Hopp til innhold

Nær 200 barn har fått påvist akutt hepatitt

Eit større hepatittutbrot blant barn bekymrar helsemyndigheitene i Storbritannia. No er det påvist tilfelle i totalt tolv land – også Noreg.

Hepatittviruset.

Akutt hepatitt er påvist hos barn i mellom anna Noreg, Danmark, Spania, Israel, Japan og USA.

Illustrasjon: Colourbox

Så langt har 190 barn verda over fått påvist akutt hepatitt, som er ein alvorleg leverbetennelse.

17 av dei blei så sjuke at dei trengde levertransplantasjon, skriv The Guardian.

Sjukdommen kan gi gulsott, diaré og magesmerter, og blei først registrert i Skottland 6. april. Sidan den gong har 110 barn i Storbritannia blitt lagt inn på sjukehus på grunn av viruset, opplyser landets helsemyndigheiter.

Eitt barn har døydd i samband med sjukdomsutbrotet, meldte Verdas helseorganisasjon (WHO) på laurdag. Det er ikkje kjent kva land dødsfallet skjedde i.

FHI: – Uvanleg situasjon

Det kan vere mange forskjellige årsaker til at barn får hepatitt, seier overlege ved Folkehelseinstituttet (FHI), Margrethe Greve-Isdahl.

– Det som er nytt no er at det har blitt ei opphoping i Storbritannia spesielt. Dei har funne fleire tilfelle av akutt hepatitt over kort tid og i ei ung aldersgruppe, som er uvanleg.

Margrethe Greve-Isdahl i FHI

Overlege Margrethe Greve-Isdahl seier vi framleis veit for lite om utbrotet.

Foto: Ola Vatn / NRK

Ifølge WHO er dei smitta barna i aldersspennet ein månad til 16 år. Dei fleste under ti.

– Det er det som har gjort at Storbritannia har sendt ut varsel til dei andre europeiske landa og til WHO, om at dette er ein uvanleg situasjon, seier Greve-Isdahl.

Sjølv om akutt hepatitt no er påvist i tolv land, er det ikkje bevist at sjukdommen har spreidd seg frå Storbritannia til andre land.

– Det er heller ikkje slått fast at det har spreidd seg i Storbritannia. Det er to av tilfella i Skottland der dei smitta hadde vore i kontakt med andre med liknande symptom. Det gir ein indikasjon på at det kan vere smittespreiing, men elles er det enkelttilfelle som har oppstått rundt omkring.

– Så det er ikkje sikkert at det smittar frå person til person i det heile tatt?

– Eller så er dette alvorlege sjukdomsbildet toppen av isfjellet. Om det er eit virus, kan det smitte frå person til person utan at ein har så mykje plager, så er det enkelte som blir meir alvorleg sjuke. Då får vi ein mykje større geografisk speiding på dei som blir alvorleg sjuke, seier Greve-Isdahl.

Les også Meinar vi kan for lite om søvn – Tobias (7) skal hjelpe på det

Tobias sit på sengekanten på eit sjukehusrom med leidningar og elektrodar over heile kroppen. Han smilar og har nett vakna. Bak han ser vi maskiner som føl med på alt frå rørsler til pust og puls. Faren sit bak i ein stol.

To barn innlagt med hepatitt i Noreg

20. april meldte FHI om tilfelle av akutt hepatitt hos to barn ved norske sjukehus.

FHI vil ikkje gå i detalj om tilstanden til dei norske barna, men seier generelt at barn blir lagt inn på sjukehus med hepatitt kvart år.

– Det vi prøver å gjere no er å sjå om dei passar både i tid og med WHO-definisjonen, så kartlegg ein ut frå ei lang smørbrødliste av ulike ting som kan forårsake hepatitt, for å sjå om det finst fellestrekk, seier Greve-Isdahl.

FHI-logoen på ein vegg.

FHI har sendt varsel om hepatittsmitten til alle barneavdelingar i landet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Blant barna som er smitta i Europa no, er det ikkje påvist virus som oftast blir sett i samanheng med leverbetennelse, som hepatittvirus A, B, C, D eller E.

– Bør foreldre vere bekymra?

– Det er ein veldig, veldig sjeldan tilstand. Det viktigaste er at foreldre tar kontakt med helsetenesta viss dei er bekymra for sitt sjuke barn. Jo yngre barnet er, jo tidlegare skal ein ta kontakt.

Fleire hypotesar

Britiske helsemyndigheiter prøver å finne ut kva som kan vere årsaka til sjukdommen. Ein teori er at fråværet på anna sjukdom enn covid-19 dei siste åra, no fører til meir alvorleg sjukdom. Immunsystemet vårt har ikkje blitt trent opp mot spesifikke smittestoff.

Undersøkingar frå britiske myndigheiter nemner også at tidligare infeksjon av for eksempel covid-19, eller ein annan infeksjon, kan vere ein medverkande faktor.

Covid-19 Antigen hurtigtest

Ein av hypotesane er at hepatitten er ein biverknad av koronasjukdom.

Foto: Erik Johansen / NTB

– Den hypotesen som står sterkast er den som har med adenovirus å gjere, seier FHI-overlegen.

Adenovirus er eit svært vanleg virus som kan gi luftvegssymptom og omgangssjuke-symptom. I Storbritannia viste 40 av 53 hepatitt-smitta teikn til adenovirus-infeksjon, ifølge Reuters.

– Vi har hatt adenovirussmitte gjennom heile pandemien, men det kan vere undergrupper av adenoviruset som no har fått sterkare smittespreiing. Så kan det vere det viruset i kombinasjon med noko anna, som koronaviruset.

– Også er det framleis opent om det kan vere heilt andre ting.

Brukarar på sosiale medium har spekulert i om hepatittsjukdommen skuldast koronavaksinasjon. Det er ikkje vist nokon samanheng om dette ifølge denne faktasjekken.

– Barna i Storbritannia har stort sett alle vore for unge til å bli vaksinert, så det er ingen av dei som har fått vaksine. Det er ikkje noko fellestrekk her, fortel Greve-Isdahl.

Les også Apotekene selger humbug

Portrett av lege og skribent Kaveh Rashidi

SISTE NYTT

Siste nytt