Hopp til innhold

Zelenskyj: – Dei er som terroristane frå IS

Volodymyr Zelenskyj meiner at russarane har oppført seg som terroristane frå IS. No krev han handling frå FN.

TALTE PÅ VIDEO: Ukrainas president Volodomyr Zelinskyj la ikkje skjul på sinnet sitt då han talte for FN sitt sikkerheitsråd tysdag.

Med sterk og klar røyst gav Zelenskyj klar beskjed til toppdiplomatane i FN om kva han meiner om det som har skjedd i krigen.

Særleg la han vekt på dei grusomme hendingane i byen Butsja, der mange sivile er drepne og etterlatne.

– Dei er som terroristane frå IS, sa presidenten på videolink frå Kyiv.

Sko i en veikryss i Butsja.

Handlingane mot sivile i Butsja har opprørt ei heil verd.

Foto: Morten Jentoft / NRK

Krev handling frå FN

– Eg har nyleg returnert frå Butsja. Russiske styrker har skote og drepe, og prøvd å brenne kroppane. Dei blei drepne heime, knuste av stridsvogner, sa Zelenskyj.

Han samanlikna hendingane i Butsja og andre byar med den terrorismen verda såg frå IS på 2010-talet.

– Folk blei torturert, dette har blitt gjort av eit medlemsland av Sikkerheitsrådet, sa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Han etterlyste også handling frå FN.

– Kvar er tryggleiken som Sikkerheitsrådet skal garantere, spurte presidenten retorisk.

Men kva Sikkerheitsrådet faktisk kan gjere så lenge Russland kan legge ned veto mot alt, er meir uklart.

– Ukraina kan nok ikkje håpe at Sikkerheitsrådet skal kome til noko form for avgjerd eller semje. Men det er klart at det er ei viktig scene.

Det seier forskingsleiar ved Institutt for fredsforskning, Henrik Urdal.

– Det å få Zelenskyj på storskjerm er viktig for å bevisstgjere verda på det som skjer i Ukraina, sa Urdal i Dagsnytt 18 tysdag.

Les også NRK i Butsja: – Ligger fremdeles døde i gatene

Morten Jentoft i Butsja utenfor Kyiv 3. april.

Hevdar bileta er falske

Under ein pressekonferanse måndag hevda Russland sin FN-ambassadør at bileta og videoane frå Butsja er sett i scene og at det er ein provokasjon.

FN-ambassadør Vasilij Nebenzia tok ordet igjen tysdag og hevda nok ein gong at bileta frå Butsja er falske.

Men dette blir sterkt tilbakevist frå andre som har sett byen og hendingane på nært hald.

– Vi ser dei verste krigsforbrytelsane sidan andre verdskrigen, sa president Volodymyr Zelenskyj.

Såg det på nært hald

Nebenzia hevda at det ikkje er nokon augevitne som kan stadfeste påstandane om sivile tap og lemlestelsar.

Men den erfarne NRK-journalisten Morten Jentoft er ein av dei som har sett grusomheitene i Butsja på nært hald.

– Det vi har sett er nesten ikkje til å beskrive, noko av det aller sterkaste eg har opplevd som journalist, sa Jentoft etter at han var i Butsja.

Sjølv om Sikkerheitsrådet er bundne på hender og føter i Ukraina-krisa, har EU og USA klart å gjennomføre omfattande sanksjonar mot Russland.

Fleire sentrale europeiske politikarar har besøkt Ukraina den siste tida.

No vurderer også utanriksminister Anniken Huitfeldt og dei andre nordiske utanriksministrane, å reise til Kyiv for å møte Volodomyr Zelenskyj.

– Dette er eit tema vi diskuterte her i dag, sa utanriksministeren til NRK etter eit møte i Berlin tysdag.

SISTE NYTT

Siste nytt