Hopp til innhold

Politiet meiner 28 utlendingar sto bak drapet på Haitis president

Det var minst 28 gjerningspersonar – to amerikanarar og resten colombianarar – som stod bak attentatet mot president Jovenel Moïse, meiner politiet i Haiti. 11 av dei blei arrestert på ambassaden til Taiwan, som vart svært overraska over dei ubedne gjestane.

Politiet i Haiti viser fram arresterte menn som er mistenkt for drapet på poresident Jovenel Moise

Fleire av dei mistenkte for attentatet mot Haitis president Jovenel Moïse vart vist fram for pressa torsdag, saman med våpen og utstyr dei visstnok skal ha brukt. Colombias forsvarsminister seier seks av dei ser ut til å vere tidlegare soldatar i det colombianske forsvaret.

Foto: Joseph Odelyn / AP / NTB

– Vi har arrestert 15 colombianarar og dei to amerikanarar, som er av haitisk opphav. Tre colombianarar er drepne, medan åtte andre er på frifot, seier politisjefen på Haiti, Leon Charles.

Politiet viste torsdag fram fleire av dei mistenkte, saman med pass, våpen og anna utstyr dei skal ha brukt i attentatet.

Beslaglagte pass som skal tilhøre de som er arrestert etter attentatet på Haitis president Jovenel Moise.

Politiet har fått tak i fleire av passa til dei mistenkte.

Foto: Stringer / Reuters

11 av dei arresterte blei tatt på ambassaden til Taiwan i hovudstaden Port-au-Prince.

– Ved daggry 8. juli oppdaga sikkerheitspersonellet ved ambassaden at ei gruppe væpna menn hadde tatt seg inn på gardsplassen. Sikkerheitspersonellet varsla leiinga ved ambassaden og politiet, fortel Joanne Ou i det taiwanske utanriksdepartementet til AFP.

Ou seier dei gav politiet lov til å ta seg inn på ambassadeområdet, for å arrestere inntrengjarane.

Tidlegare har politiet opplyst at sju personar er drepne i jakta på dei ansvarlege.

Situasjonen i det karibiske landet er no svært spent og kaotisk.

Politi og soldater ute i gatene i Haiti, etter drapet på president Jovenel Moïse.

Politi og soldatar prøver å halde ro i gatene i hovudstaden Port-au-Prince.

Foto: Joseph Odelyn / AP

Tidlegare soldatar

53 år gamle Moïse vart skoten og drepen av ukjente menn som tok seg inn i heimen hans i Petionville utanfor hovudstaden Port-au-Prince natt til onsdag. Også førstedama i landet, Martine Moïse, vart såra i angrepet. Ho er send til Miami for behandling på sjukehus.

Styresmaktene har ikkje lagt fram bevis for dei mistenkte sin påståtte innblanding i attentatet. Politisjefen svor torsdag at jakta på dei påståtte leigesoldatane vil halde fram.

– Vi vil betre etterforskinga og leitemetodane våre for å få fatt i dei åtte leigesoldatane, sa han.

Ifølgje Colombia sin forsvarsminister Diego Molano ser minst seks av dei arresterte ut til å vere tidlegare soldatar i det colombianske forsvaret. Han har bede politiet og forsvaret i landet om å bidra i etterforskinga.

Det amerikanske utanriksdepartementet seier dei enno ikkje veit om personar med amerikansk statsborgarskap er innblanda.

Masker ligger igjen på gata utenfor huset til president Jovenel Moïse på Haiti

Masker låg igjen på gata utanfor huset til president Jovenel Moïse.

Foto: Valerie Baeriswyl / AFP / NTB

Mogleg hemn frå oligarkar

Førebels er det ikkje klart kva som er motivet bak drapet, men fungerande statsminister Claude Joseph seier til BBC at det kan vere hemn frå haitiske oligarkar.

President Jovenel Moïse, som sjølv var forretningsmann, prøvde å minske deira innflytelse.

Etterforskingsleiaren seier dei leiter etter den som er hjernen bak drapet.

Haitis president Jovenel Moïse

President Jovenel Moïse vart drepen onsdag i heimen sin av inntrengarar. Dette bildet viser han på offisielt oppdrag i 2018.

Foto: Dieu Nalio Chery / AP / NTB

Spørsmål ved trygginga

Både påtalemakta og vanlege folk spør seg om korleis det kan ha seg at presidenten, som hadde vakthald, kan ha blitt drepen av leigesoldatar.

– Kor var det velutstyrte politiet som passar på presidenten dag og natt? Kvifor reagerte dei ikkje, spurde 28 år gamle Julia, skriv AFP.

Påtalemakta kunngjorde tidlegare torsdag at alle tryggingsvaktene til presidenten skal avhøyrast.

– Om du er ansvarleg for tryggleiken til presidenten, kor var du? Kva gjorde du for å unngå at han leid denne lagnaden, spurde politimeister Bed-Ford Claude torsdag.

Militære og sikkerhetspersonell blokkerer gata som fører fram til hjemmet til president Jovenel Moïse ble drept i natt.

Militære og tryggingspersonell blokkerer gata som fører fram til bustaden til president Jovenel Moïse vart drepen onsdag.

Foto: Valerie Baeriswyl / AFP

Kaotisk styre

Fungerande statsminister Claude Joseph har erklært to vekers unntakstilstand etter drapet. Attentatet mot presidenten har skaka Haiti, som slit med høg fattigdom, vald og politisk uro.

Landet har blitt stadig meir ustabilt under Moïse, som har styrt ved dekret i over eit år.

Nasjonalforsamlinga er oppløyst. Og leiaren av høgsterett, som til vanleg skal ta over dersom noko skjer med presidenten, døydde nyleg av covid-19.

Fungerende statsminister på Haiti, Claude Joseph orienterte om arrestasjonene etter drapet på president Moïse.

Fungerande statsminister på Haiti, Claude Joseph orienterte om arrestasjonane etter drapet på president Moïse.

Foto: Joseph Odelyn / AP

Joseph har berre vore statsminister i tre månader og skulle eigentleg tre av om få dagar, etter at Moïse peikte ut etterfølgjaren hans på måndag, altså to dagar før han vart drepen.

Etterfølgjaren Ariel Henry meiner han bør ta over leiinga av landet, men han er ikkje sverja inn i stillinga.

FN har derfor bede Claude Joseph om å halde fram som statsminister til val er heldt i haust.

– Vi treng å leggje personlege ambisjonar til side og no sette landet først, seier Joseph om utspelet til etterfølgjaren.

– Eg vil ikkje behalde makta lenger enn eg må. Vi treng å halde val. Eg har ingen personleg agenda, eg kjem ikkje til å stille som president, seier Joseph i intervjuet med BBC.

Før Moïse døydde, var det og strid kor lenge han skulle sitje som president. Nokon meinte hans periode var omme i februar i år. Andre hevda han hadde rett til å sitje fram til våren 2022.

Dette skriv seg til presidentvalet i 2015, som blei oppheva etter påstandar om juks og heldt på nytt i 2017.

SISTE NYTT

Siste nytt