Hopp til innhold

Parlamentsvalet i Egypt var ugyldig

Den tidligere Mubarak-ministeren Ahmed Shafiq har ikkje for nære relasjonar til det gamle regimet i Egypt, og får stille til avgjerande runde i presidentvalet. Samstundes seier egyptisk høgsterett at parlamentsvalet tidlegare i år var ugyldig.

Parlamentet i Egypt

VERT AVVIKLA: Parlamentet vart valt på ein grunnlovsstridig måte, har egyptisk høgsterett sagt torsdag. Det tyder at eit nyval må til, og at militærrådet tek over førebels.

Foto: Asmaa Waguih / Ap

Egypts tidlegare statsminister Ahmed Shafiq

FÅR STILLE: Tidlegare statsminister Ahmed Shafiq får stille i andre og avgjerande valrunde.

Foto: Victoria Hazou / Ap

– Alle her demonstrerer mot at Shafiq skal få delta i valet. Han er ein del av det gamle regimet, og om han får delta vidare, så er det pinleg for Egypt og revolusjonen, seier Mohamed Abdel Qudous.

Han var ein av mange demonstrantar som hadde samla seg utanfor egyptisk høgsterett i dag. Dei demonstrerte mot Ahmed Shafiqs kandidatur til presidentvalet, fordi dei meiner han står for nært Mubarak-regimet.

I april vedtok parlamentet at alle med for nære band til det gamle regimet ikkje kunne stille i valet. Men trass i det vart ikkje demonstrantane høyrde, og egyptisk høgsterett har no slått fast at Shafiq kan stille til andre og avgjerande runde i presidentvalet på laurdag og sundag.

Heile parlamentet kan verte avvikla

Høgsterett avgjorde òg at medlemmene i parlamentet vart valde på ein grunnlovsstridig måte tidlegare i år. Det tyder at eit nyval må til, og at det frykta militærrådet igjen vil sitje med den lovgjevande makta.

– Me ynskjer ikkje at dette skal skje, men høgsterett har bestemt at militærrådet skal ta over makta att, seier ei kjelde i militæret til det egyptiske nyheitsbyrået MENA.

Dei fyrste meldingane frå Kairo sa at berre ein tredel av parlamentsseta vart valde grunnlovsstridig. No har derimot retten stadfesta at det gjeld heile parlamentet.

– Parlamentet skal avviklast fordi lova som valet byggjer på strider imot grunnlova, sa Farouk Sultan, rettens leiar, i fylge Reuters.

- Eit militærkupp

Korleis dette skal gjerast i praksis er framleis usikkert, men det skaper forvirring og utryggleik berre dagar før eit presidentval som skulle skape ro i Egypt, halvtanna år etter revolusjonen.

Den muslimske brorskapen ser på avgjerda i Høgsterett som eit militærkupp, og som eit klart forsøk på å svekkje islamistiane sin maktposisjon.

- Dersom nasjonalforsamlinga blir oppløyst, vil landet gå inn i ein mørk tunnel. Den komande presidenten vil korkje ha ei nasjonalforsamling eller ei grunnlov å forhalde seg til, seier Essam el-Erian i Den muslimske brorskapen til nyheitsbyrået Reuters.

Det er det herskande militærrådet som avgjer kva som skal skje vidare, og rådet held eit krisemøte i kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt