Hopp til innhold

Valgthriller i Romania: Fryktar venstresida vil skru klokka tilbake

Fleire hundre tusen rumenarar marsjerte nyleg i protest mot presidentkandidat Victor Ponta. Favoritten blant dei eldre, i kyrkja og landsbybuarane i aust har ikkje klart å sjarmere dei unge – tvert i mot.

Eit ur for di stemme

Det sosialdemokratiske partiet (PSD) har sendt eit ur til ein veljar med oppmoding om å stemme på Victor Ponta. Ifølgje lova kan ikkje slike gåver vere verdt meir enn 20 kroner.

Foto: NRK

Frank Underwood og konen Clair fra House of Cards

Presidentkandidat Victor Ponta blir skulda for å ha plagiert doktorgradsavhandlinga si, og Frank Underwood i serien House of Cards.

Foto: Nathaniel E. Bell / Ap

I TV-serien «House of Cards» sporar TV-debatten av når Frank Underwood forlanger ei orsaking til kona si. Scena har blitt sett på som litt fjollete amerikansk TV-underhaldning.

Heilt til denne veka då det brått vert en scene fra den politiske valkampen i Romania, som veljer landets neste president denne helga. Ein valkamp som byr på steile frontar.

Midt i TV-debatten mellom dei to presidentkandidatane dreg venstresidas Victor Ponta fram ei borgarleg avis. Han krev at motkandidaten, dei borgarleges Klaus Johannis, ber kona hans om orsaking.

Videoen har blitt delt på Facebook av tusenvis av rumenarar som bur og arbeider i utlandet.

Romania Presidential Elections

Victor Ponta er ein omstridt statsminister. På denne plakaten blir han skulda for å vere ein løgnar.

Foto: Octav Ganea / Ap

Stort engasjement blant rumenarar i utlandet

For det er første gong diasporaen har engasjert seg så intenst i dei demokratiske prosessane i heimlandet. Årsaka er at det truleg var dei som avgjorde det førre presidentval.

Då vann sittande president Traian Basescu med berre 70 000 stemmer.

No kan ikkje Basescu stille fleire gongar, og støttar den etnisk tyske borgarmeisteren Klaus Johannis frå byen Sibiu i Transylvania. Han er kandidaten til ein koalisjon av dei borgarlege partia i Romania.

Romania er delt på midten

NRK i Romania

NRKs journalist loddar stemninga ved ein sosialdemokratisk stand i hovudstaden Bucuresti. Gjennomsnittsalderen var høg og entusiasmen for Ponta stor.

Foto: Felix Stancu / NRK

På meiningsmålingane er det jamt mellom kandidatane. Ponta har fleirtal i aust, medan Johannis har fleirtal i vest. Johannis er favoritten til ungdommen, medan Ponta har solid støtte blant dei eldre.

Og blir det eit like jamt val på søndag som førre gang, kan den rumenske diasporaen avgjere det heile – om dei får lov til å stemme.

I første runde av presidentvalet gjekk rumenarar over heile verda mann av huse for å stemme. Det bur kanskje fire millionar rumenarar i utlandet.

Ambassadane var ikkje førebudde, dei mangla både valurner og stemmesetlar. Veljarane vart rasande då ambassadane i Paris og London stengde framfor nasen på dei.

Mange hadde venta i kø heile dagen.

ROMANIA-ELECTION/ Romanians wait in line to enter polling station at Romanian embassy in London

Dei rumenske ambassadane i mellom anna London og Paris gjekk tomme for stemmesetlar, og stengde sjølv om det var ein lang kø utanfor.

Foto: Reuters

«Diktatorar forkledde som sosialdemokratar»

I Vest-Romania og i Transylvania marsjerte fleire hundre tusen i solidaritet med brørne og søstrene i utlandet som ikkje fekk stemme. Demonstrantane hevda at sosialdemokratane hadde gjort valrutinane på utanriksstasjonane unødvendig tidkrevjande med vilje.

For fleirtalet av diasporaen vil ikkje stemme på Victor Ponta. Dei har lagt han for hat.

ROMANIA-ELECTION-PROTESTS/ People shout slogans and hold banners in support of compatriots living abroad who were turned away as they tried to vote in first round of presidential election on November 2 during a rally in Cluj

Store demonstrasjonar i byen Timisoara i solidaritet med dei som ikkje fekk stemme i utlandet.

Foto: ANDREEA CAMPEANU / Reuters

Ponta er skulda for å vere udugeleg, ein politisk broiler som plagierte doktorgraden sin, og no «House of Cards»-episoden. Men kanskje det verste av alt: Han representerer fortida – restane av det korrupte og autoritære kommunistregimet.

Det blir hevda han er frontfiguren til eit parti av diktatorar forkledde som sosialdemokratar. Som bevis blir det vist til at familien til Ponta har mange lukrative næringslivskontraktar med den rumenske staten.

Det var ei slik skulding Ponta avkrevde orsaking for.

ODIHR monitorerer ikkje

OSSE fortel NRK på Twitter at dei ikkje har prioritert å observere valet i Romania.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Sosialdemokratane har også fått skulda for å ha rana landet for verdiar og ressursar på 90-talet. Mange av dei har hamna i fengsel under president Basescu. Frykta er no stor for at Ponta vil bruke presidentembetet til å skru klokka tilbake til 1990-talet. At han vil bremse opp korrupsjonsjakta og dei juridiske reformene.

Din kylling!

100 høns vart kasta til skrekk og åtvaring på trappa til den borgarlege koalisjonen. Kandidat Johannis er ein kylling var meldinga som hang rundt halsen på hønene.

Foto: MIRCEA RESTEA / Afp

«Den andre revolusjonen»

Demonstrasjonstoga i Romania vart difor kalla den andre revolusjonen. Og ganske symbolsk gjekk det største toget gjennom byen Timisoara. Det var der den første revolusjonen mot kommunistregimet byrja for 25 år sidan.

Gammal mot ung

Rumenarane har teke i bruk Facebook og Twitter. Her ein montasje der dei viser at Klaus Johannis er ungdommen sin kandidat.

Foto: NRK

Den rumenske kommentatoren Cristian Popescu meiner det er første gang rumenarane kjempar for verdiar.

– Dei demonstrerte ikkje for brød, olje eller sukker, nei, dei demonstrerte for ein idé – retten til å stemme i val, seier Popescu til nyheitsbyrået Ap.

Demonstrasjonane la press på utanriksministeren, men han nekta å opne fleire vallokale, og gjekk av.

– Utanriksminister Titus Corlățean vart ofra i eit politisk spel for å stoppe kritikken mot statsminister Ponta, hevdar Popescu.

Ortodokse kyrkja tek side

Lapp frå kyrkja der dei oppmodar om å stemme på den ortodokse kandidaten.

Foto: NRK

Ponta framleis favoritt

Sosialdemokratane og Ponta har eit velsmurt partiapparat. Lokalpolitikarane går frå hus til hus for å sikre at alle i sitt distrikt stemmer på den «riktige kandidaten».

NRK har fått vite av rumenarar som bur i Noreg at slektningar har blitt trua med å miste pensjonen sin skulle dei stemme på «feil kandidat». Dette er tomme truslar, men for ei bestemor på landsbygda kan det vere vanskeleg å trasse dei lokale styresmaktene.

Johannis

Eldre på landsbygda blir forsøkt påverka av begge sider. Nokre har blitt trua med å miste pensjonen sin om dei ikkje støttar 'rett' kandidat.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

I tillegg har sosialdemokratane eit trumfkort: Kyrkja. Den har stilt seg med full tyngde bak kandidaturet til Victor Ponta.

Presidentdebatt (høydeversjon)

Johannis og Ponta får råd kviskra i øyret av rådgjevarane sine før fjernsynsdebatten.

Foto: Scanpix

I ein TV-reportasje blir det hevda at det er ei plikt for ein ortodoks kristen å stemme på den ortodokse kandidaten Ponta. I dei mest ekstreme tilfella har det blitt trua med helvete. Ein sterk trussel i eit land der gudstrua betyr mykje.

Innhaldslaus debatt

Denne veka har det også vore to TV-debattar. Dagen før den første debatten vart hundre høns kasta på trappa til hovudkvarteret til den borgarlege alliansen. Rundt halsen var hønene merka med teksten «Johannis er ein kylling».

Tonen var sett. På fjernsyn sat dei to kandidatane og moderatoren og kakla i munnen på kvarandre i fleire timar.

Fokuset var ikkje dei politiske sakene, men kven som hadde flest korrupte partifellar bak lås og slå.

SISTE NYTT

Siste nytt