Hopp til innhold

Regjeringa i Romania går av

Statsministeren var hardt pressa etter ein katastrofal konsertbrann der 32 miste livet. Det største opposisjonspartiet krev no tidleg val.

Romania Nightclub Fire

Korrupsjonstiltalte statsminister Victor Ponta går av på grunn av nattklubbrann.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

ROMANIA-FIRE-DISCO

Mange har tent lys ved nattklubben der brannen skjedde og 32 miste livet.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

– Eg ser den legitime sorga og raseriet som eksisterer i samfunnet. Dette må ikkje utarte til eit politisk spel med uforutsigbare konsekvensar.

Det sa den rumenske statsministeren Victor Ponta i dag da han trakk seg og kunngjorde at regjeringa går av.

Det blir truleg kunngjort ein ny statsminister i ettermiddag når Ponta har levert sin avskjedssøknad.

Regjeringskoalisjonen bestod av sosialdemokratane til Ponta, og ei rekke småparti.

Opposisjonen krever tidlig valg

Alina Gorghiu

Alina Gorghiu i PNL krev nyval.

Foto: Wikipedia

Det største opposisjonspartiet krev at valet på ny nasjonalforsamling blir framskunda. Alina Gorghiu, ein av leiarane i det liberale partiet (PNL), seier ho ynskjer nyval for å løyse den politiske krisa i landet.

– Vi ynskjer ei ny nasjonalforsamling med legitimitet i folket, sa Gorghiu i dag.

Ein pressa statsminister

Statsminister Victor Ponta har vore under hardt press etter at det tidlegare i år vart klart at han blir tiltalt for korrupsjon og må møte i retten.

President Klaus Iohannis har bedt han om å gå av, men Ponta har i staden angripe korrupsjonsjegarane og kalla dei useriøse.

ROMANIA-ACCIDENT-FIRE-PROTEST

Spontanprotest mot regjeringa i Bucuresti i går.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Spontanprotest i går

I går samla det seg over 25.000 menneske utanfor kontoret til statsministeren, med krav om at han går av.

– Folkemengden ropte «mordar», og skulda regjeringa for å vere ansvarlege for den tragiske nattklubbrannen der 32 personar omkom.

Tala på omkomne stig nesten dagleg fordi det ligg mange hardt skadde på sjukehus som legane ikkje klarer å berge.

Symbolet på korrupsjon

Ponta blir av mange sett på som symbolen for korrupsjonen i Romania. Korrupsjon og kameraderi som la grunnlaget for tragedien.

Han vart i september tiltalt for bedrageri, pengevasking og skattesvik.

Nattklubben stod i full fyr på mindre enn eit minutt

Klubben hadde brote brannforskriftene, noko som ikkje er uvanleg i hovudstaden, fordi det er lett å kjøpe seg løyver.

Brannen starta då pyro-showet til musikarane førte til brann i takplater. Kjellerlokalet vart i følgje politiet overtent på mindre enn eit minutt.

Mange nattklubbar har i ettertid valt å stenge på eige initiativ. Politiet har også stengt mange nattklubbar.

25.000 menneske marsjerte i Bucuresti i går

Store demonstrasjonar under presidentvalet i fjor

Victor Ponta gjorde seg svært upopulær hjå delar av befolkninga under presidentvalet i fjor. Gjennom sosiale medium vart det avslørt at sosialdemokratane brukte ufine måtar for å samle støtte for kandidaturet til statsminister Ponta.

Mange rumenarar var også frustrerte fordi dei ikkje fekk anledning til å stemme i utlandet. Truleg bur det og arbeider over 3 millionar rumenarar i utlandet.

Ponta har brei støtte i store deler av befolkninga, men han er samtidig det mest mislikte politikaren i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt