Hopp til innhold

Ber innbyggjarar i Aust-Ukraina om å evakuere umiddelbart

Bomber frå russiske styrker skal ha sette fyr på ti høgblokker i ein by i Luhansk, seier guvernøren i regionen.

Bygning brenner i Sievjerodonetsk

Onsdag står fleire bygningar i brann i Sievjerodonetsk etter at russiske angrep har råka byen.

Foto: FADEL SENNA / AFP

Samtidig ber ukrainske styresmakter innbyggjarar i Aust-Ukraina om å evakuere umiddelbart, i frykt for ein ny russisk offensiv i aust.

Dei som ikkje evakuerer «risikerer livet», åtvarar styresmaktene.

Guvernørar i Kharkiv, Luhansk og Donetsk-regionane ber befolkninga om å evakuere og sørge for evakueringar skjer på organisert vis, skriv visestatsminister Iryna Veresjtsjuk på Telegram.

Veresjtsjuk bad innbyggjarane om å samarbeide med styresmaktene, og sa at Kyiv ikkje vil vere i stand til å hjelpe dei etter eit angrep.

– Det er nødvendig å evakuere så lenge denne moglegheita eksisterer, skreiv Veresjtsjuk, ifølge AFP.

Begge partane i konflikten førebur seg på ein russisk offensiv for å ta kontroll over industriområda i landet. Russiskstøttene separatistar har kontrollert deler av Luhansk og nabofylket Donetsk i aust sida 2014.

Venter på å bli evakuert fra Kharkiv

Styresmaktene ber befolkninga om å evakuere frå Aust-Ukraina.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Ti høgblokker i byen Sievjerodonetsk søraust i Ukraina skal stå i flammar etter at russiske styrker skal ha angrepet byen, ifølge guvernøren i Luhansk-regionen, Sergiy Gaiday, skriv Reuters.

Eit nærliggande kjøpesenter og eit parkeringshus skal også ha blitt treft under angrepet, ifølge Gaiday, som seier at ingen militære mål vart treft.

Det er ikkje klart om nokon vart skadd under angrepa.

Ein ikkje namngitt bebuar i Butsja fortel om korleis dei russiske soldatane okkuperte og øydela byen hans.

Ein ikkje namngitt bebuar i Butsja fortel om korleis dei russiske soldatane okkuperte og øydela byen hans.

Foto: AP

Overlevande om angrepa

Overlevande fortel om angrepa i Butsja.

Ein 72 år gammal mann og dotter hans fortel korleis soldatar skal ha drepe ektemannen til dottera på fortauet.

Russiske soldatar knuste inngangsporten utanfor bustaden på hjørnet av Yablonska-gata. Deretter skaut dei mot huset, fortel Volodymyr Abramov til BBC.

Gatene i Butsja er heilt sønderknuste. Utbrente stridsvogner står i gatene, og aska ligg tjukk. Det har vore fleire dagar med harde kampar i den vesle byen utanfor Kiyv.

Gatene i Butsja er heilt sønderknuste. Utbrente stridsvogner står i gatene, og oska ligg tjukk.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Abramov fortel korleis soldatane drog han, den 48 år gamle dotter hans, Iryna, og den 40 år gamle ektemannen hennar, Oleg, utav huset.

Soldatane tok deretter med seg Oleg ut på fortauet.

Så skal dei ha kasta ein granat inn gjennom inngangsdøra i huset. Det utløyste ein øyredøyvande eksplosjon og brann i huset.

Liket av seks sivile blir båre bort i Butsja tysdag.

Seks forbrente lik vart tysdag oppdaga i Butsja.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Avretta på fortauet

Volodymyr seier at han greip fatt i eit lite brannsløkkingsapparat og forgjeves prøvde å sløkkje flammane.

– Kvar er Oleg? Oleg vil hjelpe! ropte han til dottera.

Men svaret kom i staden frå ein tsjetsjensk soldat, seier han.

– Oleg kan ikkje hjelpe deg lenger.

Etterpå skal dei ha funne Oleg, som var sveisar av yrke, liggjande på fortauet.

Dei seier dei skjønte, ut frå måten han låg på, at han hadde blitt tvinga til å knele. Så hadde han blitt skoten i hovudet på kloss hald, ifølgje Iryna.

– Eg skulle ønske dei hadde drepe meg òg, seier Iryna til BBC.

Brente lik funne i Butsja

Historiene om død og vald er mange i Butsja. Tysdag vart seks forkola lik funne i den øydelagde Kyiv-forstaden. Dei var lagt saman i ein haug.

Korleis dei vart drepne eller kven dei var, er ikkje kjent. Men det skal dreie seg om tre kvinner, to menn og ei tenåringsjente, ifølgje lokalt politi.

I ein annan Kyiv-forstad nær Butsja, Borodjanka, fortel 72 år gamle Nina om korleis soldatar retta våpen mot henne.

Skadane på Borodjanka er enorme, med utbomba bustadblokkar.

Nina 72 frå Borodyanka i Ukraina

72 år gamle Nina fortel at dei russiske soldatane retta våpen mot henne.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Ukrainske tenestemenn seier at minst 420 døde sivile er funne i mindre byar og forstadar rundt Kyiv som er gjenerobra frå russiske styrkar.

400 sakna i Hostomel

I Kyiv-forstaden Hostomel er rundt 400 innbyggjarar sakna etter 35 dagar med russisk okkupasjon, ifølgje leiaren for den lokale militæradministrasjonen.

Ukrainske styresmakter søkjer no gjennom kjellarar i området, uttaler Taras Dumenko til ein lokal radiostasjon, som vert sitert av avisa Ukrajinska Pravda.

Det er ingen spor etter ektemannen og sonen til ein lokal lege. Dei to skal ha blive bortførte for 12 dagar sidan.

Lika etter andre som ein veit er drepne er heller ikkje funne, seier Dumenko.

Hostomel ligg nordvest for hovudstaden og nær Antonov-flyplassen, som var mellom dei første plassane russarane angreip. Dei fleste av dei 16.000 innbyggjarane flykta.

For nokre dagar sidan tok ukrainske styrker tilbake kontroll over Hostomel, samt Butsja og ein tredje Kyiv-forstad, Irpin. Fleire omkomne frå Hostomel skal vere funne i Butsja.

– Målretta drap på sivile i Butsja

FNs høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, sa måndag at bilda frå Butsja «reiser alvorlege og urovekkande spørsmål om mogelege krigslovbrot».

Tysdag følgde ein talsperson for Bachelets opp og understreka at overlagde drap på sivile i krig er eit brot på folkeretten.

– Det vi snakkar om her, ser ut til å vere direkte og målretta drap på sivile, seier Liz Throssell.

Throssell understrekar at OHCHR ikkje har hatt etterforskarar i Butsja.

En journalist står ved siden av en massegrav i Butsja, i utkanten av Ukrainas hovedstad Kyiv, tirsdag.

Ei massegrav i Butsja vart avdekka laurdag. Tysdag var lika henta opp og lagde i kister.

Foto: Rodrigo Abd / AP

Trur det er fleire byar som Butsja

Amerikanske styresmakter fryktar at dei grufulle bilda frå Butsja berre skal vere toppen av isfjellet av russisk aggresjon.

– Russiske styrker har truleg og gjort grufulle ting andre stader i Ukraina som ein enno ikkje har fått tilgang til, seier president Joe Biden si talskvinne, Jen Psaki.

Det ligger døde i gatene i Butsja i Ukraina. NRKs korrespondent Morten Jentoft forteller om grusomme syn.

Det ligg døde i gatene i Butsja i Ukraina. NRKs korrespondent Morten Jentoft fortel om grufulle syn.

Kina vil ha Butsja-bilete verifiserte

Kinas FN-ambassadør Zhang Jun seier satellittbilda frå Butsja som viser døde sivile er «svært urovekkande», melder Reuters.

Zhang Jun seier det er viktig at bilda frå Kyiv-forstaden vert verifiserte og at det ikkje kjem falske skuldingar. Han er dermed ikkje klar til å legge ansvaret på Russland før det er stadfesta at bilda er ekte.

Satellittbilde som vart lagt fram måndag, viser at mange sivile låg døde i gatene i fleire veker då russarane hadde kontroll i byen. Russland har avvist skuldingane. Dei seier at bilda er iscenesette.

Tanya Nedashkivs'ka sitter på kne og sørger over mannen sin som ble drept i Butsja i Ukraina. 4. april 2022

Tanya Nedashkivs'ka (57) sørgjer over ektemannen som vart drepen i Butsja.

Foto: Rodrigo Abd / AP

I møtet i Tryggingsrådet i FN tysdag snudde India og fordømte for første gong Russlands framferd i Ukraina. India fordømte drapa på sivile i Butsja og bad om ei uavhengig gransking.

I tidlegare møte har India avstått frå å kritisere Russland, saman med Kina og Emiratane.

FN: Nesten 1500 sivile drepne

Sidan russiske styrkar invaderte Ukraina 24. februar, har FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) registrert 1480 sivile dødsfall og 2195 skadde. Av dei døde skal 61 vere barn, skriv OHCHR i sin daglege oppdatering.

Dei fleste av dei registrerte sivile offera døydde som følgje av bruk av eksplosive våpen med eit breitt nedslagsområde. FN seier dei trur at det faktiske talet er mykje høgare.

SISTE NYTT

Siste nytt