NRK Meny
Normal

Obama åtvarar Bashar al-Assad

USA sin president Barack Obama seier det kjem til å følgjer for Syrias president Bashar al-Assad om han brukar kjemiske våpen mot eiga befolkning.

Obama USA

Obama under ein tale ved forsvarsuniversitetet National Defense University i Washington 3. desember 20121. Presidenten åtvara Bashar al-Assad mot bruk av kjemiske våpen.

Foto: SAUL LOEB / Afp

USA åtvarar regjeringa i Syria mot å bruke kjemiske våpen i krigen mot opprørarane i landet.

President Obama seier at det vil få konsekvensar for Assad om han gjer ein slik «tragisk feil».

– I dag vil eg gjere det klinkande klårt for Assad og dei som er under hans kommando: Verda fylgjer med. Bruk av kjemiske våpen er heilt uakseptabelt, seier Obama ifølgje AFP.

– Førebur saringass

Også utanriksminister Hillary Clinton seier at det går ein «raud linje» for USA ved bruk av kjemiske våpen.

– Igjen rettar me ein veldig sterk åtvaring til regimet til president Bashar al-Assad, seier ho.

Clinton seier USA kjem til å handle om noko slikt skulle skje, men utdjupa ikkje kva reaksjonen kom til å bli.

Åtvaringane kjem samstundes med at etterretning skal ha fanga opp aktivitet i Syria, som kan sjå ut som blanding av kjemikaliar til saringass, hevdar ein anonym amerikansk tenestemann til AFP.

Saringass er ein dødeleg nervegass, brukt som kjemisk våpen mellom anna i to terroråtak i Japan på 90-talet.

Tenestemannen og andre med han skal ha understreka at det ikkje kan slåast fast at Assad har teke ei avgjersle om bruk av kjemiske våpen.

Syria forsikrar

Syria vil ikkje bruke kjemiske våpen mot si eiga befolkning, forsikrar det syriske utenriksdepartementet.

«Syria har gjentekne gonger understreka at denne type våpen, om dei er tilgjengelege, ikkje under nokon omstende kjem til å bli brukte mot eiga befolkning», heiter det i ei fråsegn frå syrisk UD.

Konflikten som braut ut i mars 2011 har til no kravd 41.000 menneskeliv, ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights.

FN sine prognosar spår at flyktningar frå krigen kan auke til så mange som 700.000 i løpet av januar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt