Hopp til innhold

Forskarar i Antarktis sjokkerte: Frå 100.000 til null fuglar på to år

I 1984 var det meir enn 400.000 antarktispetrell i fuglefjellet. I 2020 var bestanden krympa til under 100.000. I år var det ingen.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Joanna Sulich står midt oppe i dei bratte fjellskrentane på Svarthamaren i Antarktis.

Rundt henne skulle det no ha vore tusenvis av antarktispetrell. Det er hekkesesong, men ikkje ein einaste fugl er å sjå.

Ingen antarktispetrell. Berre nokre få snøpetrellar og nesten ingen sørjoar, som også hekkar her.

Dette har aldri skjedd før. Svarthamaren er kjent for å ha den største kolonien med antarktispetrell i verda.

Biolog og forskingsteknikar Joanna Sulich ved Svarthamaren i Antarktis

Biolog og forskingsteknikar Joanna Sulich monterer kamera i fuglefjellet.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Dei siste døydde

Joanna Sulich er biolog og forskingsteknikar frå Norsk Polarinstitutt, og er leiar for feltarbeidet på Svarthamaren denne sesongen.

– Oppover her ser vi det som er reirplassane til tusenvis av hekkande petrell. No er det ingen her. Det er rart sjå, det er heilt ekstraordinært, seier Sulich.

Ho fortel at det likevel var teikn til liv då ho og dei andre kom hit.

– I heile kolonien fann vi berre fire kyllingar. Men då stormen hadde roa seg, var også dei døde.

Død antarktispetrell ved Svarthamaren i Antarktis

Døde antarktispetrellar ved Svarthamaren.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

– Trudde ikkje det var sant

Svarthamaren ligg i det norske området Dronning Maud Land, 200 kilometer frå Sørishavet.

Sidan 1992 har Norsk Polarinstitutt hatt den vesle feltstasjonen Tor (1625 moh.) her. Tor er base for det langsiktige forskingsarbeidet for å overvake sjøfuglbestandane på Svarthamaren.

Dette er det einaste fugleforskingsprosjektet med lange tidsseriar og systematisk overvaking i Dronning Maud Land.

Det er knappe 100 kilometer herifrå til forskingsstasjonen Troll.

Forskar og biolog Sébastien Descamps er prosjektleiar for fugleforskinga på Svarthamaren.

Sébastien Descamps

Forskar og biolog Sébastien Descamps, Norsk Polarinstitutt.

Foto: Jan Roald / Norsk Polarinstitutt

– Det var rett og slett sjokkerande. Totalt uventa. Det var vanskeleg å tru at det kunne vere sant. Vi har hatt dårlege sesongar før også, og bestanden har jo gått ned. Men vi har aldri opplevd ein så ekstrem situasjon før, seier Descamps.

Han fortel at bestanden har variert mellom 18.000 og rundt 40.000 par dei siste åra. Tilsvarande mange fugleungar har sett dagens lys i reira på Svarthamaren. Han hadde venta noko liknande i år.

Antarktispetrell hekkar også på fjellet Jutulsessen, nærare Troll. Heller ikkje der er det observert fugl i år.

Forskingsstasjonen Tor ligg ved foten av Svarthamaren i Antarktis

Feltstasjonen Tor ligg ved foten av Svarthamaren.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

Ekstremvêr og dårleg tilgang på mat

– Kva er det som har skjedd, trur du?

– Eg trur at fuglane kom til hekkeplassane sine, som vanleg. Dei vender alltid tilbake til det same reiret som året før. Men på grunn av det kraftige uveret kunne dei ikkje bli verande der, og returnerte derfor til Sørishavet.

– Men er ikkje desse fuglane svært hardføre? Dei lever jo under barske forhold.

– Jau, men dersom fuglane allereie er stressa fordi dei ikkje har funne nok mat ute på havet, er det vanskelegare å takle snøstormane. Vi trur årsaka er todelt: Kraftige stormar kombinert med dårleg tilgang på mat.

Antarktispetrell lever av kril og fisk. Descamps meiner det som har skjedd, er eit kraftig signal om at noko alvorleg er i ferd med å skje ute i Sørishavet.

Antarktispetrell 4

Antarktispetrell – eit vanleg syn ved Svarthamaren. Men ikkje i år.

Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

– Ei varselklokke frå fuglane

– Fuglane fortel oss noko viktig om helsetilstanden til det marine økosystemet. Dette er ei varselklokke. Vi ser at noko er alvorleg gale, det er eit tydeleg signal frå fuglane. Vi må prøve å forstå kva som skjer der, intensivere forskinga både på land og i havet.

Klimaendringane fører til endringar i Sørishavet, både når det gjeld is og temperatur. Descamps seier det er vanskeleg å seie om det som skjer med antarktispetrellen, kan knytast direkte til klimaendringane.

– I Antarktis er det store variasjonar, nokre stader aukar sjøisen, andre stader minkar den, havtemperaturen går opp nokre stader men ikkje like mykje over alt. Eg kan ikkje sjå at det er endringar i sjøis eller temperatur i Sørishavet dei siste 15 åra som utan vidare kan knytast til dette. Vi treng fleire år for å finne ut av dei langsiktige trendane. Eg trur at klimaendringane påverkar, men det er vanskeleg å seie det spesifikt.

Reir med antarktispetrell ved Svathamaren i Antarktis

Figuren viser dei store variasjonane i bestanden av antarktispetrell dei siste tiåra. «Active nests» tyder reir med fuglepar som hekkar. Doblar ein talet på reir/par, får ein det totale talet på fugl i kolonien.

Grafikk: Norsk Polarinstitutt

Fleire døyr

I 2020 var det altså rundt 100.000 hekkande antarktispetrellar på Svarthamaren. Ingen i år. Sébastien Descamps trur at nokon har døydd, men at dei fleste er ute i Sørishavet, og flyg over eit stort område på jakt etter mat. Teorien er at fuglane dreg inn til Svarthamaren for å hekke, men at dei ikkje klarer det, og derfor returnerer.

Forskarane har tal frå perioden 1992-1994 som viser at rundt 95 prosent av fuglane overlevde. I perioden 2001-2013 var dette talet redusert til 87 prosent. Dette er dei ferskaste tala Descamps har. Når færre fugleungar kjem til verda, og fleire må bøte med livet, går talet på fugl naturleg nok ned.

Det finst ikkje oppdatert informasjon om kor stort det samla talet på antarktispetrellar er. Men truleg hekkar rundt halvparten i Dronning Maud Land, ifølgje Descamps.

Uroa for framtida

Han er uroa for framtida for petrellen.

– Det ser ut som om ein stor del av populasjonen slit no.

Oppe i fjellsida ser Joanna Sulich rundt seg ein siste gong. Ho er spent på kva forskarane vil finne neste år.

– Vi får vente å sjå. Det blir veldig spennande å sjå om fuglane kjem tilbake.

Det blei tolv dagar på feltstasjonen Tor denne sesongen. Fleire av desse dagane låg fugleforskarane vêrfaste med stormkast rundt seg.

SISTE NYTT

Siste nytt