Hopp til innhold

Pave Frans kåra til «Årets Person» i 2013

Pave Frans er kåra til «Årets Person» i 2013 av amerikanske Time Magazine. Grunngjevinga er at han har endra oppfatninga av ein 2000 år gammal institusjon på ekstraordinær kort tid.

Pave Frans er kåra til Årets Person 2013.

Pave Frans har endra synet på den katolske kyrkja, meiner redaktørane i Time Magazine.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters

Den argentinske kardinalen Jorge Mario Bergoglio vart valt til pave i mars i år som den første paven frå Sør-Amerika og den første jesuitten.

Pave Frans er kåra til Årets Person 2013

Framsida til Time Magazine i dag.

Foto: Ap

Etter at han tok over pavestolen han har oppmoda den katolske kyrkja om å ikkje vere så oppteken av «trongsynte reglar», men heller leggje vekt på medkjensle heller enn fordømming i samband med vanskelege saker som abort, homoseksualitet og prevensjon.

– Har endra tonen

– Pave Frans står fram som ein person som verkeleg har endra tonen til den katolske kyrkja og korleis institusjonen blir oppfatta, på ein heilt ekstraordinær måte, seier sjefredaktør i Time magazine , Nancy Gibbs.

Paven har gått hardt ut mot idealiseringa av pengar, og han har sagt at det er ein global skandale at ein milliard menneske i verda ikkje har nok mat. med sin lune veremåte og humoristiske sans har han blitt svært populær rundt om i verda. Twitter-kontoen hans har over 10 millionar følgjarar.

Vatikanet seier i ein kommentar at det ikkje var uventa at pave Frans vart valt til «Årets Person» i 2013, etter den mottakinga han har fått internasjonalt. Men at det likevel er ein positiv aksept av dei åndelege verdiane i internasjonale media.

Tredje pave

Nancy Gibbs er sjefredaktør i Time magazine.

Pave Frans har ført til ei ekstraordinær endring av den katolske kyrkja, seier sjefredaktør i Time, Nancy Gibbs.

Foto: CARLO ALLEGRI / Reuters

– Den heilage far er ikkje ute etter å bli kjend eller å ta imot heider. Men om kåringa av «Årets Person» kan vere med på å spreie bodskapen om evangeliet, ein bodskap om Guds kjærleik til alle, så vil han heilt sikkert bli glad for det, seier talsmann for Vatikanet, Frederico Lombardi.

Dette er tredje gongen at ein pave er valt til «Årets Person» av Time. Pave Johannes XXIII vart valt i 1962 og pave Johannes Paul II i 1994.

Kåringa er teken godt imot i pave Frans sitt heimland Argentina. Fader Toto er ein av dei såkalla slumprestane i Buenos Aires, ei gruppe prestar pave Frans viste stor omsorg for då han var erkebiskop i Buenos Aires. Fader Toto har sitt virke blant svært fattige menneske i den argentinske hovudstaden.

LES OGSÅ: Pave Frans lei av fokuset på abort, homofile og prevensjon

LES OGSÅ: En mer ydmyk kirke

– I takt med evangeliet

Edward Snowden

Edward Snowden var ein sterk kandidat.

Foto: The Guardian / Reuters

– Denne heideren frå Time Magazine er godt nytt, fordi pave Frans står for verdiane til ei kyrkje som er nærmare folket, meir nøktern og meir i takt med evangeliet. Eg håpar at hans veremåte vil smitte over på politiske leiarar, næringslivsleiarar og sportskjendisar. Han har ein inspirerande leiarstil, seier Fader Toto til nyheitsbyrået AP.

Pave Frans hadde sterk konkurranse til tittelen «Årets Person» av Edward Snowden. Han har skapt furore ved å lekke hemmeleg informasjon om amerikansk etterretning og dei væpna styrkane. Han var tilsett i eit sivilt firma som arbeidde for den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA.

Amerikanske styresmakter meiner Snowden er spion, medan andre igjen kallar han for varslar.

LES OGSÅ: Hvorfor Putin besøker pavene i Roma

Assad kandidat

Bashar Assad

Syrias president Bashar al Assad var ein sterk kandidat.

Foto: Bashar Assad / AP

Andre sterke kandidatar var Syrias president Bashar al Assad, Texas-senatoren Ted Cruz og homoaktivisten Edith Windsor. Det er ho som har fått æra for at homofile no kan gifte seg i stadig fleire amerikanske delstatar.

I fjor var det USAS president Barack Obama som vart kåra til «Årets Person».

Det er redaktørane i Time Magazine som står for kåringa. I tillegg er det ei ekstrakåring basert på kva lesarane meiner. Vinnar i denne kåringa var den egyptiske forsvarsministeren og generalen Abel-Fattah el-Sissi, den nye sterke mannen i Egypt.

Han kom ikkje på topp 10-lista til Time-redaktørane. Her er lista over «Årets Person» dei siste åra: Time magazine