Hopp til innhold

Nederlandsk rettssal: Pedofiliforening er lovleg

Foreininga Martijn kjempar for aksept for frivillig sex mellom born og vaksne, men retten har avgjort at den ikkje kan forbys.

Marthijn Uitenboogaard

Leiaren i foreininga, Martijn Uittenbogaard, ønskjer å skape aksept for pedofile menneske i samfunnet.

Foto: Phil Nijhuis / Afp

Lobbyorganisasjonen Martijn starta i 1982, og har lenge kjempa for ein aksept for pedofili, men seier dei er strengt i mot ein kvar form for seksuelle overgrep. Ein kontroversiell organisasjon som har hausta mykje debatt i Nederland.

I juni i fjor avgjorde ein lokal rettssal i byen Assen at organisasjonen med rundt 60 medlemmer er ulovleg. Leiaren Martijn Uittenbogaard anka dommen, og har no fått medhald.

Oppfordrar ikkje til sex

«Retten konkluderer med at arbeidet til gruppa går i mot ro og orden, men dei utgjer ingen trugsel for å oppløyse samfunnet», heiter det frå rettssaka.

Ankeretten meiner at ikkje organisasjonen kan bli heldt ansvarleg for at nokre av medlemmene sit med tidlegare dommar for seksuelle overgrep. Organisasjonen i seg sjølv har ikkje gjort seg skuldig i ei kriminell handling. Tekst og bilete på nettsida til organisasjonen er lovlege og rår ikkje folk til å ha sex med born, konkluderer retten.

– Kloke dommarar

Likevel slår retten fast at organisasjonen går i mot nokre av prinsippa i nederlandsk rett, ved at den «banaliserer farane ved seksuell kontakt med born, og framstiller det i eit positivt lys.»

Etter dommen skreiv leiaren på Twitter: «Heldigvis finst det framleis nokre kloke dommarar.»

Den førre leiaren i organisasjonen, Ad van den Berg, vart i 2011 dømt til tre års fengsel for oppbevaring av barnepornografi.

Frå 1986 til 2006 publiserte foreininga OK Magazine, eit brevsendt magasin som inneheldt artiklar og bilete av nakne barn.

SISTE NYTT

Siste nytt