NRK Meny
Normal

Putin: – Det hadde vore kjedeleg utan sladder

Russlands president Vladimir Putin har vore vekke i 11 dagar. No har han vist seg offentleg i St. Petersburg.

RUSSIA-KYRGYZSTAN-DIPLOMACY-POLITICS

Vladimir Putin viste seg i dag og seier han er i god form.

– Det hadde vore kjedeleg utan sladder, sa Putin då han måndag tok i mot den kirgisiske presidenten.

Det var kunngjort at Putin skulle møte den kirgisiske presidenten Almazbek Atambayev i dag. Forventningane var store, for han hadde ikkje vist seg sidan han møtte den italienske statsministeren Matteo Renzi 5. mars.

Twitter har kokt over med spekulasjonar under emnet #whereisputin

LES OGSÅ: Putin tatt av UFO i ukrainske barns tegnefilm
LES OGSÅ: Putin benekter at han har blitt far igjen

Putin avviser rykteflaumen

Vladimir Putin avviser alle rykta som har versert om at han skal ha vore sjuk som «sladder».

Den kirgisiske presidenten garanterte for helsa til Putin. Putin køyrde meg eigenhendig rundt palassområdet fortalde han.

– Russlands president går ikkje, han køyrer, og han er sjåfør for sine gjester, sa president Atambayev. Dei to møttest i Konstantinovpalasset utanfor St. Petersburg.

Laster Twitter-innhold

Tidlegare på dagen dukka flyet til Putin plutseleg opp på flyradaren då det landa i St. Petersburg. – Betre enn David Copperfield, vart det sagt av ein på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Stor marineøving i nord

Samtidig som Putin viste seg i St. Petersburg, kunngjorde nyheitsbyrået Interfax at Russland vil halde ei stor marineøving i Arktis.

38.000 soldatar og anna forsvarspersonell vil delta.

LES MEIR HER: Putin beordrer stor militærøvelse i nord

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt