Hopp til innhold

Netanyahu blir kritisert for å vere ettergivande

Israels statsminister har måtte tole kritikk frå sine eigne etter det mange ser som å ha gitt etter for palestinarane i striden rundt Tempelhøgda.

Klippedomen

Klippedomen er ein av to islamske heilagdomar på det muslimane kallar Haram al-Sharif. Området er også heilagt for jødane, sjølv om dei har eit religiøst påbod om å ikkje gå opp på sjølve høgda – eit påbod som har blitt utfordra av fleire jødiske grupper og politikarar dei siste åra.

Foto: Oded Balilty / AP

Ei meiningsmåling blant israelske jødar viser at 77 prosent meiner at det var ei «kapitulering» då Israel etter eit par spente veker fjerna sikkerheitstiltaka rundt det muslimane omtalar som Haram al-Sharif denne veka.

Benjamin Netanyahu

Benjamin Netanyahu prøvde å forsvare fjerninga av sikkerheitstiltaka i samband med vekas regjeringsmøte søndag.

Foto: AMIR COHEN / AP

– Eg forstår er var for folks kjensler, og eg forstår dei – avgjerda vi gjorde var ikkje lett. Men som Israels statsminister, som den som ber ansvaret for Israels sikkerheit på mine skuldrer må eg ta avgjerder roleg og basert på fornuft, sa Benjamin Netanyahu etter sitt vesentlege regjeringsmøte søndag.

Frykt for ein ny intifada

Etter at to israelske politimenn blei angripne og drepne av tre israelske arabarar 14. juli har Israel sett inn ei rekke sikkerheitstiltak her, blant anna metalldetektorar og kamera. Dei stengde også al-Aqsa-moskeen for fredagsbøn, noko som berre er gjort to gonger før sidan 1967.

Dette har blitt følgt av nær daglege gateprotestantar frå palestinarane, som ser dette som at Israel prøvar å ta kontroll over området, som no er under jordansk kontroll

Nettopp ein telefon frå Jordans konge til Benjamin Netanyahu skal ha vore ein utløysande faktor bak fjerninga av metalldetektorane tysdag, og resten av sikkerheitstiltaka torsdag, til stor jubel blant palestinarane.

Frykta for ein ny intifada skal ha vore ein viktig årsak, både frå israelsk og jordansk side, ifølge ein kommentator i den israelske avisa Haaretz.

– Det er ei sterk kjensle av audmjuking, spesielt ytterst til høgre, seier Ofer Zalzberg frå International Crisis Group til AFP.

Jordan protest

Protestar i Jordan, som har ansvaret for Haram al-Sharif. Samtidig som det har vore spent rundt høgda har det også vore ei diplomatisk strid mellom Jordan og Israel etter at ein sikkerheitsvakt ved Israels ambassade i Amman skaut og drap to jordanarar.

Foto: KHALIL MAZRAAWI / AFP

Ein palestinsk kamp framfor ein religiøs kamp

Blant palestinarane var det derimot ein viktig symbolsk siger, som handlar like mykje om kampen mot okkupasjonen som om al-Aqsa og den heilage høgda.

Dei som protesterte i vekene var ikkje berre muslimar, fortel Diana Buttu, ein palestinsk analytikar.

– Rørsla gjekk på tvers av alle linjer – religiøse, ikkje så religiøse, muslimar, kristne, rike eller fattige.

Dei to rivaliserande palestinske rørslene Hamas og Fatah skal også ha hatt sitt første felles møte på lang tid pga. konflikten rundt al-Aqsa.

Men ifølge Butti og fleire med ho skal protestane hovudsakleg ha kome frå grasrota.

Bønn i gata

Ein av sikkerheitstiltaka Israel innførte på Tempelhøgda dei siste fredagsbønene var å nekte inngang for menn under 50. Dei siste vekene har palestinarane hatt bøna ute i gatene ved gamlebyen.

Foto: JACK GUEZ / AFP

– Palestinarane har blitt veldig oppmuntra av det dei ser som ein suksess i eit hav av nederlag, seier Zalzberg, og trur at unge palestinarar vil bruke dette til å presse leirane til å kjempe vidare også i andre viktige saker for palestinarane.

Det stadfestar Nisreen, ei ung palestinsk kvinne som saman med tusenvis av andre palestinarar hadde møtt fram torsdag for feire, til AFP:

– Israelarane trur dette var alt. Om Gud vil er dette berre starten, sa Nisreen.

SISTE NYTT

Siste nytt