Hopp til innhold

Obama avviser flytteplanar for Guantánamo

Det kvite hus har avvist Pentagon sitt forslag til flytting av fengselet på Cuba som for dyrt, og Obama får dermed framleis ikkje innfridd valløftet sitt frå 2008.

US-ATTACKS-GUANTANAMO-FILES

FANGELEIR: Militærbasen Guantanamo på Cuba har vore i drift sidan 1902, men fangeleiren vart først oppretta i 2002, som eit ledd i George W. Bush sin krig mot terror.

Foto: JIM WATSON / Afp

Pentagon reknar med at kostnadane ved å stenge fengselet og bygge eit nytt i USA vil vere 600 millionar dollar, inkludert 350 millionar i byggekostnader. No ber Det kvite hus om revisjon av planen, ifølge Wall Street Journal, som trur at dette blir president Barack Obamas siste forsøk på å nå målet sitt om å stenge det omstridde anlegget.

– Stenging er framleis ein prioritet

Kritikken har vore sterk mot fengselet, og i dag kjem Human Rights Watch med ein rapport der dei ber Obama tiltale fleire i Bush-administrasjonen for tortur.

AFGHANISTAN-USA/ U.S. President Obama announces plans to slow the withdrawal of U.S. troops from Afghanistan while delivering statement at the White House in Washington

FOR DYRT: Det var i eit møte med forsvarsminister Ash Carter 10. november at Obama bad han om å utarbeide ein ny kostnadsplan.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Men planen om å stenge Guantánamo har fått motstand i Kongressen. Seinast sist veke signerte Obama ein ny forsvarslov som vil gjere det vanskelegare å stenge fengselet, sjølv om presidenten la til at han om naudsynt vil overprøve Kongressen.

– Guantánamo er stadig ein rekrutteringsbase for jihadistar. Det er noko som må stoppast, det går imot det vi står form, og eg vil forsvare denne idéen heilt til min siste dag som president, sa han til den franske tv-kanalen iTélé sist veke, der han understreka at stenging av Guantánamo framleis er ein prioritet.

Usikker skjebne for dei 107 innsette

– Nokre av dei innsette har vorte avhøyrde på måtar som går mot våre verdiar. Dette gjer det vanskeleg å føre desse sakene for normale domstolar og følge vanlege rettsprosedyrer, sa Obama.

Fleire av dei innsette har vore halde der i fleire år utan dom, og i dag skriv The Guardian om at ein har helde ein mann frå Jemen der i 13 år i tru om at han var ein trenar for al-Qaida. Dette viser seg å vere feil.

Og dei som får dommar vert dømde av militærdomstolar, kritisert for å vere politiserte. Seinast i går vuderte ein federal domstol legitimiteten av ein tidlegare dom mot ein av Osama bin Ladens medierådgivarar.

I tillegg er det eit ope spørsmål kvar ein skal gjere av dei 107 attverande innsette. Kongressen forbyr administrasjonen å overføre dei til USA, skriv Die Welt. I tillegg vert 59 av dei innsette rekna som for farlege til å flyttast ifølge Wall Street Journal.

Fanger på Guantanamo

107 INNSETTE: Obama har sørga for å få ned talet på innsette, men framleis er det 107 att, som Kongressen vil forby å sende til USA.

Foto: TOMAS VAN HOUTRYVE / AP

SISTE NYTT

Siste nytt