Hopp til innhold

Mørk tid for den katolske kyrkja

Den katolske kyrkja får ikke fred - sjølv ikkje i påskeveka.

Katolske kirken
Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det har vore ei tung veke for den katolske kyrkja, i konkret forstand.

Påskeveka er den mest sentrale i året, der lidingshistoria til Kristus blir gjenskapt i eit stemningsfyllt seremoniell som trekk til seg millionar av elles passive kyrkjegjengarar.

I år har det ikkje vore like opplagt for dei å søke til kyrkja. Rapportane om sexovergrep og barnemishandling har sjokkert og opprørt og fått mange til å snu ryggen til Guds hus.

Enkelte samanliknar situasjonen med kyrkjesplittelsen i middelalderen og seier at utfordringa for den katolske kyrkja er minst like stor i dag som den gongen.

Underkultur

Pave Benedict XVI

Pave Benedict XVI har fått ei tung bør å bere.

Foto: ALESSANDRA TARANTINO / AP

Ei fersk tysk meiningsmåling fortel at tilliten til den katolske kyrkja nesten er halvert dei siste par månadene.

Avsløringane rullar over Europa og synest ikkje å sjå noen ende.

Det som starta i USA og fortsette i Irland og etter kvart i Nederland, Tyskland, Austerrike og Sveits, kan ikkje lenger forklarast som eit geografisk avgrensa uvesen og lokalt problem, men vitnar om ein grufull underkultur som har fått leve uforstyrra nær sagt overalt.

På internat og i barnekor, i sakristi og på lærarrom. Noen jenteoffer, men dei aller fleste gutar.

Kanskje har det vore slik i århundre.

Vi veit nå at kyrkja har kjent til overgrep i alle fall dei siste 50 åra. Og har børsta det under teppet. Flytta overgriparar vekk når det ikkje lenger var teppe nok til å dekke ugjerningane, gitt presten eit nytt sokn - og nye barn å forgripe seg på.

Skandalar verda rundt

I USA begynte dette å rulle alt på 1990-talet, og det er underleg at ikkje Vatikanet såg kva som kom. Og det kan nesten synast som om det rekna med at skadene kunne avgrensast til andre sida av havet.

I løpet av tre år blei 700 amerikanske prestar avsette, mens kyrkja betalte ut mellom 10 og 15 milliardar kroner i erstatning til ofra i USA.

Kanskje trudde pavekyrkja også at det ville stanse i Irland, da skandalen flytta seg dit. Der har to bispar alt gått av og fleire andre står for tur.

Først nå når bølgja av avsløringar beveger seg inn i Italia - overgrep ved ein døveskole i Verona er erkjent - og skandalane har rykka inn i næraste nabolaget til Vatikanet, først nå ser det ut til at paven bryr seg.

Italia har 50.000 katolske prestar, og marerittet er at det skal eksplodere i pavekyrkjas eigen hage.

Terapi og tilgiving

Katolske kirken

For mange prestehendar har vore på stader dei ikkje skulle vore.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP

Pave Benedikt har i det siste sendt fleire brev der han på vegne av kyrkja ber ofra om unnskyldning.

Han har omtala forholda i Irland som kriminelle. Det er nytt i Vatikanet.

Men Benedikt vil gjøre det på sin stillferdige måte.

Offentleg snakkar han bare indirekte om temaet, og han blir stadig sterkare kritisert for at han ikkje står fram og fordømmer overgrepa og luftar ut og reagerer overfor dei som har holdt den beskyttande handa si over overgriparane.

Å varsle gransking av tilstandane i Irland nå, kjem lovleg seint når irske styremakter alt har gjennomført to granskingar og blant anna funne at kyrkjeleiarane har fått politiet med på dekkoperasjonane sine.

Samtidig slit Benedikt med enkeltsaker knytta direkte til hans eiga fortid som kardinal. Da heitte han Joseph Ratzinger og sat i mange år som leiar for det mektige kontoret i Vatikanet som fekk alle rapportane om påståtte overgrep.

Der var praksisen terapi, tilgiving og forflytting når pedofilisaker kom på bordet. I staden for å etterforske og stanse uvesenet.

Omsynet til kyrkjas rykte var viktigare enn omsynet til småbarn.

Ved eitt høve skal Ratzinger ha fått rapport om ein amerikansk prest som hadde forgripe seg på 200 elevar ved ein katolsk døveskole. Da sette kontoret bare strek fordi presten angra seg, og det var så lenge sidan, og han var blitt så gammal.

Autoriteten truga

Pave Benedict XVI

Paven er sjølv i ferd med å bli innhenta av den fortia fortida.

Foto: ALESSANDRA TARANTINO / AP

I dag er det få som vil slå seg til ro med at alt som er avslørt, skjedde for 30 og 40 år sidan og at «slikt ikkje lenger skjer, så la oss legge det bak oss».

I staden roper noen på pavens avgang, andre på opphevinga av det katolske sølibatet.

Det kjem ikkje til å skje.

Men den rullande skandalen er ein trussel mot den katolske kyrkja. I Irland har kyrkja alt tapt.

Nå er det autoriteten til sjølve pavestolen som er truga. Den sterke, moralske røysta i kampen mot fattigdom og all slags sosial urett.

Røysta til forsvar for dei svake.

SISTE NYTT

Siste nytt