Hopp til innhold

Statsministeren om gasslekkasjen: – Styrka mistanke om at det var med vilje

Equinor og politiet skjerpar beredskapen ved norske olje- og gassanlegg i Noreg, medan Forsvaret seier dei står klare til å støtte. Statsministeren seier det per no ikkje ligg føre trugslar mot norske olje- og gassinstallasjonar.

Politibil på Kollsnes prosessanlegg i Øygarden

POLITIET PÅ PLASS: Ved prosessanlegget for gass på Kollsnes i Øygarden, har politiet parkert ein bil utanfor anlegget.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Like etter klokka 15.30 starta statsminister Jonas Gahr Støre sin pressekonferanse om gasslekkasjen i Østersjøen og tryggleikssituasjonen på norske olje- og gassanlegg.

– Informasjonen vi har fått i dag styrkar ytterlegare mistanken om at dette var ei handling med vilje. Det har skapt ein svært alvorleg situasjon, seier Støre.

– Noreg er medviten vårt særlege ansvar om å vareta tryggleiken på norsk sokkel og som Europas største gassleverandør.

Støre fortel at kontroll med utvinning av petroleum på norsk sokkel no er definert som ein grunnleggande nasjonal funksjon (GFM). Også transport av gass frå norsk sokkel er definert som sokalla GFM.

– Ingen trugslar mot norsk sokkel

Statsministeren var klar på at det per no ikkje ligg føre konkrete trugslar mot norske olje- og gassinstallasjonar.

– Men vi må vera årvakne og ikkje vera naive, og ha tett kontakt med våre naboland. Og det er også derfor vi hevar beredskapen.

I tillegg til gasslekkasjen i Østersjøen, snakka også statsministeren om dei mange observasjonane av droner i Nordsjøen.

– Det handlar om droner av ulik storleik og vi har sett unormal høg aktivitet av droner på norsk sokkel i det siste. Aktiviteten har særleg vore aukande no i september.

Statsministeren orienterer om gasslekkasjen

PRESSEKONFERANSE: Statsministeren Jonas Gahr Støre orienterte om regjeringa sitt arbeid med beredskapen i Nordsjøen og på norske landanlegg.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Hevar beredskapen

Onsdag morgon melde NRK at Equinor har bestemt seg for å heve sikringsnivået i Noreg, som følgje av gasslekkasjen i Østersjøen og observasjonar av uidentifiserte dronar i Nordsjøen.

– Det er basert på den utviklinga vi har sett den siste tida. Det betyr at vi innfører sikringstiltak på kontorstader, installasjonar, forsyningsplassar, helikopterplassar, landanlegg og fartøy i Noreg, seier pressetalsmann Eskil Eriksen til NRK.

– Av omsyn til tryggleiken og effekten av tiltaka vi gjer, ønskjer vi ikkje å gå ytterlegare inn på dei tryggleiksvurderingane og sikringstiltaka som vi gjer, legg han til.

NRK får opplyst at beredskapsnivået vart heva i natt.

Onsdag føremiddag bekreftar politiet at også dei skjerpar tryggleiken ved norske olje- og gassinstallasjonar. Like før klokka 15.00 melder NTB at Forsvaret førebels ikkje hjelper til i skjerpinga av tryggleiken, men at dei står klare til å gi støtte.

Politibil på Kollsnes prosessanlegg i Øygarden

POLITIET PÅ PLASS: Ved prosessanlegget for gass på Kollsnes i Øygarden, har politiet parkert ein bil utanfor anlegget.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

– Vi er på alerten og kan ikkje vere naive

På prosessanlegget for gass på Kollsnes i Øygarden, er det etablert eige beredskapsteam beståande av lokal leiing og tillitsvald, som dagleg går i møte for å følge situasjonen tett.

– Vi føler vi blir råka av det som har skjedd dei siste vekene, seier klubbleiar for Industri Energi på Kollsnes, Odd Valvatne.

Vi veit kor viktig dette anlegget er for levering av gass, så vi er på alerten og kan ikkje vere naive.

Kollsnes Øygarden, tillitsvalgte Industri Energi. Nestleder Oddvar Jakobsen og leder Odd Valvatne.

HEVA BEREDSKAP: I natt fekk leiar Odd Valvatne (t.h) og nestleiar Oddvar Jakobsen i fagforeininga Industri Energi melding om auka beredskap på deira arbeidsplass på Kollsnes og alle Equinor sine andre anlegg.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Når NRK besøker anlegget onsdag, står det ein politibil parkert utanfor ved inngangen. Dei hjelper til mellom anna med ekstra sjekk av folk som skal inn på anlegget.

– Vi er ekstra årvakne. Det er grunna situasjonen i Østersjøen og det som har vore offentleg kjent om dronar mot petroleumsanlegg i Nordsjøen. Derfor er vi ekstra årvakne på land også, og har vore synlege mellom anna på Kollsnes, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.

Les også Nato-sjef seier lekkasjane er sabotasjehandlingar

Jens stoltenberg

Politidirektoratet: – Tek situasjonen på største alvor

Dette fordi politiet har sett i verk fleire tiltak for å auke beredskapen rundt norske olje- og gassinstallasjonar, skriv Politidirektoratet i ei pressemelding.

Der skriv dei at situasjonen blir tatt på «største alvor»

− Hendinga i Østersjøen gir grunnlag for å vidareføre og forsterke desse tiltaka, utan at vi kan gå nærare inn og kommentere på enkelttiltak. For politiet handlar det om å bidra til å redusere sårbarheit og sikre verdiar i ein usikker situasjon, kommenterer beredskapsdirektør Tone Vangen.

Det er PST som har ansvaret for å vurdere trusselsituasjonen i Noreg. Vangen seier politiet er i tett dialog med dei.

– Det blir fortløpande vurdert om det er behov for å treffe tiltak som svarar på ein eventuell utvikling i trusselbiletet.

Les også NRK svarer: Spør oss om krigen mellom Russland og Ukraina

Ung gutt ser den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj tale.

Forsvaret: – Står klare til å støtte

I ein e-post til NTB, skriv Forsvaret at dei førebels ikkje hjelper til i den skjerpa beredskapen på norske olje- og gassinstallasjonar.

Men dei står klar til å bidra.

– Forsvaret følgjer situasjonen nøye og er i tett dialog med politiet for å få ein felles forståing av situasjonen. Vi er klare til å støtte, og ser på kva Forsvaret kan hjelpe politiet med gjennom bistandsinstruksen, skriv Jonny Karlsen, talsperson for Forsvarets operative hovedkvarter, til NTB.

Vakter på fylkestinget

På Mongstad er det også plassert ut vakter i forbindelse med at Vestland fylkeskommune har lagt sitt siste fylkestingsmøte til Mongstadhallen, som ligg like ved oljeraffineriet til Equinor.

Securitas på fylkestingsmøte

VEKTAR PÅ PLASS: Vestland fylkeskommune har fylkestingsmøte i Mongstadhallen, like ved oljeraffineriet til Equinor. Her er vektarar på plass, noko som er uvanleg på møta.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er ikkje vanleg at me har Securitas-vektarar på møta våre. Men Equinor er vertskapet vårt og dei har sagt at dei vil ha ein vakt som følgjer oss opp, og så kjenner me til at Equinor har ein auka beredskap no, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Eg er glad for at Securitas er her for å vakte fylkestinget. Samtidig viser det den svært alvorleg tryggleikspolitiske situasjonen vi står i, seier Noralv Distad (H).

Natalia Golis (MDG) fortel at den spente politiske situasjonen gjer ho kvalm.

– Det er veldig spesielt å vere på fylkestingsmøte like ved oljeanlegget på Mongstad med vakter som passar på, seier ho.

Natalia Golis (MDG) i Vestland fylkesting.

REAGERER: Natalia Golis (MDG) fortel at ho blir kvalm av den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa og Noreg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Skummel situasjon

Også medlemsbedriftene i Offshore Noreg har bestemt seg for å heve sikringsnivået ved alle helikopterterminalar og forsyningsbasar, melder DN. Det skjer i samsvar med styresmaktene sitt råd om å auke beredskapen rundt olje- og gassinstallasjonar.

På Gjøa-plattforma utanfor Florø hevar ein også beredskapen grunna denne oppfordringa.

– Situasjonen i Østersjøen og droneaktiviteten på norsk sokkel er noko vi tek svært alvorleg. Det er ein oppsiktsvekkande og skummel situasjon. Eg vil ikkje seie at det er utrygt å vera offshorearbeidar no, men vi ynskjer å vera på den sikre sida og difor hevar vi tryggleiksnivået, seier kommunikasjonssjef i energiselskapet Neptune, Liv Jannie Omdal.