Hopp til innhold

– Syrisk talsmann har hoppa av

Ein talsmann for det syriske utanriksdepartementet har hoppa av og forlate landet. Samstundes trekk også FN sine folk ut av Syria.

SYRIA Jihad Makdissi

Talsmann for det syriske utanriksdepartementet, Jihad Makdissi, skal ha forlate Syria. Han skal ha blitt pressa til å gå av fordi han uttala seg for fritt til media.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Som talsmann for det syriske utanriksdepartementet har Jihad Makdissi hatt i oppgåve å tale på pressekonferansar i Damaskus om korleis Syrias regjering svarar på opprøret mot president Bashar al-Assad.

Dei siste vekene har han likevel forsvunne frå skjermane.

No seier ei diplomatkjelde at Makdissi har hoppa av og er på veg til London.

– Alt eg kan seie er at han er ute av Syria, seier den anonyme kjelda til Reuters.

– Pressa til å gå

Syrian Observatory for Human Rights, den London-baserte syriske eksilorganisasjonen, seier Makdissi vart pressa til å gå av.

– Makdissi vart pressa av folk i presidentpalasset, men ikkje presidenten sjølv, til å fråtre sin stilling. Han er no på veg til London, seier Rami Abdel Rahman til AFP.

Tidlegare på dagen melde regional media at Makdissi hadde fått sparken for å ha kome med utsegn som ikkje var i samsvar med dei offisielle standpunkta til den syriske regjeringa.

FN og EU reiser

FN sa måndag at dei kallar attende fleire av sine internasjonale medarbeidarar i Syria.

– FN har bestemt å sende alle internasjonale medarbeidarar, som ikkje er heilt naudsynte, ut av Syria, og å stoppe alle turar ut av hovudstaden for no, seier Kontoret for samordning for FNs humanitære verksemd (OCHA) i ei kunngjering.

Grunnen skal vere den forverra tryggleikssituasjonen i landet.

FN sine bilkonvoiar har den siste tida hamna i krysselden mellom opprørs- og regjeringsstyrkar, eller blitt kapra for sine forsyningar. Åtte FN-arbeidarar er drepne sidan konflikten byrja, ifølgje AFP.

Opptil 25 av dei 100 internasjonale medarbeidarar i hovudstaden Damaskus skal reise ut av landet denne veka.

Også EU har av tryggleiksomsyn bestemt seg for å redusere sin delegasjon i Damaskus «til eit minimum», seier ein talsperson for EU sin utanrikssjef Catherine Ashton, til Reuters.

EU sitt kontor i Damaskus har vore open medan krigen har gått føre seg.

Syria tanks

Opprørssoldatar frå Syrias Frie Hær samlar seg rundt stridsvogner dei seier dei har erobra frå president Bashar al-Assad sine regjeringsstyrkar.

Foto: ABDALGHNE KAROOF / Reuters

– Assad kan falle når som helst

Leiaren for Den arabiske liga, Nabil al-Arabi, seier i dag at den syriske opposisjonen har sterk framgang både politisk og militært.

Den arabiske liga har akseptert ein opposisjonsallianse med hovudkvarter i Egypt som legitime representantar for opposisjonen.

– Me er i kontakt med dei og representantar frå dei besøkjer oss regelmessig, seier Arabi til AFP.

Han seier opposisjonen gjer nye framsteg for kvar dag som går, men at ligaen ikkje kan sjå bort frå at konflikten i Syria kan spreie seg til andre land i regionen, noko fleire observatørar fryktar.

Luftangrep

Ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights har konflikten som braut ut i mars 2011, til no kosta over 41.000 menneskeliv.

Gruppa meldte måndag at minst tolv menneske er drepne i luftangrep mot byen Ras al-Ain nordaust i landet.

Over 30 menneske skal vere såra etter luftangrepet. Dei drepne er fire sivile og åtte opprørskrigarar, ifølgje eksilgruppa.

En video som har blitt lastet opp på nett, viser ødeleggelsene etter et flyangrep i byen Ras Al Ayn, på grensen mot Tyrkia.

Øydeleggingar etter flyangrep i Syria

SISTE NYTT

Siste nytt