Italiensk antimafia-politi sette denne helga i verk operasjonen «Golem 2», der 200 politifolk deltok. Broren til Cosa Nostra-sjefen, Salvatore Messina Denaro, var blant dei 19 pågripne, melder nyheitsbyrået Reuters.
Innanriksminister Roberto Maroni seier at alle dei arresterte er med i eit nettverk rundt Matteo Messina Denaro, «Capo di tutti Capi», sjefen over alle sjefar i den sicilianske mafiaen Cosa Nostra.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Mafia-nettverk
Alle dei arresterte er sikta for å ha organisert eit nettverk som har gjort det mogleg for Denaro å kommunisere med undersåttane sine, og at han på denne måten har greidd å halde seg unna politiet. Dei er også sikta for band til mafiaen, korrupsjon og utpressing.
- Dette er resultatet av av ein av dei viktigaste politioperasjonane det siste tiåret, og sjansane for å arrestere Salvatore Messina Denaro er gode. Nettet snører seg rundt han, og eg er sikker på at vi har han snart, heiter det i ei fråsegn frå den italienske innanriksministeren.
Politiet trur gudfaren i Cosa Nostra gøymer seg i nærleiken av familieeigedomen i Casstelvetrano, ikkje langt frå Trapani på SIcilia, og at han forflyttar seg mellom fleire ulike sikre hus.
Slik som andre gudfedrar på flukt har Messina Denaro kommunisert med løytnantane sine i organisasjonen ved hjelp av «pizzinis», beskjedar på små tynne papirlappar som blir gøymde mellom tærne til hjelparane.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Playboy-image
Italiensk politi har greidd å arresterte begge forgjengarane til Messina Denaro. Bernardo "Traktoren" Provenzano vart pågripen og fengsla i 2006, og etterfølgjaren hans Salvatore Lo Piccolo vart sett fast i 2007.
Matteo Messina Denaro har bygd opp eit image som playboy og levemann. Han skal ha lært å skyte alt som 14-åring, og han er mistenkt for drap på nesten 50 menneske. Ein gong skal han høglytt ha skrytt av at han har teke livet av mange nok menneske tll å fylle ein kyrkjegard.
Han manøvrerte seg inn i leiinga av Cosa Nostra ved å ta livet av rivalen i Vincenzo Milazzo, samstundes som han kvelte venninna hans, som var gravid i tredje månad.
I mai 2002 vart Messina Denaro dømd til fengsel på livstid «in absentia», for si rolle i fleire bombeeksplosjonar i Milano, Firenze og Roma i 1993, der 10 menneske vart drepne og over 90 såra.