Hopp til innhold

Nye rakettangrep mot ukrainske byar – kan vere brot på folkeretten, seier FN

Frå fleire storbyar kjem det meldingar om angrep på straum- og vassforsyning med missil og dronar. Styresmaktene ber folk spare straum.

Røyk stig opp over Kyiv etter russiske angrep 11. okt 2022

Røyken stig opp over utkanten av Kyiv etter nye russiske angrep tysdag.

Foto: Anna Voitenko / Reuters

Fleire ukrainske byar er ramma av nye rakettangrep tysdag. I fleire av byane er straumforsyninga øydelagt. I hovudstaden Kyiv ber styresmaktene folk om å spare på straumen.

I Dnipropetrovsk fylke, med millionbyen Dnipro, skal kraftforsyninga vere alvorleg skadd.

Energiforsyninga i distrikta Pavlograd og Kamian er øydelagd. Mange småstader er heilt utan straum, melder guvernør Valentin Reznichenko ifølgje AFP.

I byane Mykolajiv og Odesa i sør er det og skader på energiinfrastrukturen. Det opplyser militære kjelder.

Interfax melder om angrep av 16 missil og minst to kamikaze-dronar retta mot kraftverk der tysdag.

I Zaporizjzja er det meldt om tap av menneskeliv etter at fleire missil trefte i dag tidleg. Angrepa skal ha ramma ein skole, ein helseinstitusjon og fleire bustader, ifølgje nyheitsbyrået Interfax Ukraina.

Det russiske forsvarsdepartementet stadfestar at dei har gjennomført nye angrep i Ukraina tysdag, melder AFP.

I går stadfesta den russiske presidenten at infrastruktur for energi var blant måla for angrepa.

Rakettangrep Zaporizjzja 11. okt 2022

Brannfolk i arbeid i Zaporizjzja der ein bygning vart øydelagt.

Foto: STATE EMERGENCY SERVICE OF UKRAINE / Reuters

Ber folk spare straum

I føremiddag melde ordføraren i Lviv i Vest-Ukraina at «kritisk infrastruktur» var ramma i nye luftangrep.

Ifølgje Reuters journalist i byen vart det høyrd tre eksplosjonar rett etter klokka 12 lokal tid. Interfax melde på same tid om minst to eksplosjonar sentralt i byen. Ein militærtalsmann seier at eit kraftverk vart treft.

Guvernør Maxim Kozitsky skriv på meldingstenesta Telegram at to kraftverk er trefte.

– Hald dykk i tilfluktsromma. Ikkje spreidd bilde, video eller rykte, skriv Kozitsky.

Lviv-ordførar Andrij Sadovji skriv på Telegram at 30 prosent av byen har mista straumen. I to bydelar er det og problem med vassforsyninga. Måndag var det og brot på straum- og vass-nettet i byen.

Lviv mørklagt 10. OKT 2022

MØRKLAGD: Lviv mista og straumen måndag.

Foto: STRINGER / Reuters

Også frå Ukrainas nest største by Kharkiv har det komme meldingar om rakettangrep tysdag. Meldingane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

I Russland vert det meldt at 2000 husstandar i Belgorod-regionen er utan straum etter at Ukraina angreip ein kraftstasjon. Opplysninga kjem frå guvernøren i regionen, ifølgje Reuters og AFP. Belgorod ligg nær den ukrainske grensa, nord for Kharkiv.

– Kraftverksleiar bortført

Det statlege kraftselskapet Energoatom melder ifølgje Reuters at nestleiaren ved atomkraftverket i Zaporizjzja er bortført av russiske styrkar.

Ifølgje meldinga vart nestleiar Valeriy Martyniuk bortført i går. Han skal vere halden fanga på ein ukjend stad.

I ei melding på Telegram skriv selskapet at dei trur russiske styrkar forsøker å presse Martyniuk for informasjon om tilsette på kraftverket.

Energoatom ber FNs atombyrå IAEA om hjelp for å få sett Martyniuk fri. Tidlegare i år vart direktøren for kjernekraftverket, Rafael Grossi, bortført. Han vart seinare sluppen fri.

Boligblokker ødelagt av bombeangrep i Zaporizjzja 10 okt 2022

Øydelagde bustadblokker i Zaporizjzja i Ukraina.

Foto: Ukrainsk politi / AFP

FN: Kan vere brot på folkeretten

Dei ferske russiske angrepa på Ukraina kan ha brote folkeretten og kan utgjere krigslovbrot dersom dei vart retta mot sivile med overlegg, seier FN.

– Desse bombeangrepa kan vere i strid med prinsippa i folkeretten om krigens reglar, seier Ravina Shamdasani. Ho er talskvinne for FNs høgkommissær for menneskerettar i Genève.

Ho strekar under at det å rette angrep mot sivile og sivile mål med vilje, er eit krigslovbrot.

Frankrike har allereie kalla angrepa måndag for krigslovbrot.

Les meir Ei bye av kritikk har treft Putin-regimet

Russlands president Vladimir Putin.

Kamikaze-dronar

Det er og kome meldingar om angrep med kamikaze-dronar. Dette er dronar som eksploderer idet dei treff målet. Både Russland og Ukraina har slike dronar.

Ifølgje det ukrainske forsvaret vart kraftstasjonen i Vinnytsia, som ligg sørvest for Kyiv, angripen med iranskproduserte dronar.

– Russarane har angripe Ladyzhyn varmekraftverk med to Shahed-136 kamikaze-dronar, melder Serhij Borzov som er talsmann for forsvaret i Vinnytsia-regionen.

To tilsette på kraftverket vart skadde, melder Interfax.

Borzov skriv på Telegram at kraftverket framleis er i drift, men ber innbyggjarane passe seg når flyalarmen går.

I Poltava som ligg midt i landet, melder gruveselskapet Ferrexpo at dei har måtta stanse drifta som følgje av brot på kraftforsyninga etter bombeangrep måndag.

Skadde blir bandasjert i Kyiv 10 okt 2022

MANGE SKADDE: Over 100 menneske vart såra i angrepa måndag. Dette bildet er frå hovudstaden Kyiv.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Samstundes kjem nye åtvaringar frå Moskva.

Russlands viseutanriksminister Sergej Rjabkov seier til det russiske nyheitsbyrået Ria Novosti at ein direkte konfrontasjon med Nato ikkje er i Russland si interesse. men han sa og at «Russland vil svare på Vesten si aukande involvering i Ukraina-konflikten med tilpassa tiltak».

Rjabkov åtvarar Washington mot å eskalere konflikten ved å auke involveringa si.

Nato: Angrepa er teikn på veikskap

Nato sin generalsekretær, Jens Stoltenberg, seier at dei siste angrepa frå Russland er eit teikn på veikskap, og at Putin er i ferd med å tape krigen.

– Dei har ikkje militær kapasitet til å ta tilbake områda som Ukraina har tatt dei siste vekene, så dei tyr til missilangrep på sivile. Det er i strid med folkeretten, sa Stoltenberg.

Les meir Stoltenberg: – Putin er i ferd med å tape

Jens Stoltenberg november 2022

Tyrkia ber om våpenkvile

Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavusoglu oppfordrar i eit intervju med AFP partane i konflikten til å eines om ein våpenkvile.

Torsdag skal Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan møte Putin i Kasakhstans hovudstad Astana. Det stadfestar både Kreml og Ankara.

Erdogan har tidlegare i konflikten fått partane til å bli samde om fangeutveksling. Han har gjentekne gangar pressa på for å få i gang samtaler om våpenkvile i Ukraina.

– Dessverre har situasjonen forverra seg raskt, vekk frå diplomati, etter at det var samtalar mellom russiske og ukrainske forhandlarar i Istanbul i mars, seier Cavusoglu.

Ein talsmann for Kreml stadfestar at Putin og Erdogan skal diskutere stoda i Ukraina i Astana.

Ifølgje Kreml-talsmann Dmitry Peskov er det «mogeleg» at Putin og Erdogan då skal diskutere eit tyrkisk framlegg om å skipe til samtalar mellom Russland og Vesten om fred i Ukraina.

Putin og Erdogan kjem til Astana i morgon for eit regionalt toppmøte. Dei to møttest sist i september i Usbekistan.

Det er venta at Erdogan og vil halde fram med å presse på for eit møte mellom Putin og Zelenskyj med sikte på å få i gang samtalar om våpenkvile.

Eit stort bombekrater pregar ein leikeplass i Kyiv 11. okt 2022

Eit stort bombekrater pregar ein leikeplass i sentrum av Kyiv tysdag.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Zelenskyj: Vi kan ikkje skremmast

Tala på døde og såra stig etter kvart som dei ukrainske naudetatane får oversikt etter dei massive russiske missilangrepa på måndag mot Kyiv og minst 10 andre byar. Dei nye tala på 19 døde og over 100 såra vart offentleggjorde ut på Facebook av naudetatane tysdag morgon.

Ukrainske styresmakter skaut Russland ut minst 80 missil måndag som gjengjelding etter bombinga av Kertsj-brua som bind Krym-halvøya saman med Russland.

Søndag kalla Russlands president angrepet på brua ei terrorhandling. Han meiner at det var den ukrainske etterretningstenesta SBU som stod bak. Ukraina har så langt ikkje stadfesta det.

I talen til det ukrainske folket seint måndag kveld sa president Zelenskyj at Ukraina ikkje kan skremmast, og at dei russiske angrepa «berre fører til meir samhald».

Volodymyr Zelenskyj i Kyiv 10. okt 2022

TØFF DAG: President Zelenskyj lova at alle øydeleggingar skal bli reparerte.

Foto: UKRAINIAN PRESIDENTIAL PRESS SERVICE / AP

Zelenskyj åtvara om at tysdagen kom til å bli ein tøff dag. Samstundes lova han at skadane frå bombene skal reparerast i heile landet.

– Vi skal reparere alt som vart øydelagt i angrepet frå dei russiske terroristane. Det er berre eit spørsmål om tid, sa han.

Les meir Angrepa stanser hjelpearbeidet: – Vi kan ikkje hjelpe i regn av bomber og granatar

En bilfører forlater sin brennende bil etter at russiske raketter slo ned i hovedstaden Kyiv på morgen 10. oktober.

Zelenskyj vil ikkje snakke med Putin

Ukrainas president seier han ikkje er interessert i å ha samtaler med president Putin.

– Éin person hindrar fred. Den personen er i Moskva, seier Zelenskyj i ei melding på Telegram.

Samtaler kan likevel vere mogleg med ein annan russisk leiar, skriv presidenten.

Det må vere ein leiar som «følgjer FN-charteret, grunnleggjande menneskerettar og den territorielle integriteten til Ukraina», skriv Zelenskyj.

Lavrov positiv til Putin–Biden-møte

Den russiske utanriksministeren Sergeij Lavrov sa på russisk statleg fjernsyn tysdag at Russland ikkje vil seie nei til eit møte mellom president Putin og USAs president Joe Biden – dersom dei vert inviterte.

Han avviste at Russland hadde avslått eit slikt møte, og sa at ein slik påstand frå Det kvite huset ikkje var sann.

– Det er løgn. Vi har ikkje mottatt nokon seriøse tilbod om kontakt, sa Lavrov.

Lavrov sa at Russland er villig til å lytte til alle forslag om fredssamtalar. Men han sa og at han ikkje kunne love noko på førehand om kva ein slik prosess kunne leie til.

Både Biden og Putin er venta å delta på G20-toppmøtet i Indonesia i midt av november.

Folk i tilflukt på metrostasjon i Kyiv 11 okt 2022

BOMBEALARM: I ein metrostasjon under bakken i Kyiv har folk søkt tilflukt tysdag.

Foto: VIACHESLAV RATYNSKYI / Reuters

Frykter at Belarus skal trekkast inn

USAs president og andre leiarar for dei mektige G7-landa møttest tysdag ettermiddag til videokonferanse for å diskutere kva dei kan gjere meir av for å støtte Ukraina.

President Volodymyr Zelenskyj talte til leiarane via video frå Kyiv. Han streka under at hans førsteprioritet er meir luftforsvar.

Ifølgje det tyske nyheitsmagasinet Der Spiegel har Ukraina nyleg fått det tyske IRIS T-luftforsvarssystemet som dei har ønskt seg. Leveringa ikkje stadfesta av det tyske forsvarsdepartementet.

I G7-møtet åtvara Zelenskyj om at Russland no forsøker å få Belarus med i krigen.

– Russland forsøker å trekke Belarus direkte inn i krigen ved å påstå at Ukraina forbereder eit angrep på dei, sa han.

Zelenskyj bad om at internasjonale observatørar blir plassert på den ukrainsk-belarusiske grensa for å overvake tryggleiken.

Emmanuel Macron på en videokonfernse med G7-ledere 11 okt 2022

Frankrikes president Emmanuel Macron på ein videokonferanse med G7-leiarar tysdag.

Foto: Christophe Archambault / AP

Belarus forsvarer felles styrker

Ifølgje styresmaktene i Belarus er dei felles russisk-belarusiske styrkane som landet melde om i går, eit «defensivt tiltak» i grenseområda mot Ukraina.

– Alle aktivitetar i grenseområda er retta inn mot å kunne svare på hendingar nær grensa, seier ein talsmann for det belarusiske forsvarsdepartementet ifølgje Reuters.

Ifølgje talsmannen skal styrkane tysdag inspiserast, for å sikre at dei er «kampklare».

Det var tysdag at president Aleksandr Lukasjenko melde at han hadde gitt ordre om ein felles styrke i grenseområda som eit «forsvar mot truslar frå Kyiv og deira støttespelarar i Vesten». Lukasjenko hevdar at Ukraina «ikkje berre diskuterer, men planlegg angrep på Belarus».

Lik av ukrianske osldater hentes ut av fellesgraver i Lyman i Donetsk i Ukraina av ukrainske krimteknikere 11 okt 2022

MASSEGRAV I LYMAN: Liket av ein ukrainsk offiser vert henta opp av det som ukrainske styresmakter seier er ein massegrav i Lyman, i et område som Ukraina nyleg tok tilbake frå russiske styrkar.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

OSSE fordømmer

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) fordømmer dei russiske rakettangrepa måndag, og kallar dei terror.

– Disse avskyelege militærhandlingane viser fullstendig mangel på respekt for, og brot på, folkeretten, inkludert den humanitære folkeretten. Det uttaler styreleiar i OSSE, Zbigniew Rau, som er Polen sin utanriksminister, og OSSEs generalsekretær Helga Maria Schmid, frå Tyskland.

– Den einaste forklaringa på desse brutale og vonde handlingane er å spreie terror og kompensere for at dei ikkje har nådd taktiske og strategiske mål, heiter det i fråsegna.

Russland er blant dei 57 medlemslanda i OSSE.

Seinare denne veka skal hovudforsamlinga i FN stemme over ein resolusjon som stemplar Russlands annektering av dei fire ukrainske fylka Donetsk, Luhansk, Kherson og Zaporizjzja, som eit brot på FN-charteret.

SISTE NYTT

Siste nytt