NRK Meny
Normal

Plutonium på bakken i Fukushima

Det radioaktive stoffet plutonium er funne på bakken fleire stader ved kjernekraftverket Fukushima Daiichi, opplyser eigaren TEPCO.

Kjernekraftverket Fukushima Daiichi i Japan (reaktor 1-4 fra høyre til venstre)

Kjernekraftverket Fukushima Daiichi i Japan (reaktor 1-4 frå høgre til venstre).

Foto: Kyodo / Reuters/Scanpix

Ifølgje TEPCO stammar testresultata frå prøver tekne frå ei veke sidan.

Dei hevdar ifølgje Reuters at plutoniumet som er funne, ikkje er skadeleg for menneske.

Avdelingsdirektør Per Strand Statens Strålevern

Avdelingsdirektør for beredskap og miljø ved Statens Strålevern Per Strand.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Avdelingsdirektør i Statens strålevern, Per Strand, fortel at plutonium er farleg om ein får det i seg, men at det er eit tungt stoff og ikkje vil spreie seg langt frå Fukushima.

– For dei som er der, er det farleg å få det i seg. Det kan skje enten ved å ete det eller inhalere det, seier han.

Skade på kjernen

Det er uklart kva for ein av dei skadde reaktorane plutoniumsutsleppet stammar frå.

– Det er mest av plutonium i reaktor tre, som blir drive av såkalla mox-brensel, men det er ikkje sikkert at utsleppet stammar herfrå, seier Strand.

Mox-brensel er ei blanding av uran og plutonium. Funn av plutonium styrkar mistankane om at det direkte skade på kjernen i reaktorane.

– Det er ikkje tvil om at dei har problem. Det er fleire ting som tyder på brenselsskader, seier Strand.

Fryktar fleire utslepp

Eit område på 30 kilometer rundt kraftverket er evakuert, og plutonium har problem med å bli frakta over store avstandar.

Sjølv om TEPCO seier utsleppet er ufarleg, kan det føre til vanskar med det vidare arbeidet for å gjere Fukushima stabilt.

Tidlegare måndag opplyste selskapet at radioaktivt vatn har lekt ut frå ein av reaktorane ved kraftverket. Vatnet hadde eit strålingsnivå på meir enn 1000 millisievert i timen, ifølgje meldingane. Grensa for kva som er lovleg, er på 250 millisievert i året, skriv NTB.

Samtidig demonstrerte fleire hundre menneske mot bruken av atomkraft i Japan i byane Tokyo og Nagoya. Demonstrantane krev at alle atomkraftverk i landet blir stengde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt