Hopp til innhold

Ragnheiður vakna av at senga rista – 11.000 jordskjelv på Island på ei veke

Sidan 24. februar har det vore ein sverm av jordskjelv på Island. – Det kjem ikkje lenger som eit sjokk, men det er alltid ubehageleg, seier Ragnheiður Harvey frå Reykjavík.

Ragnheiður Harvey

VANE MED JORDSKJELV: Ragnheiður Harvey frå Reykjavík er vane med jordskjelv, men synest det har vore litt vel mange dei siste dagane.

Foto: Privat

Dei siste dagane har det vore uvanleg mange jordskjelv i området rundt Reykjaneshalvøya på Island, like nær Reykjavik der Ragnheiður Harvey bur.

– Kva skjer? Det er det første spørsmålet ein stiller seg når ein høyrer på radioen at det har vore eit jordskjelv. Øyra spissar seg.

Ho har fleire gongar vakna av at heile senga ristar. Sjølv om ho har opplevd både jordskjelv og vulkanutbrot i løpet av livet, synest ho framleis slike periodar er ubehagelege.

– Det er så uføreseieleg. Du blir aldri vane med det. Det er ingenting som er usedvanleg på Island når det gjeld naturen.

Meir enn 10.000 jordskjelv på mindre enn ei veke

24. Februar starta ein intens sverm av jordskjelv på Reykjaneshalvøya. Sidan då er det registrert over 11.000 større og mindre jordskjelv på Island, melder Islands meteorologiske institutt på Twitter.

Islands meteorologiske institutt- jordskjelv

JORDSKJELV: Totalt 250 jordskjelv målt til styrke 3 eller meir er registrert i området sidan 24. februar.

Foto: Islands meteorologiske institutt

Jordskjelvsvermen held på enno, og berre dei siste 48 timane er det målt tre jordskjelv med styrke på 4.7 eller meir.

Dette er fleire enn det som er vanleg, seier geolog Ólafur Flovenz, som er busett i Reykjavík.

Sist det var ein periode med så mange jordskjelv på Reykjaneshalvøya, var på 1970-talet, seier han.

– Det har vore stor aktivitet dei siste dagane. Det har vore irriterande, men er ikkje problematisk.

Lokal redningsteneste Grindaheim, Island

REDNINGSSENTRAL SKJERPAR INN: I samband med dei mange jordskjelva i området, sette redningstenesta i Grindaheim opp ein treningsleir for å sikre at dei er godt nok førebudd på eventuelle katastrofar. Det stadfestar Otti Sigmarsson ved redningstenesta Björgunarsveitin Þorbjörn til NRK.

Foto: Björgunarsveitin Þorbjörn

Større sjanse for vulkanutbrot

Det er ikkje berre stor jordskjelvfare på Reykjaneshalvøya no. Det er også større sjanse for vulkanutbrot.

– Det er no tydelege teikn på at lava er på veg opp mot den tynne skorpa på Island. Men det står att å sjå om det vil føre til eit utbrot no eller seinare.

Han trur likevel ikkje at det er stor fare for at ei ny oskesky skal stenge ned flytrafikken i Europa, slik som i 2010.

Han trur at dersom det blir eit nytt vulkanutbrot, vil det vere mykje mindre enn det vi såg då.

Han forsikrar at Islandske styresmakter er godt førebudde på både jordskjelv og vulkanutbrot.

Vulkansky

OSKESKY: Slik såg det ut etter eit vulkanutbrot på Island i 2010. Geolog Ólafur Flovenz i Reykjavík trur ikkje det er stor fare for liknande utbrot i nærmaste framtid.

Foto: NRK

Det inntrykket delar også Ragnheiður. Ho har vakse opp på Island og er etter kvart blitt godt vane med jordskjelv. Ho veit kva ho skal gjere når bakken under ho ristar så mykje at bileta byrjar å dette ned frå veggane.

– Då går me under døropninga. Det er det sikraste når ein ikkje kjem seg heilt ut, slik som eg som bur i fjerde etasje.

Sjølv om ho synest det er ubehageleg å oppleve så mange jordskjelv, meiner ho ikkje det er risikabelt å bu på Island.

– Det er slett ikkje truande å bu her. Det kan gå lang tid mellom kvar gong slike utbrot skjer.

SISTE NYTT

Siste nytt