Gir BP frist på 24 timar

Amerikanske styresmakter har gitt oljeselskapet BP ein frist på 24 timar til å leggje fram nye planar for å stanse oljelekkasjen i Mexicogolfen.

Thad Allen handterer oljekrisa for amerikanske styresmakter.

Thad Allen handterer oljekatastrofen for amerikanske styresmakter.

Foto: Dave Martin / Ap

Thad Allen, som har ansvaret for saka i den amerikanske regjeringa, seier at arbeidet med å stanse utblåsinga i Mexicogolfen no har nådd ein kritisk fase. Han seier at BP må leggje fram deltaljerte planar, også med tidsfristar, for korleis selskapet vil stanse utsleppet.

LES OGSÅ: BP-aksjen steg kraftig i New York

LES OGSÅ; Storbritannia frykter BP-kollaps

Detaljert informasjon

BP skal prøve å byte ut lokket dei delvis har lagt over utblåsinga med eit endå betre og tryggare lokk, og i tillegg få på plass eit tredje tankskip til å samle opp oljen.

Opprydningsarbeid i Mexicogolfen

Oppryddingsarbeidet har den siste tida vore hindra av dårleg ver.

Foto: LYLE RATLIFF / Reuters

- For at vi skal greie dette er det naudsynt at eg får detaljert informasjon om kva planar BP har, skriv Thad Allen i eit brev til selskapet. Han viser til at det er stor fare for at mengda av olje som lek ut i havet, kan kome til å auke.

BP dempa tidlegare i dag forventingane tiol at dei kan klare å stanse oljeutsleppet i Mexicogolfen i løpet av denne månaden. Det er dårleg ver i området, noko som har gjort oppryddingsarbeidet vanskeleg. Store mengder olje når framleisstrendene langs Mexicogolfen.

LES OGSÅ: 75 dager med oljeutslipp i Mexicogolfen

LES OGSÅ: BP-aksjonærer vil bli kvitt Svanberg

Håpar på august

BP-toppen Robert Dudley sa i går at BP kan greie å stanse utsleppet innan 27. juli, men at dette berre er mogleg om det ikkje kjem nye forseinkingar. No snakkar selskapet om at utblåsinga kan vere stansa i løpet av august.

Nyheitsbyrået AFP melder at det kvar dag lek ut rundt sju millionar liter olje i Mexicogolfen. Oljeutsleppet er den verste oljekatastrofen i amerikansk historie.

Fleire hundre kilometer kystline i fire amerikanske delstatar er tilgrisa, og fiskeindustrien har fått store problem.

Utsleppet er alt 10 gonger større enn etter Exxon Valdez-ulukka i 1989.

LES OGSÅ: Denne supertankeren kan suge opp 80 millioner liter olje per dag

LES OGSÅ: Oljeopprydning lammes av uvær

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt