NRK Meny
Normal

Flyttar 70.000 skilpaddeegg

I går starta arbeidet med å evakuere 70.000 uklekka skjelpadder frå strendene langs den oljetilsøla Mexicogolfen.

Amerikanske styresmakter starta fredag arbeidet med å grave fram og transportere om lag 70.000 havskjelpadde-egg frå strendene langs den oljetilsøla kystlinja.

– Det ville vore ein dødsdom for nyklekte skjelpadder å symje rett ut i den oljetilgrisa kysten, seier talsmann for U.S. Fish and Wildlife Service, Charles Underwood til nyheitsbyrået Reuters.

Skjelpadde-egga skal flyttast frå Golfen til strender ved Atlanterhavskysten.

Største omplassering nokonsinne

Sidan 30.april har meir enn 425 skjelpadder døydd av oljesølet i Mexicogolfen, opplyser Den amerikanske hav- og atmosfæreorganisasjonen, NOAA.

Det er venta at det vil ta om lag to og ein halv månad å flytte egga. Ifølgje Underwood er dette den desidert mest omfattande omplasseringa av skjelpaddeegg nokonsinne.

– Omplasseringar i mindre skala skjer frå tid til annan, men aldri før har ein forsøkt å gjennomføra ein så omfattande prosess som den vi skal til med no, seier talsmannen.

Utrydningstruga

Egga som no skal flyttast, tilhøyrer hovudsakleg arta «Uekte karett», ei av totalt fem utrydningstruga havskjelpaddeartar som held til langs den amerikanske golfkysten.

Uekte karett er verdas største hardskalla skjelpadde. Vaksne eksemplar kan bli to meter og vege opptil 450 kilo.

Første spadetak i dag

Flytteprosessen startar for fullt om ei veke, men i går var dei første marinbiologane på plass på strendene ved St. Joseph's Bay, Panama City i den amerikanske delstaten Florida.

Med spadar og anna utstyr tok ekspertane fatt på det mødesame arbeidet med å grave fram tusenvis av egg under sanden.

Hastar med flytting

Flyttinga må skje før egga vert klekte. Nyfødde havskjelpadder søkjer instinktiv kortaste vegen til sjøkanten.

– Då ville vi ha mista fleisteparten av dei små skjelpaddene, om ikkje alle, seier talsmannen Underwood.

Oljeutsleppet i Mexicogolfen starta då ein av BP sine oljeriggar vart råka av ein eksplosjon den 20. april i år.

Olja fløymer framleis inn over strendene i dei amerikanske golfkyststatane. BP har eit mål om å ha stoppa utsleppet heilt i august.





Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt