Hopp til innhold

Paven: – Normalt å slå om du blir fornærma

Pave Frans meiner det finst grenser for kva ein kan meine, og at det er feil å fornærme andre si tru. Han meiner til og med det er normalt å slå nokon som fornærmar andre.

Paven om ytringsfridom

Sjå video av Pave Frans som seier det er normalt å slå om ein vert fornærma.

– Ein kan ikkje lage humor ut av andre si tru, sa Pave Frans, då han talte til pressen på sin veg frå Sri Lanka til Filippinane i dag.

Paven, som sjølv er gjenstand for karikaturar nærast dagleg, meiner det ikkje er alt ein kan spøke med.

– Det finst ei grense. Kvar religion har sin sjølvrespekt, og ytringsfridomen har sine grenser, sa paven ifølgje The Guardian.

– Normalt å slå om ein blir fornærma

Under flyturen nytta paven sin kollega for å få fram eit poeng. Hadde kollegaen sagt vonde ord om mora til paven, så ville han vente seg eit slag i retur, sa pave Frans.

– Det er normalt. Ein kan ikkje provosere. Ein kan ikkje fornærme andre si tru. Ein kan ikkje spøke med andre si tru, la paven til etterpå.

Utsegna om å gi folk eit slag har i ettertid skapt diskusjon, og Vatikanet gjekk i dag ut og understreka at paven ikkje på nokon måte rettferdiggjorde handlingane mot Charlie Hebdo i Paris.

Paven nemnde ikkje eingong Charlie Hebdo, satiremagasinet som vart angripe førre veke, sjølv om utsegnene hans om ytringsfridom hadde bakgrunn i diskusjonen som har rast kontinentet i etterkant av terroråtaket.

PHILIPPINES-VATICAN-RELIGION-POPE

Pave Frans er ein populær fyr på Filippinane, der han i dag kom på besøk.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Filippinane gjer seg klare for besøk

Paven er no i Filippinane, som er det landet i Asia med flest katolikkar. Før paven kom til landet hadde alt frå høgsterett til småbutikkar stengt på grunn av besøket. Det skriv CNN. Mange har også teke turen til hovudstaden Manila, for å vere der medan paven er på besøk.

Pave Frans har dei siste dagane vore på Sri Lanka, der han mellom anna har gitt landet sin første helgen. Det var den indiskfødde misjonæren Joseph Vaz som vart heilag, og det skjedde etter ein 300 år lang kampanje for å få Vaz som helgen.

SISTE NYTT

Siste nytt