Hopp til innhold

Politiet storma gissel-husvære i Gent

Rundt 15 tungt væpna politifolk tok seg i ettermiddag inn i husværet der ein person vart halden som gissel. Tre personar er arresterte og ingen er skadd, opplyser politiet.

Gisseltaking i Gent i Belgia.

Politiet har stengt av eit stort område rundt bygningen der fire menn held ein gissel i Gent i Belgia.

Foto: NICOLAS MAETERLINCK / Afp

Det er den belgiske avisa Het Nieuwsblad som melder dette. Mannen som vart halden som gissel er uskadd.

Talskvinne for politiet, Annemie Serlippens seier at saka kan vere eit oppgjer i narkotikamiljøet. Ho seier at aksjonen mot husværet er over, men at det står att mykje etterforsking.

Politiet har stengt av eit stort område rundt bygningen det er snakk om i bydelen Dampoort i Gent. Denne avsperringa var måndag ettermiddag enno ikkje oppheva. Dei første meldingane gjekk ut på at det var fire væpna gissetakarar, men det er uklart om ein framleis er på frifot eller om dei verkeleg var berre tre.

Gisselaksjon i Gent i Belgia.

Spesialstyrkane frå det føderale belgiske politiet gjer seg klar til å storme husværet i Gent.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

– Dette er ikkje ein situasjon som liknar på det som skjer i Sydney , sa polititalskvinne Annemie Serlippens i føremiddag.

Kjenner ikkje motivet

Alle som bur i bygningen vart bedne om å halde seg innandørs og ingen er evakuert. Politiet veit ikkje kven dei gjerningsmennene er, heller ikkje kva motiv dei måtte ha.

Både det lokale- og det føderale politiet har mobilisert kraftig i samband med gisseltakinga i Gent. Samstundes førebudde også spesialstyrken til det føderale politiet seg på aksjon, og like etter klokka 12 gjekk dei til aksjon, melder Het Nieuwsblad .

Eit politihelikopter hang også over bygningen der gisselaksjonen gjekk føre seg.

Tung væpning

Ein mann som oppheld seg innanfor politisperringane, Ruben Dens, seier at det er fullt av væpna politi i og rundt bygningen, og at politifolk også har teke oppstilling på private balkongar i bygningen.

Belgisk fjernsyn har meldt at det var ein liknande gisselsituasjon i Gent i oktober i år. Då var ein mann som tidlegare hadde vore involvert i gisseltaking ein av deltakarane. Den gongen var motivet ikkje betalt gjeld.

Videobilete av politifolk som gjer seg klar til storming

VIDEO: Her førebur politiet seg på storming.

SISTE NYTT

Siste nytt