Hopp til innhold

Nord-Korea heldt militærparade dagen før OL

Medan utøvarane gjer seg klare til dei olympiske leikane i Sør-Korea, marsjerer det nordkoreanske militæret på andre sida av grensa.

Medan utøvarane gjer seg klare til dei olympiske leikane i Sør-Korea, marsjerer det nordkoreanske militæret på andre sida av grensa.

PARADE: Militære køyretøy køyrde gjennom gatene i Pyongyang torsdag. Dette videoen er frå Paektu Cultural Exchange.

– Vi er no i stand til å vise vår status som ei militærmakt i verdsklasse, sa Kim til ei jublande folkemengde på Kim Il-sung-plassen i Pyongyang.

I 40 år har landet halde ein militærparade i april, men denne gongen valde regimet å endre datoen til 8. februar, dagen før OL startar i Pyeongchang.

Militærparaden markerer 70-årsdagen for den koreanske folkehæren. Dei siste dagane skal fleire tusen soldatar ha øvd på paraden nær flyplassen i Pyongyang.

Kim Jong Un

SKYT: Nord-Koreas leiar Kim Jong-un skrytte stort av militærmakta til landet i tala han heldt under militærparaden.

Foto: AP

Maktdemonstrasjon

I tala gav Kim ordre om å halde beredskapsnivået mot USA og deira tilhengarar på det høgste, slik at «invaderande styrkar ikkje vil vere i stand til å røre republikken, sjølv ikkje med 0,001 millimeter».

Paraden vart ikkje sendt direkte på TV, slik regimet gjorde under den førre store militærparaden i april i fjor. Då nytta Nord-Korea høve til å vise fram nye våpentypar, og viste fram ein video som simulerte eit atombombeangrep mot USA.

Nord-Korea har fått kritikk for at dei vel å halde ein militærparade så tett opp mot OL.

Analytikarar meiner at strategien til Nord-Korea tyder på at landet forsøker å bli rekna som ei atommakt. Samtidig håpar dei å kunne svekkje sanksjonane mot landet, og skape splid mellom Sør-Korea og USA ved å vise fram ei mjukare side under OL.

Nord-Koreas lag til OL

PÅ PLASS: OL-troppen til Nord-Korea er komen i Pyeongchang og deltok under velkomstseremonien torsdag.

Foto: Yelim Lee / AFP

Vil ikkje møte USA

Same dag som militærparaden, seier Nord-Korea at dei ikkje har nokon planar om å møte USA i Sør-Korea under OL.

Onsdag sa USAs visepresident Mike Pence at amerikanarane snart vil offentleggjere dei hardaste sanksjonane mot Nord-Korea nokosinne.

– USA vil ikkje la Nord-Koreas propaganda kapre OL, sa Pence under eit besøk i Japan.

Før han reiste vidare til Sør-Korea, sa han at han ikkje utelukkar samtaler med representantar for Nord-Korea, men at han sjølv ikkje har bede om det.

Det kjølige forholdet mellom USA og Nord-Korea har også skapt eit dilemma for vertslandet Sør-Korea, som synest det er vanskeleg å planlegge kvar dei ulike VIP-gjestane skal sitte under opningsseremonien.

Visepresident Mike Pence og kona Karen

PENCE: USAs visepresident Mike Pence leiar den amerikanske delegasjonen som deltek på opningsseremonien av dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang. Han reiste til Sør-Korea saman med kona Karen.

Foto: Pool / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt