Den amerikanske R & B-artisten Robert Sylvester Kelly, kjent som R. Kelly, vart i september funne skuldig i rettssaka mot han.
Ein føderal domstol i New York meinte at han gjennom fleire tiår har utført overgrep mot barn, og unge gutar og jenter.
Artisten vart kjend skuldig i alle tiltalepunkt i saka, som omfatta overgrep, menneskehandel og utpressing.
Aktoratet meiner artisten heilt sidan 90-talet utnytta sin posisjon for å få tilgang til unge han kunne utnytte.
Han skal også ha beordra medarbeidarar til å skaffe han mindreårige. Sjåførar, livvakter og assistentar skal ha vorte styrt som eit kriminelt nettverk.
Bad om minst 25 år
Påtalemakta har bede om minst 25 års fengsel for lovbrota, medan 55-åringen sin forsvarar, Jennifer Bonjeansier meinte Kelly burde få ei straff på 10 år eller mindre.
Det grunngir ho med at han sjølv vart misbrukt som barn, og at det kan ha ført til hans «hyperseksualitet», ifølgje Reuters.
Kelly fekk til slutt 30 år.
Påtalemakta meiner artisten R. Kelly framleis utgjer ein fare for publikum
Foto: Antonio Perez / APPåtalemakta meiner R. Kelly framleis utgjer ein fare for publikum. Det blir mellom anna vist til den manglande angeren hans for å ha utnytta ryktet sitt for å lokke offera til seg.
Arrestert i 2019
R. Kelly (55) vart arrestert i juli 2019.
Det var kort tid etter dokumentaren «Surviving R. Kelly», der fleire kvinner stod fram i 2019, at Kelly vart tiltalt.
Rettssaka starta i New York i august i fjor. Gjennom seks veker vart bevismateriale lagt fram for juryen, som også fekk høyre frå 45 vitne.
24. september byrja juryen diskusjonane etter den omfattande rettssaka. Tre dagar seinare kom dommen.
Rettssaka har hatt fleire forsinkinga grunna pandemien og endringar knytt til forsvarsteamet til Kelly. Han har vore varetektsfengsla sidan han vart tiltalt i 2019.