Hopp til innhold

Massegrav opna med norsk støtte - Ascensión (90) fann faren

På ein kyrkjegard i Guadalajara sit ei kvithåra kvinne og ser på at ei grav blir opna. Etter 77 år skal ho ho endeleg få vite kva som skjedde med faren.

Ascension venter på at faren skal graves opp fra en massegrav i Spania.

Saman med Ascensión er det mange familiemedlemmer som ventar i spenning på kva grava skal fortelje.

Foto: OSCAR RODRIGUEZ

Ansiktet under det kvite håret vekslar mellom smil og tårer mens ho ser ned på kva spadetaka kan avdekke. I snart to veker har nitti år gamle Ascensión Mendieta følgd med på det som blir grave fram av hemmeleghalde historie, skriv Reuters.

– Er det heilt og intakt, det som er der? spør ho ned i grava og til arkeologane.

I snart syttisju år har ho visst at faren blei kasta ned i denne massegrava. Ascensión var berre tretten da ho såg han for siste gong ein haustdag i 1939.

Spaniakrigen (1936–39) var slutt og diktatoren Francisco Franco hadde tatt over, det var tid for represaliar.

Faren Timoteo Mendieta var førtiein år og hadde sju barn, han var slaktar og aktiv fagforeiningsmann. Som så mange andre fagforeiningsfolk hadde han meldt seg til kamp for å forsvare den lovleg valde regjeringa da general Franco gjekk til angrep i 1936.

Det siste Ascensión såg av faren var da Francos menn kom for å hente han til fengselet i Sacedon.

Frykta var sann

Spadetaka har grave djupt i bakken før dei finn det ho er mest spent på. Ho har blitt fortalt at faren Timoteo var blant dei første som blei kasta i grava. Jord blir sila og fleire leivningar dukkar fram. Vitne har fortalt at tjueto eller tjuetre menneske hamna her.

Nede på botnen og under dei alle ligg det ein hovudskalle som arkeologen trur er den rette. Den har eit kulehol som viser at det dei frykta er sant: Dei som var fengsla for å ha ytt motstand mot Franco blei seinare avretta, skotne og kasta i massegraver.

Kraniet er intakt, og det gjer identifiseringa sikrare, fortel arkeologen Rene Pacheco, som arbeider for den private foreininga for å vinne att historiske minne, ARMH, Reuters.

Hodeskalle i massegrav i Spania.

På botnen av grava ligg eit intakt kranie, og dette meiner arkeologen er far til Ascensión. Eit kulehol fortel sanninga.

Foto: OSCAR RODRIGUEZ

Norske pengar og argentinsk jus

Kostnaden av utgravings- og identifiseringsarbeidet er dekka av norske pengar. Internasjonal støtte måtte til for at Spania skulle gå vidare på den vanskelege vegen med å erkjenne si eiga nære historie.

Arbeidet med å opne dei mange massegravene frå krigen og tida etter har hatt minimal støtte under den siste regjeringsperioden.

Amnestilova frå 1977 som sikra straffefritak for dei som sto for overgrepa i Franco-tida, har også stoppa mange søknader om å få opne dei umerka gravene.

Ascensión på nitti har sjølv gått ein lang veg, og brukt opp alle sparepengane i kampen for å finne faren. For to år sidan drog ho til Argentina og fekk ei rettsleg kjenning derifrå. Og det er med støtte frå den argentinske advokaten Ana Messuti og internasjonal lovgiving at dei fekk lov til å opne grava.

Det juridiske teamet har ikkje tenkt å gi seg med dette, det er fleire hundre spanjolar som har søkt hjelp i Argentina for å få sine familiemedlemmer opp av umerka graver.

Ana Messuti, argentinsk advokat.

Den argentinske advokaten Ana Messuti har nytta internasjonal lov for å få opna massegrava.

Foto: OSCAR RODRIGUEZ

– Dette gir presedens, seier den argentinske advokaten Ana Messuti, – nå skal vi opne graver der det er mange, mange fleire leivningar – på Mallorca. Menorca og Ibiza i første omgang.

Viktig å skjønne kostnaden av fascisme

Dei norske pengane kjem frå El- og It-forbundet, og arbeidet med å ta tilbake det historiske minnet er viktig både på det menneskelege planet og samfunnspolitisk, meiner forbundssekretær Henning Solhaug.

Henning Solhaug

– Viktig å kjenne til kva fascisme fører til, seier Henning Solhaug i El- og It-forbundet.

Foto: Sigrun Slapgard / NRK

– Det handlar om retten til å få ei grav, og om å kjenne til kostnaden av fascisme. I ei tid med veksande høgrekrefter er det viktig at vi får vite kva fascisme førte til.

Solhaug viser til at Spania har fått kritikk frå FN og menneskerettsinstansar for ikkje å ha gjort nok i arbeidet med å lokalisere massegraver og over hundre tusen forsvunne.

I 2007 kom lova om historisk minne, men den offentlege støtta tørka inn til eit minimum under den konservative regjeringa til statsminister Mariano Rajoy (2011-2015). Nå er det eit håp om at ny samlingsregjering kan få framdrift i arbeidet.

– Det er framleis alt for mange som har sine kjære i ukjente graver, seier Solhaug,

– Vi kan ikkje hjelpe alle, berre nokre få, dessverre.

– Ingen burde bli utsett for dette

Ved gravkanten i Guadalajara står også eit opprørt barnebarn, Elena Garcia Vargas. Ho meiner ingen burde bli utsett for det bestemora har måtta tole i så mange år, og at det er uhøyrd at så mange framleis ligg uidentifiserte i hemmelege graver.

Den private foreininga for å vinne att det historiske minnet (ARMH) har sidan 2000 trassa stengde dører og juridisk motvilje. Dei har til nå fått opna 150 graver og over 1400 menneske har blitt identifiserte.

Høgresida har prøvd å bremse arbeidet, somme har prøvd å nekte for at slike graver finst. Men for kvar grav som blir opna er det verre å nekte for fakta.

I dag er det 1350 søknader frå slektningar om å få opne graver som ligg på vent i Spania, og ein reknar med at det i alt er 2 400 slike massegraver. I tillegg er det eit stort arbeid for å kartlegge kva som skjedde med dei over hundre tusen forsvunne.

Ascension, massegraver Spania.

Nitti år gamle Ascensión fann endeleg far sin.

Foto: OSCAR RODRIGUEZ

– Nå kan eg døy fred

Men nitti år gamle Ascensión er blant dei heldige og kjenner seg takknemleg. Sparepengane var brukt opp, men så kom norsk støtte til den avgjerande siste fasen. Foreininga ARMH baserer seg på mykje frivillig arbeid, men det mødesame og kostnadskrevjande arbeidet i siste etappe kan berre gjerast av ekspertar.

Nå får ho ei rettsgyldig identifisering av faren og kan få ro i sjela. Ascensión ser fram til å gi faren ei verdig gravferd – i alle desse åra har ho ikkje fått fred. Tanken på kva som skjedde, fall han med ansiktet ned eller opp, hadde han bind for auga? Ho har ikkje fått svar på alt, men nå kan ho igjen sove om natta.

– Han skal ikkje lenger ligge her gravlagt som ein hund, seier ei rørt Ascensión, ho meiner mykje er oppnådd med å spa opp denne grava, utover det personlege.

– Men nå kan eg endeleg døy i fred, seier Timoteos dotter, og ho veit godt kor ho sjølv vil gravleggjast der i Guadalajara.

SISTE NYTT

Siste nytt