Hopp til innhold

Norsk utrykningsteam er framme i Algerie - spesialstyrkar på veg

Eit norsk spesialtrent utrykningsteam er framme i Algerie og skal hjelpa Noreg sin ambassade etter terroren mot gassanlegget til Statoil og BP.

Statoils anlegg i Algerie

UD har sendt spesialtrent personell til ambassaden i Alger. Åtte norske Statoil-medarbeidarar er framleis ikkje gjort greie for etter terroråtaket på eit gassanlegg onsdag morgon.

Foto: Kjetil Alsvik / STATOIL / NTB scanpix

Det stadfestar Utanriksdepartementet sin pressevakt, Svein Atle Michelsen overfor NRK fredag ettermiddag.

Teamet er sett saman av personell som er spesielt trente på å rykka ut i kritiske situasjonar. Personellet kom fram i går og tidleg fredag. Målet er å ha løpande kapasitet døgnet rundt på ambassaden i Alger.

– Utrykningsteamet består av personell frå UD som er spesielt eigna til å rykka ut. Så knyter ein til seg ekspertise frå andre etatar og i denne samanhengen er det helse, politi og forsvar, utdjupar Michelsen til VG.

Ambassaden har også fått forsterkningar frå andre ambassadar i området, blant anna frå ambassadekontor i Paris og frå nabolandet Libya.

Norske spesialstyrkar til Algerie

Algerie valde å slå hardt og brutalt ned på terroråtaket, og innleidde torsdag ein militæraksjon mot gisseltakarane inne på gassanlegget. Det kjem stadig uverifiserte meldingar om døde og skadde, både blant gislane og gisseltakarane.

Motangrepet er framleis ikkje avslutta, opplyser både algeriske og norske styresmakter fredag.

Norske styresmakter har også fått landingsløyve for eit evakueringsfly med krisemannskap beståande av kirurgar, anestesilegar, sjukepleiarar og krisepsykologar. Personellet har krigserfaring og flyet er spesialbygd for å evakuera norske borgarar frå utlandet.

Flyet landa på Sicilia like etter midnatt fredag. Det har fått grønt lys til å landa nokre hundre kilometer frå In Amenas, men norske styresmakter håpar på løyve til å landa nærmare gassanlegget.

I tillegg har Forsvaret sendt eit fly med sanitetspersonell frå Forsvarets sin spesialkommande (FSK) mot Algerie.

– Det er no på Sicilia. Utanriksdepartementet må uttala seg om vidare bruk av sanitetspersonellet, seier oberst Dag Rist Aamoth i Forsvaret til NRK fredag ettermiddag.

Uavklart for åtte nordmenn

13 av dei 17 Statoil-medarbeidarane, som var i og ved gassanlegget då væpna islamistar angreip onsdag morgon, var norske. Fire kom seg tidleg i sikkerheit, medan situasjonen til ni andre var uavklart.

Natt til fredag kom ein av dei ni norske gislane seg i sikkerheit. Han får medisinsk behandling ved eit sjukehus i In Amenas.

Dei åtte andre er framleis ikkje gjort greie for.

SISTE NYTT

Siste nytt