Hopp til innhold

Prodi i mafia-krisemøte

Italias statsminister Romano Prodi har i dag krisemøte med dei lokale styresmaktene i Napoli om den mafia-relaterte drapsbølgja i byen.

Italiensk politi undersøker tre lik funnet i Napoli 1. februar 2005.
Foto: STR / AFP

Den fattige søritalienske storbyen Napoli er i grepet til den illgjetne mafiagruppa Camorraen. I løpet av den siste veka er sju menneske drepne i byen.

Berre eit par timar før Prodi kom til byen vart ein mann stukken ned utanfor ei kyrkje i sentrum. Mannen har eit kriminelt rulleblad, opplyser politiet.

 

Romano Prodi
Foto: Andrew Medichini / Scanpix/AP

Krisemøte

Knivdramaet utspelte seg berre nokre få kvartal frå bygningen der Prodi møtte representantar for politiet og lokale styresmakter for å diskutere korleis valden i Napoli skal stansast.

Det er førebels uklart korleis det gjekk med mannen.

Det er sendt 1000 ekstra politifolk til byen, og fleire sentrale politikarar har gått inn for å setje hæren inn mot den frykta og mektige Camorraen.

- Napoli i dag er ein kloakk som treng å bli reinsa opp i, og få alle rottene fjerna, sa Roberto Calderoli frå det konservative Lega Nord-partiet i parlamentet nyleg.

Fleire andre politikarar i Senatet i Roma fordømde Calderoli si fråsegn, og skulda han for å fremje hat.

Det er likevel ikkje tvil om at Calderoli på denne måten spegla haldningane som mange i det rike nord har til det sørlege Italia, kanskje spesielt Napoli og Sicilia.

"Sjå Napoli og dø"

Det er laga mange romantiske dikt og songar om Napoli. "Sjå Napoli og dø" har vore eit kjent sitat om denne vidgjetne og vakre byen, og drapa den siste tida har gitt dette munnhellet eit makabert tilsnitt.

Napoli er framleis vakker, men fattigdom, høg arbeidsløyse og organisert kriminalitet har gjort sitt til å endre biletet av storbyen under den mektige vulkanen Vesuv.

Drap er ikkje uvanleg i denne byen, men sju på ei veke langt verre enn det som er normalt, sjølv i Napoli.

SISTE NYTT

Siste nytt