / Reuters

Regjeringa strammar inn

Talet på døde aukar framleis. Til no er 32 døde etter ein brann i klubblokalet Colectiv. Klubben låg i eit kjellerlokale med berre ein nødutgang.

Mykje av raseriet blir retta mot styresmaktene, som gjer det mogleg for forretningsmenn å kjøpe seg løyve til å drive utestadar som ikkje føl reglane for branntryggleik.

Regjeringa har no stramma inn reglementet. Men presidenten i landet, Klaus Iohannis, er samd med demonstrantane. Det er ikkje reglane som er problemet, men handhevinga av dei.

Laster Twitter-innhold

Demonstrantane får støtte av presidenten

President Klaus Iohannis skriv på Twitter at han er imponert over det folkelege engasjemenetet. Han forventer at politikarane no lytter til folket.

Iohannis vart sjølv vald til president i fjor etter store demonstrasjonar. Han har lova å rydde opp i korrupsjon og ei rekke profilerte politikarar har blitt sikta. Dei fleste fra det sosialdemokratiske regjeringspartiet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt