Hopp til innhold

Qin Gang fjerna som kinesisk utanriksminister – forgjengar Wang Yi overtek jobben

Den kinesiske utanriksministeren Qin Gang har ikkje vore sett offentleg på nesten ein månad, og spekulasjonane har florert. No er han fjerna frå jobben.

Utenriksminister Qin Gang

Qin Gang er ikkje utanriksminister meir. Han har fått sparken etter vel eit halvår i jobben.

Foto: HECTOR RETAMAL / AFP

Kinesiske statlege medium melder tysdag at ​den tidlegare utanriksministeren ​i landet, Wang Yi er tilbake i jobben. Vedtaket om å fjerne Qin blei gjort i Folkekongressen sin ståande komité, ifølgje den kinesiske statskanalen CCTV.

– Politisk blir det nok ikkje noko stort skifte. Wang Yi har vore ideologisk ansvarleg for utanrikspolitikken i partiet også i tida etter at han sist var utanriksminister.

Professor i Kina-studier, Heidi Østbø Haugen.

Heidi Østbø Haugen

Foto: UIO

Det seier Heidi Østbø Haugen, som er professor i Kina-studium ved Universitetet i Oslo.

Lang erfaring

Det er ein erfaren mann som no er tilbake på sin post.

– 69 år gamle Wang Yi er eldre enn Qin Gang, han har meir erfaring, har betre utdanning og har stige jamt i gradene. Han har vore utanriksminister i heile Xi Jinping sin presidentperiode frå 2013, fram til Qin Gang blei utnemnd til utanriksminister i desember 2022, seier ho.

Qin har fått tilnamnet «ulvekrigar», eit kallenamn som blei brukt på ein ny generasjon kinesiske diplomatar som med kraftfull retorikk slo tilbake mot vestleg kritikk av Kina.

Kinas utanriksminister Qin Gang svarer på spontane spørsmål fra NRK etter møtet med statsminister Jonas Gahr Støre i Oslo i mai 2023

Qin Gang svarte på spontane spørsmål frå NRK etter eit møte med statsminister Jonas Gahr Støre, i Oslo, 12. mai 2023.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Steig raskt i gradene

Qin gjekk frå å vere talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet, til veskeberar, før han så blei kinesisk ambassadør til USA i 2021.

Der var han i berre 17 månader før han fekk jobben som utanriksminister.

Les også Søkelys på påstått elskerinne etter forsvinning

Utenriksminister Qin Gang

No har Qin Gang glimra med sitt fråvær i nesten fire veker. Eit møte med EUs utanriksminister blei avlyst, utan kjend grunn.

For knappe to veker sidan skulle han ha vore i Indonesia, på eit møte med leiarar i søraustasiatiske land.

Kinesisk UD varsla då at Qin ikkje kom til å stille, på grunn av helsa.

Eit bilete av han i sjukesenga, eller kvilande i ein lenestol, kunne ha sett punktum for rykta. I staden har svaret på spørsmål om kvar han har opphalde seg, kvifor han ikkje har vore på jobb, og når han kjem tilbake, vore: «Ingen kommentar».

Kinas utenriksminister har ikke vist seg offentlig siden 25.juni og ryktene går om at han har falt i unåde grunnet forholdet til en elskerinne
Skjermdump Youtube

Den påstått skandalen har fått brei dekning i inn- og utland. Her er det programmet «Kritisk augneblink» på den taiwanske TV-stasjonen Dongsen News som omhandlar saka.

Foto: Skjermdump Youtube

Rykta florerte

Qin Gang er 47 år gammal. Han er gift, og har eitt barn med ektefellen sin.

Den mystiske forsvinninga har fått rykta til å florere.

Mange lurer på om det kan vere rett at han har hatt ei elskarinne og at han derfor kan ha falle i unåde hos leiaren i landet, Xi Jinping.

John Kerry og Wang Yi i Beijing 18. juli 2023

USAs klimautsending John Kerry møtte Wang Yi i Beijing 18. juli.

Foto: Florence Lo / Reuters

Det er framleis uklart kvar Qin Gang oppheld seg. Årsaka til at han har fått sparken, er heller ikkje kjent.

Heidi Østbø Haugen synest det er interessant å merke seg at dette skjer med ein som var ein slik «up and coming-type», løfta inn i stillinga av Xi Jinping.

– Kva trur du har skjedd?

– Det vi veit, er altså at han er borte frå det offentlege rom. Vi kan også vere ganske sikre på at han er i live ein eller annan stad. Det er ikkje vanleg i Kina å ta livet av ein person som ein ønskjer fjerna frå ei politisk stilling. Det blir vurdert som meir aktuelt å setje vedkommande i husarrest ei tid. Mykje tyder på at den kinesiske leiinga er i tenkjeboksen for å finne ut korleis dei skal forklare dette, seier Haugen.

SISTE NYTT

Siste nytt