Hopp til innhold

Orkanen «Ida» oppgradert til kategori 4 orkan

Orkanen «Ida» er venta å nå land i New Orleans-området søndag. Louisiana har erklært naudssituasjon før orkanen treffer.

Køer på flyplassen i New Orleans

På flyplassen i New Orleans er det lange køar av folk som evakuerer byen før orkanen treffer land.

Foto: SCOTT OLSON / AFP

Orkanen «Ida» ramma Cuba fredag med kraftig vind og stormflo på opp til 1,8 meter. Over 10.000 menneske blei evakuert. Straumen blei kutta fleire stader for å hindre ulukker, melder AFP.

I Havana blei kollektivtrafikken stoppa.

Laurdag flytta «Ida» seg bort frå Cuba og inn i Mexicogolfen. Der er venta at uveret vil intensivere seg i løpet av dei neste timane før det kjem over Louisiana -kysten søndag ettermiddag eller kveld.

Orkanen er venta å auke i styrke, og er no oppgradert til ein kategori 4 orkan, melder AFP.

Kategori 4 er den nest høgaste på Saffir-Simpson skalaen. Orkanen blir rekna som ekstremt farleg av USAs nasjonale orkansenter.

Nylege satellittbilde viste at stormen allereie har forsterka seg, og at han utviklar seg raskare enn det ekspertane først trudde.

Ber folk reise

I Louisiana og Mississippi er det sendt ut orkanvarsel. Det er sett i gang evakuering av områda utanfor dika i New Orleans og andre utsette for flaum byar på kysten.

– Folk pakkar saman og reiser no. Vi veit at dette kjem til å bli heftig, seier Scooter Resweber, som er politisjef i Grand Isle til nola.com.

Forberedelser til orkanen Ida i New Orleans

Butikkane i New Orleans blir sikra før orkanen «Ida» er venta å treffe land søndag.

Foto: MARCO BELLO / Reuters

Ordførar i New Orleans LaToya Cnatrell anbefalte laurdag innbyggarane om å komme seg ut av byen.

– Tida er ikkje på vår side. «Ida» veks raskt. Ho blir intensivert, sa ordføraren på ein pressekonferanse.

Louisiana har erklært naudssituasjon før orkanen treffer.

Pandemien skaper også utfordringar for korleis staten skal møte uveret. Louisiana er hardt ramma av covid-19, og presset mot sjukehusa aukar.

Les også: Nordmann bor i New Orleans: – Det er tredje verden-tilstander her

Hamstrar mat og drivstoff

Både i Louisiana og Mississippi har det danna seg køar av folk som har begynt å hamstre drivstoff og matvarer for å bu seg på det som kjem.

USAs nasjonale orkansenter åtvarar mot store nedbørsmengder og flaum i forbindelse med orkanen.

Joe Biden om orkanen Ida

President Joe Biden lovar å hjelpe delstatane som blir ramma av orkanen.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Guvernør i Louisiana, John Bel Edwards, åtvara mot at stormen kan bli ein av dei største som har ramma staten på 150 år.

– Der du legg deg i kveld, er der du må vere gjennom stormen. Og stormen kjem til å bli veldig alvorleg, sa han til dei som ikkje evakuerer.

Også president Joe Biden sa at Ida «blir til ein veldig, veldig farleg storm» og at den føderale regjeringa er klar til å gi hjelp.

Ein trur orkanen vil ha vind opp til 209 km/t.

Tett trafikk ut av Louisiana for å komma seg unna uvêret

FLYKTAR FRÅ IDA: Tett trafikk ut av Louisiana for å komma seg unna uvêret

Foto: ADREES LATIF / Reuters

16 år etter «Katrina»

Louisiana har fleire gongar vore ramma av kraftige stormar. New Orleans er framleis prega av orkanen «Katrina» som ramma byen i 2005.

Sjølv om «Katrina» ikkje var spesielt kraftig, førte ho med seg ei massiv stormflo som braut ned nokre av dika og la 80 prosent av New Orleans under vatn. Over 1.800 menneske miste livet i katastrofen.

New Orleans under vann etter orkanen Katarina

Orkanen «Katrina» la store delar av New Orleans under vatn i 2005. Orkanen «Ida» er venta å ramme byen nesten på dagen 16 år etter.

Foto: DAVID J. PHILLIP / Ap

Les også: Frykter orkanen «Barry» kan legge New Orleans under vann

«Ida» vil ramme byen om lag på same dato som uveret for 16 år sidan.

– Det er frykteleg å tenke på at enda ein kraftig storm, som orkanen «Ida», skal komme på denne datoen. Men eg vil at de skal vite at situasjonen ikkje er den same som for 16 år sidan, sa guvernør i Louisiana John Bel Edwards på ein pressekonferanse.

SISTE NYTT

Siste nytt