Hopp til innhold

Mitchell utset Midtausten-reise

Den amerikanske Midtausten-utsendingen George Mitchell har utsette ei reise til regionen.

George Mitchell blir ny amerikansk Midtausten-utsending.

George Mitchell har utsett ei planlagd reise til Israel og dei palestinske områda.

Foto: TIM SLOAN / AFP

Årsaka er truleg det forverra forholdet mellom USA og Israel etter at Israel la fram planar om å byggje 1600 nye husvære i Aust-Jerusalem.

USA har reagert sterkt på at Israel kunngjorde planane medan visepresident Joe Biden var på besøk i landet.

- Den ameirkanske ambassaden i Israel har varsla oss om at USAs spesielutsending George Mitchell ikkje kjem til Israel i dag, slik planen var, heter det i ei kunngjering frå den israelske presidenten Shimon Peres sitt kontor.

Før kunngjeringa av dei nye planane hadde palestinarane godteke eit amerikansk framlegg om å starte indirekte forhandlingar med Israel.

No har dei palestinske styresmaktene gjort det klart at dei ikkje vil ta opp igjen forhandlingane før Israel stansar utbygging av nye heimar i busetjingar på okkupert jord.

LES OGSÅ: – Truer med å gå ut av regjeringen

LES OGSÅ: - Dette skjer kvar gong USA går inn i fredsforhandlingane

LES OGSÅ: Israel tviler på USA-engasjement

LES OGSÅ: Vil starte fredsforhandlingar igjen

LES OGSÅ: Vil starte fredsforhandlingar igjen

SISTE NYTT

Siste nytt