– Ti lokalsamfunn har fått beskjed om å evakuere, og kome seg til trygge område, sa David de León måndag til nyheitsbyrået AP
De León er talsmann for den nasjonale koordineringa ved krisesituasjonar, og seier at det har vore auka aktivitet i vulkanen dei siste dagane.
Volcán de Fuego er ein av dei mest aktive vulkanane i Mellom-Amerika. Den ligg i den sørlege delen av Guatemala, vest for turistbyen Antigu og 65 kilometer sørvest for hovudstaden Guatemala by.
2.995 menneske frå byen Escuintla og to andre distrikt i nærleiken er flytta til evakueringssenter.
Aktiv vulkan
Vulkanen har allereie hatt fleire utbrot i år. I juni mista minst 194 menneske livet etter eit kraftig utbrot frå vulkanen.
Store delar av områda rundt vulkanen såg ut som eit månelandskap dekka av oske. Over 200 menneske er framleis sakna, og ein reknar med at mange av desse framleis ligg gravlagde under massane.
Etter utbrotet i juni fekk styresmaktene i Guatemala kraftig kritikk for måten dei handterte katastrofen. Den gongen fekk ikkje folk i området beskjed om å evakuere, trass fleire varsel om at det kom til å kome eit stort vulkanutbrot.
- Les også:
- Les også: