Hopp til innhold

Paven vil ha forhandlingar om Nord-Korea

Pave Frans meiner det bør innleiast forhandlingar for løyse Nord-Korea-konflikten på diplomatisk vis. Noreg er eitt av fleire land som bør kunne stå får meklinga, meiner han.

Egypt Pope

Paven heldt pressekonferanse på flyet heim frå Egypt.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Forholdet mellom USA og Nord-Korea er blitt så spent at det er nødvendig å «kjøle ned» situasjonen ved hjelp av eit anna land som kan mekle, meiner paven.

Han kommenterte konflikten då han møtte pressa om bord på flyet frå Egypt til Vatikanet. Han sa at situasjonen er blitt så alvorleg at verda risikerer ein svært øydeleggjande atomkrig.

Nord-Korea parade

Ifølgje det offisielle nyheitsbyrået i Nord-Korea er dette ballistiske missilar som blei viste fram i ein militærparade i Pyongyang i samband med 105-årsdagen for avdøde Kim Il-sun.

Foto: Str / AFP

– Noreg kan mekle

– Eg ber alle politiske leiarar om å arbeide for å finne ei løysing på problema gjennom diplomati, sa paven.

– Det er mange land, til dømes Noreg, som har erfaring med å leggje til rette, med å forhandle. Noreg er alltid klar til å hjelpe. Dette er eitt av mange land som vil kunne bidra, sa han.

Noreg forhandla fram Osloavtalen mellom Israel og Palestina på 1990-talet, og har også spelt ei sentral rolle som meklar i mange andre konfliktar.

Vil møte Trump

Paven oppfordra FN til å presse på for å finne ei løysing på konflikten. Han sa også at han er klar til å møte president Donald Trump når han kjem til Europa i slutten av mai.

Laurdag gjennomførte Nord-Korea nok ein rakett-test. Få timar seinare blei det kjent at forsvaret i Sør-Korea var i gang med ei ny militærøving saman med amerikanske marineskip.

Tryggingsrådet i FN diskuterte Nord-Korea-konflikten fredag. Der sa den amerikanske utanriksministeren, Rex Tillerson, at USA vurderer nye sanksjonar dersom landet gjennomfører fleire testar av atomvåpen.

USS Carl Vinson

Det amerikanske hangarskipet Carl Vinson deltar i militærøvinga med Sør-Korea som starta laurdag.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt