Hopp til innhold

Mafia-varp på Sicilia

Arrestasjonen av Domenico "Veterinæren" Raccuglia (45) i Palermo i går er eit alvorleg slag mot den sicilianske mafiaen Cosa Nostra.

Domenico Racugglia blir ført bort av italensk spesialpoliti etter arrestasjonen.

Domenico Raccuglia blir ført bort av italensk spesialpoliti etter arrestasjonen.

Foto: Alessandro Fucarini / Scanpix/AP

- Dette er eit av dei største varpa vi har gjort i kampen mot mafiaorganisasjonane dei siste åra, seier ein gledesstrålande innanriksminister Roberto Maroni.

Statsråden med det overordna ansvaret for kampen mot mafiaen meiner det er liten tvil om at Raccuglia var nummer to i Cosa Nostra-organisasjonen.

LES OGSÅ: Knusende slag mot mafia

LES OGSÅ: Mafiaboss på rømmen i 15 år

LES OGSÅ: Sjokkvideo av mafia-avretting

Corleone-klanen

Roberto Maroni er innanriksminister i Italia.

- Eit stort varp, seier innanriksminister Roberto Maroni om arrestasjonen.

Foto: Paolo Cito / Scanpix/AP

Han tilhøyrer den vidkjende Corleone-klanen, som er gjort kjend gjennom blant anna dei tre "Gudfaren"-filmane, og han er høgt opp på lista over dei 30 mest ettersøkte i Italia.

Raccuglia har vore på flukt i 15 år då han vart arrestert i utkanten av byen Calatafimi iTrapani-regionen på Sicilia. Han skjulte seg hos eit ektepar som tidlegare ikkje har vore i kontakt med politiet.

Aksjonen mot han kom som lyn frå klar himmel for Raccuglia. I løpet av kort tid i går ettermiddag hadde tungt væpna politi omringa huset der han oppheldt seg. Han prøvde å flykte frå balkongen i husværet, men hadde ingen sjanse mot politiet.

Naboar fortel om eit gigantisk politioppbod.

Dømd for tenåringsdrap

Ein politimann greier ikkje å halde tilbake gleda over arrestasjonen.

Ein mafiajeger slepp jubelen laus etter arrestasjonen i går ettermiddag.

Foto: Marcello Paternostro / Scanpix/AFP

Domenico Raccuglia ertidlegare dømd til livsvarig fengsel for minst fem drap og for fleire andre alvorlege forhold. Den verste saka er drapet på ein 14 år gammal gut, sonen til ein mafia-avhoppar.

14-åringen vart kidnappa i 1993. Han vart halden som gissel i to år før han vart drepen. Etter drapet vart liket dumpa i eit syrebad.

Domenico Raccuglia går under tilnamnet "Veterinæren". Dette namnet skal han ha fått fordi han er så glad i dyr, spesielt kattar og hestar. Trass i at han er ein dyrevenn er han også illgjeten for råskapen sin, spesielt i indre oppgjer innan mafiaen og mot avhopparar og familiane deira.

Legendarisk mafiatopp

- Han var ein av dei verkeleg legendariske mafiatoppane. Folk trudde det var umogleg å arrestere han, seier sjefen for antimafiaorganisasjonen Libera på Sicilia. Han kallar gårsdagen ein stor dag dag i kampen mot organisert kriminalitet.

No rettar politiet på Sicilia augene mot ein enda mektigare Cosa Nostra-leiar på frifot, Matteo Messina Denaro.

Politiet sine mange arrestasjonar av mafiatoppar det siste året viser at ingen av leiarane lenger kan kjenne seg trygge på gøymestadene sine.

Video nsps_upload_2009_11_16_13_14_36_516.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.
Folk dansa av glede i gatene i Palermo etter arrestasjonen

Folk dansa av glede i gatene i Palermo over arrestasjonen av Raccuglia.

Foto: Alessandro Fucarini / Scanpix/AP

LES OGSÅ: - Mafiaen ville drepe småborn

LES OGSÅ: Cosa Nostra-topp arrestert

LES OGSÅ: Kvinnelig mafiatopp arrestert

SISTE NYTT

Siste nytt