Hopp til innhold

Palestinar drepen av israelske soldatar

Israelske soldatar har drepe ein palestinar nord på Gazastripa, opplyser sjukehuskjelder. Palestinaren deltok i ein demonstrasjon etter fredagsbøna i Beit Hanun, rett ved grensa til Israel.

Israel Gaza

Hamas sine sikkerheitsstyrkar prøver å hindre palestinske demonstrantar frå å nærme seg grensa til Israel 30. mars.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Ifølgje kjeldene hadde eit tital palestinske menn gått mot grensa, trass i at Hamas' eiga politistyrke prøvde å stoppe dei.

Dei israelske soldatane byrja å skyte mot dei då dei heldt fram med å gå mot grensa. Eit tital personar blei såra under skytinga.

Demonstrantane markerer landdagen

Landdagen er ein årleg markering for å minnast hendingane den 30. mars 1976, då protestar mot Israel sine planar om å konfiskere palestinskeigd land i Israel enda med at israelske sikkerheitsstyrker drap seks palestinere og såra 96 personar.

Samanstøyt

Også på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem var det samanstøytar mellom palestinarar og israelske soldatar etter fredagsbøna.

I alt blei 281 personar såra, ifølgje palestinske sjukehuskjelder.

SISTE NYTT

Siste nytt