- Dette skjer kvar gong USA går inn i fredsforhandlingane

Samstundes som USAs visepresident Joe Biden vitjar Midtausten, varslar Israel 1600 nye jødiske bustader i Aust-Jerusalem.

Joe Biden og Benjamin Netanyahu.

Joe Biden (t.v.) og Benjamin Netanyahu på ein felles pressekonferanse i Jerusalem tysdag.

Foto: Ronen Zvulun / Scanpix/Reuters

Palestinernes sjefsforhandler Saeb Erekat

Saeb Erekat er oppgitt over dei nye israelske planane om 1600 nye bustader i Aust-Jerusalem.

Foto: Cris Bouroncle / Scanpix/AFP

USAs visepresident Joe Biden kom til Midtausten i går kveld. I dag har han møtt statsminister Benjamin Netanyahu og andre toppar i israelsk politikk. I morgon går turen til Vestbreidda for å møte dei viktigaste palestinske leiarane.

Lite optimisme

Det er lite optimisme å spore. Den palestinske sjefsforhandlaren Saeb Erekat er oppgitt. Han seier at kvar gong USA prøver å blåse liv i fredsprosessen, kjem det meldingar frå den israelske regjeringa om at dei har godkjent nye busetjingar på okkupert land.

Den siste godkjenninga gjeld 1600 nye bustader i busetjinga Ramat Schlomo i Aust-Jerusalem. Israel har innført ein 10 månader land stans i utbygginga av israelske busetjingar på Vestbreidda, men denne stansen gjeld ikkje for Jerusalem og nærliggjande område på Vestbreidda.

LES OGSÅ: Israel tviler på USA-engasjement

LES OGSÅ: Barak: – Goldstone-rapporten oppfordrer til terror

Nabil Abu Rudeina er talsmann for

Nabil Abu Rudeina er talsmann for dei palestinske styresmaktene.

Foto: Nicholas Kamm / Scanpix/AFP

Kort tid etter at godkjenninga av dei 1600 nye bustadene i Aust-Jerusalem vart kjend, sa ein palestinsk talsmann at planen vil få konsekvensar for dei planlagde indirekte forhandlingane med Israel.

- Vi ser på den israelske avgjerda som eit bevis for at det amerikanske forsøket på å få til forhandlingar har stranda før dei indirekte forhandlingane har kome i gang, seier ein sint Nabil Abu Rudeina.

- Ikkje reelle forhandlingar

Saeb Erekat seier at Israel passar på å leggje fram nye planar om utbygging av busetjingar kvar gong USA engasjerer seg for å få til forhandlingar. Det viser at Israel ikkje ynskjer reelle forhandlingar, meiner han.

BBCs Midtausten-ekspert Roger Hardy meiner USA har liten sjanse til å lukkast med å få partane tilbake til forhandlingsbordet. Han trur ikkje at viljen til indirekte samtalar vil føre til eit gjennombrot i kontakten mellom Israel og palestinarane.

- Israel meiner dei er sterke nok til å motstå press om kompromiss, og president Mahmoud Abbas er redd for at alle innrømmingar og kompromiss vil svekkje hans frå før svake posisjon blant palestinarane, seier han.

Dette er årsaka, seier Hardy, til at USA har sett seg eit mindre ambisiøst mål, å få i gang indirekte samtalar med Washington sin spesielutsending George Mitchell som meklar.

George Mitchell er venta tilbake til Midtausten i løpet av neste veke.

LES OGSÅ: Vil utstede arrestordre på Netanyahu

- Enda i tårer

Joe Biden vitja ein krigskyrkjegard i Jerusalem.

Joe Biden vitja blant anna ein israelsk krigskyrkjegard i Jerusalem.

Foto: Ariel Schalit / Scanpix/Reuters

Hardy minner om at det første forsøket til Obama-administrasjonen enda i tårer. Kravet om full stans i bygginga av busetjingar førde til konflikt med regjeringa til Netanyahu, og Obama måtte bøye av.

Biden er den mest framståande frå Obama-administrasjonen som har besøkt Israel og Vestebreidda sidan Obama tok over Det kvite hus i januar.

Joe Biden gjorde det klart i Jerusalem i dag at USA står fullt ut bak Israel når det gjeld spørsmålet om den jødiske staten sin tryggleik. Han sa også at USA og Israel har samanfallande syn på at det er naudsynt å hindre at Iran utviklar atomvåpen.

Det iranske atomprogrammet har truleg stått høgt oppe på dagsordenen under møta i Jerusalem i dag.

- Grip sjansen

Biden oppmoda i dag sterkt begge partar i konflikten mellom Israel og palestinarane om å gripe denne sjansen til nye forhandlingar.

Han sa at USA håpar på ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane, men også mellom Israel og Libanon og Syria, som igjen kan føre til normalisering av forholdet til andre arabiske land.

Det har ikkje vore direkte forhandlingar mellom palestinske leiarar og israel sidan den israelske militæraksjonen på Gazastripa i desember 2008 og januar 2009.

LES OGSÅ: Vil forhandle mot byggestopp

LES OGSÅ: Berlusconi vil ha Israel inn i EU

SISTE NYTT

Siste nytt