Hopp til innhold

Vil starte fredsforhandlingar igjen

Israels statsminister og den palestinske presidenten er samde om å starte fredsforhandlingar igjen så snart som mogleg.

Barack Obama, Benjamin Netanyahu og Mahmoud Abbas
Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERS

Dette vart stadfesta av Israels statsminister Benjamin Netanyahu etter eit møte mellom han, president Mahmoud Abbas for palestinarane og USAs president Barack Obama i New York i dag, melder Reuters.

- Det hastar med fredsforhandlingar

Tidlegare i dag gav USAs president Barack Obama israelarane og palestinarane streng beskjed om å skunde seg med å starte fredsforhandlingar.

- Suksess er avhengig av at alle partar ser at det hastar, sa Obama før møtet mellom dei tre.

Trass i at utsiktene for noko gjennombrot i forholdet mellom dei to partane er dårlege, har Obama greidd å få Netanyahu og Abbas til å gå med på å møtast.

- Det er på tide å ta til å snakke om forhandlingar. Sluttforhandlingane om dei mest splittande sakene må starte snart, sa Obama før møtet mellom dei tre starta.

Krev større innsats

Obama gjentok at israelarane må avgrense utvidinga av busetjingane. Samstundes rettar han klare krav til palestinarane om å bidra til rørsle i fredsprosessen.

Obama hadde separate møte med dei to partane fyrst, før alle tre kom saman til ein felles samtale. Han varsla at USAs spesialutsending til Midtausten, George Mitchell, skal møte israelske og palestinske forhandlarar igjen neste veke.

Ville ikkje møtast

Israels statsminister Benjamin Netanyahu møter den palestinske presidenten for fyrste gong sidan han kom til makta i mars.

Abbas sto lenge fast på at han ikkje ville møte Netanyahu før Israel stoppa utvidinga av busetjingane på den okkuperte Vestbreidda, men har no endra meining.

Abbas hardt pressa

Dette får han kritikk for frå fleire hald på heimebane. Den islamistiske Hamas-rørsla skuldar Abbas for å dolke det palestinske folket i ryggen ved å møte Netanyahu, skriv den israelske avise Haaretz.

Nokre personar i Abbas si eiga Fatah-rørsle har også åtvara han mot å delta.

Sosialistane i Det palestinske folkepartiet (PPP) meiner at truverde til den palestinske leiarskapen står på spel og har også bede Abbas om å ikkje vere med på møtet.

Medarbeidarane til Abbas' har tona ned verdien av møtet og hevdar at presidenten berre er til stades for å vere høfleg. Det vert også understreka at møtet i New York ikkje er å rekne som forhandlingar av noko slag.

Også Det kvite hus har dempa forventningane om noko gjennombrot i forholdet mellom Israel og palestinarane.

SISTE NYTT

Siste nytt