Hopp til innhold

- 21 sivile drepne i Syria laurdag

21 sivile er drepne i valdshandlingar i Syria laurdag, opplyser ei menneskerettsgruppe.

Gravferd utvikla seg til støttedemonstrasjon for Bashar al-Assad

Gravferda for offera etter sjølvmordsaksjonen i Damaskus i går utvikla seg til ein støttedemonstrasjon for det syriske regimet.

Foto: Muzaffar Salman / Ap

17 sivile er drepne av syriske tryggingsstyrkar, medan fire andre vart drepne då det vart avfyrt ein granat mot ein demonstrasjon til støtte for det sitjande regimet til Bashar al-Assad.

Verst i Homs og Idlib

Anti-Assad demonstrasjon i Kafranbel i Syria.

Frå ein stor demonstrasjon mot Assad-regimet i byen Kafranbel i Syria i går.

Foto: HANDOUT / Reuters

Gruppa Syrian Observatory for Human Rights, som har hovudkvarteret sitt i Storbritannia, seier i ei fråsegn at elleve sivile vart drepne i opprørsbastionen Homs sentralt i landet. Blant desse var dei fire som deltok i ein demonstrasjon til støtte for regimet.

Det blir ikkje sagt noko om kven som står bak dette angrepet.

Ti sivile vart drepne i Idlib-provinsen nordvest i landet, opplyser menneskerettsgruppa.

Dette skjedde same dag som dei 26 som vart drepne i eit sjølvmordsangrep i Damaskus fredag, vart gravlagde. Syriske styresmakter lovar å slå tilbake mot angriparane med ein «jarnneve».

Skuldar på Al Qaida

Demonstrasjon mot regimet i Hula i Syria.

Frå demonstrasjonane mot regimet i Hula ikkje langt frå opprørsbastionen Homs, i går.

Foto: HANDOUT / Reuters

Makthavarane i Syria meiner at grupper med tilknyting til den internasjonale terrororganisasjonen Al Qaida stod bak både dette angrepet og eit anna sjølvmordsangrep 23. desember i fjor, der 44 menneske vart drepne.

Opposisjonen skuldar det syriske regimet for sjølv å ha gjennomført desse angrepa, for å skaffe seg sympati i kampen mot den stadig sterkare motstanden mot Bashar al-Assad.

Fleire tusen Assad-tilhengjarar møtte opp til gravferdene i Al Hassan-moskeen i bydelen Midan, der angrepet i går fann stad. Etter gravferdene samla ei stor menneskemengd utanfor moskeen, der dei vifta med syriske flagg og ropte slagord til støtte for Bashar al-Assad.

– Med våre sjeler og vårt blod vil vi ofre oss for deg, Bashar al-Assad, ropte folkemengda.

LES OGSÅ: 18 drept i kamper mellom syriske regjeringsstyrker og desertører

LES OGSÅ: – Syriske styrker trekker seg ut

Mistillit til observatørar

Den syriske opposisjonen har bede Den arabiske liga trekkje sine observatørar ut av Syria og overlate oppgåve til FN. Dei meiner observatørane ikkje greier å gjere oppgåva si på ein skikkeleg måte. FNs generalsekretær Ban Ki-moon har sagt at FN er klar til å drive opplæring av observatørane.

Det er i dag 150 arabiske observatørar i Syria, og 10 nye jordanske observatørar var venta til landet i løpet av laurdag.

LES OGSÅ: Vil trekke arabiske observatører ut av Syria

LES OGSÅ: – Angriper med spikerbomber i Syria

LES OGSÅ: Drapene i Syria fortsetter tross gransking

SISTE NYTT

Siste nytt