Hopp til innhold

NASA utset rakettoppskyting

Prøveoppskytinga av ein ny type rakett, som skulle skje frå Cape Canaveral i Florida i ettermiddag, er utsett til i morgon.

Tilskodarane utanfor Kennedy Space Center måtte innsjå at prøveutskytinga vart utsett.

Tilskodarane utanfor Kennedy Space Center måtte innsjå at prøveutskytinga vart utsett.

Foto: Matty Stroshane/Getty Images / Scanpix/Reuters

Den nye raketten skal etter planen kunne brukast til bemanna romferder til månen. Også romferder til planeten Mars kan bli aktuelt aktuelt med denne raketttypen i framtida, blir det opplyst.

Prototypen av den nye bereraketten Ares I-X vart klargjort for oppskyting i går, men veret var ikkje bra nok til å gjennomføre oppskytinga etter planen i dag.

Den tidlegare Apollo-astronauten Al Worden var blant dei mange som venta spent på prøveutskytinga.

Den tidlegare Apollo-astronauten Al Worden var blant dei mange som venta spent på prøveutskytinga.

Foto: Scott Audette / Scanpix/Reuters

Prøveoppskytinga av Ares I-X markerer eit førebels høgdepunkt i det tre år lange arbeidet med Constellation-programmet, eit nytt program for bemanna romferder.

Programmet vart sett i verk av dåverande president George W. Bush, etter katastrofen med romferja "Columbia" i 2003.

SISTE NYTT

Siste nytt