Hopp til innhold

Nok er nok for Huma Abedin

Huma Abedin, ein nær medarbeidar av Hillary Clinton, varsla i dag at ho har bestemt seg for å flytte frå ektemannen, politikaren Anthony Weiner, kjent for sine sære telefonvanar.

Anthony Weiner og Huma Abedin.

Anthony Weiner og Huma Abedin i eit arkivfoto frå 2013.

Foto: Kathy Willens / Ap

Anthony Weiner var lenge rekna som ein av dei komande stjernene i Det demokratiske partiet. Han sat i Kongressen samanhengande frå 1999 til 2011, og han har gjort to mislukka forsøk på å bli borgarmeister i heimbyen New York i 2005 og 2013.

Huma Abedin.

Huma Abedin er ein av dei nærmaste rådgjevarane til presidentkandidat Hillary Clinton.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

Han har fleire gonger vorte avslørt som avsendar av nakenbilete av seg sjølv til ulike kvinner. Det som fekk begeret til å renne over for Huma Abedin var ei avsløring i New York Post i går, der det gjekk fram at han hadde sendt uanstendige bilete til ei fråskilt kvinne i 40-åra så seint som i fjor.

Weiner trekte seg som kongressrepresentant i 2011 etter avsløringar om at han hadde sendt tekstmeldingar med utvetydig seksuelt innhald til ulike kvinner.

– Etter ein lang og smertefull tankeprosess, har eg teke avgjerda om å ta ut separasjon, seier Huma Abedin i ei fråsegn i dag, og ho held fram:

– Anthony og eg er framleis opptekne av å gjere det som er best for sonen vår, som er lyset i livet vårt. I denne vanskelege tida ber eg dykk om å ha respekt for privatlivet vårt.

LES OGSÅ: Hvem reiser seg etter sexskandalene?

LES OGSÅ: Tatt med «buksene nede» på Twitter igjen

LES OGSÅ: Anthony Weiner gjør comeback etter nakenbilder

LES OGSÅ: Trump krever gransking av Clinton-stiftelsen

SISTE NYTT

Siste nytt