Hopp til innhold

Overvakingskamera skal vise korleis fuglane har det i Antarktis

Dei første fuglekoloniane i Antarktis har fått kameraovervaking. Og dette er berre starten.

Fotografering av Antarktispetreller i svevet

Antarktispetrell i Jutulsessen.

Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Første kamera kom på plass for eit par veker sidan, så no er vi i gang. Det seier Christina Pedersen på Norsk Polarinstitutt. Ho er prosjektleiar for «Troll observasjonsnettverk».

Troll er den norske forskingsstasjonen i Antarktis. Den ligg i eit fjellområde 23 mil frå kysten. Her er det is på alle kantar. Og enorme mengder fugl. Først og fremst antarktispetrell og snøpetrell.

I mars fortalde NRK historia om det tomme fuglefjellet på Svarthamaren. Svarthamaren er kjent for å ha den største kolonien med antarktispetrell i verda.

Men då forskarane kom dit, var det tomt. Bortsett frå fire døde kyllingar.

– Ville visst meir om vi hadde hatt kamera der

– Hadde vi hatt kamera utplassert på Svarthamaren den gongen, ville vi visst meir enn vi veit i dag. Då hadde vi hatt meir informasjon om det som skjedde før forskarane kom til det tomme fuglefjellet, seier Pedersen.

Polarinstituttet har forska på sjøfuglbestandane på Svarthamaren sidan 1980-talet. Petrellen finn maten sin ute i Sørishavet, men har base langt inne på land. Han er derfor ekstra interessant for forskarane.

No får vi automatiske overvakingssystem to stader her, og vil dermed få betre kunnskap også om det marine miljøet i havet, seier Pedersen.

Timelaps-kamera i Antarktispetrell-kolonien i Jutulsessen i Antarktis

Timelaps-kamera er allereie på plass blant antarktispetrellane i Jutulsessen, ikkje langt frå Troll-stasjonen.

Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Største satsinga i Antarktis til no

Fleire kamera er på veg. Vêrstasjonar skal setjast opp, sensorar skal utplasserast i isen og riggar med instrument setjast ut i Sørishavet. Data skal hentast inn frå atmosfæren, isen, landjorda og havet.

– I dag har vi lite observasjonsdata frå dette området. Det nye nettverket blir svært viktig for å gje forskarane meir kunnskap om klima- og miljøendringar i sør. Vi får ein langt meir komplett tilgang på data, seier Pedersen.

Prislappen er 300 millionar kroner. Forskingsrådet har stilt opp med 157 millionar av dette. Resten kjem frå aktørane som er med i dette samarbeidet - fem norske og tre internasjonale.

Ifølgje Norsk Polarinstitutt er dette den største norske satsinga på forsking i Antarktis sidan Troll blei etablert i 1990.

Snøpetrell i svevet over Troll

Snøpetrell i svevet over Troll.

Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Drone med radar måler is og snø

På forskingsinstituttet NORCE er ei ny droneteneste i ferd med å ta form. Dette blir ei viktig brikke i det nye nettverket.

– Vi skal installere to radarsystem på to store dronar som skal samle inn data over store delar av det norske området Dronning Maud Land. Rekkevidda blir på rundt 1500 kilometer frå Troll, fortel avdelingsleiar Rune Storvold.

Med det nye utstyret kan dei måle nøyaktig kor mykje is og snø det er i dette området. Smelting av is og snø, og «påfyll» av snø, blir registrert heilt presist. Dei vil også kunne sjå kor raskt ismassane bevegar seg ut mot havet.

Dessutan vil radarane kunne måle kor tjukke laga med snø, som ligg oppå isen, er.

– Her vil vi kunne sjå nedbørsmengdene i området år for år, rundt 200 år tilbake i tid. Målingane av snø og is vil kunne gje forskarane eit godt grunnlag for å utarbeide prognosar for utviklinga framover, seier Storvold.

Troll forskningsstasjon i Dronning Maud Land, Antarktis

Forskingsstasjonen Troll ligg i Dronning Maud Land, eit datafattig område i Antarktis.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Ozonlaget, samt CO₂- og metan-nivået vil også etter kvart bli målt med det nye systemet. Og ute ved kysten skal produksjonen av plankton bli registrert med eit kamera som kan skilje mellom 250 fargar.

– I dag blir det gjort målingar av noko av dette på Troll. Men når vi no kan operere over eit stort område med to avanserte radarsystem og kamera, vil forskarane få tilgang på heilt nye data som blir svært viktige for den internasjonale klimaforskinga, seier Storvold.

Viktig for FNs klimapanel

Observasjonsnettverket skal vere komplett i 2027.

– Med det nye nettverket i drift, vil vi kunne få kontinuerleg oppdaterte data frå Antarktis. Det vil gje forskarane ein innsikt som dei ikkje har i dag. Vi vil kunne lage langt betre prognosar om utviklinga som er i vente, seier Ole Arve Misund, direktør for Norsk Polarinstitutt.

Ole Arve Misund, direktør for Norsk Polarinstitutt

Ole Arve Misund, direktør for Norsk Polarinstitutt

Foto: Eivind Molde / NRK

– Er det nødvendig å bruke så mykje pengar på dette?

– Det er absolutt verdt kvar einaste krone. Noreg som polarnasjon har eit spesielt ansvar, også i det internasjonale forskingssamarbeidet. Det er eit samarbeid som vil bli meir omfattande no.

– Har du eksempel på at dette vil komme til nytte internasjonalt?

– Det vil blant anna gå rett inn i arbeidet til FNs klimapanel. Utviklinga i Antarktis er heilt sentral når det gjeld endringar i havnivå og dei globale økosystema.

Troll observasjonsnettverk

Troll observasjonsnettverk slik det er tenkt å sjå ut når alt er på plass. Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NORCE, NILU og NORSAR er norske samarbeidspartnarar i prosjektet, som blir leia av Norsk Polarinstitutt.

Illustrasjon: Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt