Hopp til innhold

Arabiske observatørar skal halde fram arbeidet i Syria

Den arabiske liga vil ikkje kalle tilbake observatørstyrken i Syria, trass i sterk kritikk frå den syriske opposisjonen.

Den arabiske liga samla til møte i Kairo 8. januar.

Den arabiske liga vil at observatørane i Syria skal halde fram arbeidet sitt.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Syriske demonstrantar i Kairo i Egypt 8. januar.

Syriske demonstrantar i Kairo med ei dokke som skal førestelle Syrias president Bashar al-Assad.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Samstundes vedtok organisasjonen, som har base i den egyptiske hovudstaden Kairo, ei fråsegn der det blir kravd full stans i valdsbruken i Syria både frå styresmaktene og alle væpna grupper i landet.

Kritikk mot observatørane

Den syriske opposisjonen har kritisert observatørane frå Den arabiske liga for ikkje ha oppnådd noko som helst, og at syriske styresmakter hindrar dei i å gjere arbeidet sitt. Opposisjonen har bede om at FN får ansvaret for ein ny observatørstyrke i landet.

I den første rapporten frå observatørane heiter det at dei har blitt utsette for «trakassering» både av styresmaktene og av opposisjonen, men at det er viktig at dei får halde fram arbeidet.

Observatørstyrken i Syria blir leidd av den sudanske generalen Mohammad al-Dabi.

Leiaren for observatørane i Syria er den omstridde sudanske generalen Mohammad al-Dabi.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Det blir også sagt i rapporten av valdsbruken mot demonstrantar har halde fram, og at hæren ikkje har oppfylt lovnaden om å trekkje seg ut frå byar der det har vore uro. Syriske styresmakter har også berre delvis innfridd løftet om å setje fri politiske fangar.

LES OGSÅ: Syriske soldater drept i kamper med desertører

LES OGSÅ: - 21 sivile drepne i Syria laurdag

Døde menneske i gatene

Ifølgje rapporten har gruppa også sett døde menneske i gatene, men styresmaktene og opposisjonen har skulda kvarandre for å stå bak drapa.

Den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera melder i kveld at det er alvorleg usemje internt i observatørkorpset om vegen vidare. Usemja går først og fremst på om det er rett å utvide den arabiske observatørgruppa, eller om ein skal gå inn for eit observatørkorps med sterkare internasjonalt tilsnitt.

Her blir det først og fremst sikta til om ein skal be FN om å engasjere seg sterkare i Syria.

LES OGSÅ: Mange drept av selvmordsbomber i Syria

LES OGSÅ: – Syriske styrker trekker seg ut

LES OGSÅ: Vil trekke arabiske observatører ut av Syria

SISTE NYTT

Siste nytt