Hopp til innhold

Nato-sjef seier lekkasjane er sabotasjehandlingar

Jens Stoltenberg seier onsdag at han diskuterer «sabotasjen av Nord Stream-røyrleidningane» med dansk utanriksminister Morten Bødskov.

Dei snakka også om trygginga av «kritisk infrastruktur» i Nato-land, skriv han på Twitter.

Dette kjem etter at gass tok til å boble opp i store mengder utanfor den danske øya Bornholm i Østersjøen.

Både Sverige og Danmark har sett krisestabar sidan dei to lekkasjane i Nord Stream 1, og ein i Nord Stream 2, blei kjende.

Bødskov seier det kan ta «ei veke eller meir, kanskje to», før ein kan kome nærme nok til å undersøke desse.

I mellomtida seier han det er grunn til å vere uroa for tryggingssituasjonen i området.

– Det russiske militæret er vesentleg til stades i Østersjøen, og vi ventar at dei kjem til å halde fram med sabelraslinga si.

Utsegnet kjem etter eit møte mellom han og Nato-sjef Jens Stoltenberg i Brussels, ifølge Reuters.

Den 1222 kilometer lange gassleidninga Nord Stream går frå Vyborg i Russland til Greifswald i Tyskland.

Klokka 2.03 natt til måndag skjer ein eksplosjon utanfor Bornholm, og det tek til å lekke store mengder gass frå leidninga.

Klokka 19.04 skjer det same omtrent 100 kilometer nordaust for det første smellet.

Rørslene blei fanga opp av målestasjonane til Danmark sine geologiske undersøkingar. Ifølge ein seismolog ved universitetet i Uppsala svarar den eine eksplosjonen til 100 kilo dynamitt.

«Ingen spesifikk trugsel mot norsk sokkel»

Natt til onsdag bestemte Equinor seg for å heve tryggingsnivået sitt i Noreg, har NRK fått opplyst.

På prosessanlegget på Kollsnes i Øygarden er det etablert eige beredskapsteam som består av lokal leiing og tillitsvalde. Desse skal møtast dagleg for å følge situasjonen tett.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at det ikkje er nokon spesifikk trugsel mot norsk sokkel, etter ein dialog med Nato om lekkasjane.

Han legg til at det ikkje er oppmoda om bistand til overvaking av norske installasjonar.

– Vi har høg tryggingsmerksemd kring installasjonane våre. Dei er mange og vi har høgt vakthald og overvaker både luft og vatn.

Jonas Gahr Støre

Støre under eit intervju tidlegare i år.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Vi føreset at dei kan bli drivne på sikkert vis. Men sikkert vis vil seie å ha høg beredskap, seier Støre.

Han meiner lekkasjane frå Nord Stream-kablane har «alle teikn på å vere ei bevisst handling».

Støre ville ikkje spekulere i om eventuelle angrep på norske installasjonar ville vere eit angrep mot Noreg, men at ein skal undersøke vidare kvar desse angrepa kjem frå.

Fanga opp eksplosjonen frå satellitt

Satellittselskapet Planet meiner dei har klart å fange opp augeblikket då ein av røyrleidningane sprakk, kring 13 nautiske mil frå kysten til Bornholm.

Biletet blei teke av ein Dove-satellitt måndag. Zoomar ein skikkeleg inn, viser dei ein sirkel lik den som det danske forsvaret tok bilete av i løpet av tysdagen.

Satellittbilete av den danske øya Bornholm.

Satellittbilete av den danske øya Bornholm.

Foto: Planet Labs PBC
Gasslekkasje fra satellitt

Bilete av lekkasje frå Nord Stream, teke av Dove-satellittane.

Foto: Planet Labs PBC / Planet Labs PBC

Målestasjonar i området registrerte måndag kraftige eksplosjonar under vassflata på dei same stadane som lekkasjane er oppdaga, melder SVT.

Også president for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen kommenterte lekkasjane på Twitter seint tysdag kveld.

– All tilsikta forstyrring av aktiv europeisk energi-infrastruktur er uakseptabelt, og vil føre til sterkast mogleg respons, skreiv von der Leyen.

Les også: – Norsk gass sannsynlegvis det største sabotasjemålet i heile Europa akkurat no

Geir Hågen Karlsen i NRK Debatten 27. sept. 2022
Geir Hågen Karlsen i NRK Debatten 27. sept. 2022

Russland avviser skuldingar om sabotasje

I eit offentleg utsegn onsdag seier Kreml at det ikkje er i deira interesse å sette Nord Stream-røyrleidningane ut av drift. Det melder AFP.

Dei hevdar det er «dumt og absurd» at Russland blir skulda for å stå bak sabotasjen.

Samtidig hevdar den russiske gassgiganten Gazprom at usemje om fraktkostnader kan føre til sanksjonar mot ukrainske Nftogaz, melder Bloomberg.

Dette vil i så fall gjere at Turk Stream, den mindre gassrøyrleidninga som går gjennom Tyrkia, blir den siste aktive gassleidninga i Europa.

Kartet under viser nettverket med gassrøyrleidningar ut i Europa, slik det er i dag. Nord Stream 1 og 2 mellom Tyskland og Russland er ute av drift på ubestemt tid.

Kart over Europa som viser noen av de russiske gassrørledningene som går fra gassfeltene nord i landet og til Tyskland og Italia.

– Det her kan vere eit teikn på at Moskva tenker å stenge av gasstilgangen til EU heilt, moglegvis med unntak av den vesle mengda gass som framleis kjem frå Tyrkia, seier energisjefen i Eurasia Group, Henning Gloystein, til den svenske Expressen.

Også gassanalytikar i ICIS, Tom Marzec-Manser, tolkar dette som ein del av noko større.

– Det verkar som om Nord Stream 1 og 2 berre var eit forspel til det her. Dersom Russland strupar tilgangen gjennom Ukraina kan ikkje EU håpe på ein u-sving, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt