Hopp til innhold

Fem drepne i skotveksling i Jerusalem

Væpna menn gjekk til åtak mot israelsk politi i gamlebyen i Jerusalem. Dei tre angriparane og to politimenn vart drepne i skotvekslinga. Ifølgje politiet er fredagsbønna avlyst som følgje av åtaket.

al-Haram al-Sharif

Israelsk politi har stengt av den heilage staden i gamlebyen i Jerusalem etter eit skyteangrep.

Foto: Ammar Awad / Reuters

Tre personar med skytevåpen opna eld mot politiet i gamlebyen i Jerusalem, ifølgje israelsk politi.

Åtaket skjedde fredag morgon, like ved Løveporten aust i byen, melder avisa Haaretz.

Gjerningspersonane sprang i retning av moskeen på det religiøse høgdeområde. Jødane kallar denne staden for Tempelhøgda, og for muslimar er den kjend som Haram al-Sharif. Gjerningspersonane vart tatt igjen av israelsk politi, og vart drepne inne på plassen der al-Aqsa-moskeen og Klippemoskeen ligg.

Ifølge den israelske tryggingstenesta Shin Bet var dei tre angriparane palestinarar med israelsk statsborgarskap, som kom frå Umm al-Fahm nord i Israel, skriv Haaretz.

Tre israelske politimenn vart såra i åtaket. To av desse døde kort tid etter, medan den tredje er lettare såra, opplyser politiet.

Fredagsbønna avlyst

Politiet har stengt av Tempelhøgda, og for første gong på fleire år er fredagsbønna avlyst.

– Åtaket er ei alvorleg hending, der røde linjer er blitt kryssa, seier tryggingsminister i Israel, Gilad Erdan, ifølgje Haaretz.

Han seier at angrepet vert etterforska, og at dei må sjå på alle tryggingstiltaka i og rundt høgda. Han manar også til ro i byen.

Haram al-Sharif, også kjend som Tempelhøgda, vert rekna som ein heilag stad både for jødar og muslimar.

Siste gong høgda vart stengt var i 2014, dagen etter at den religiøse aktivisten og rabbinaren Yehuda Glick vart skoten. Siste gong fredagsbønna vart avlyst var i 2000.

SISTE NYTT

Siste nytt